27. november 2015

Kva no?

Då var den levert. Bacheloroppgåva mi. Som eg hadde lyst å kaste ut av vinduet, men også ønska eg å passe godt på den, og holde den tett til brystet så ingen fekk gjere den noko. Eg trur det at slike oppgåver, som ein jobbar med så tett og lenge med over tid blir litt som "babyen" din. Det er i alle fall litt slik det føles. Er dritlei den, på samme måte som eg aldri vil levere den fra meg. Misforstå meg rett her, når eg seie baby. Eg hadde ikkje kasta en baby ut av vinduet.

Hugsa der Brænne safta? Den er kommet inn på Coop Extra her i Førde, og den blei kjøp inn for å feire med, da eg enno er sjuk
Fra SnapChat

Så.. kva nå? Det er siste innspurt på skulen dei neste to vekene. Litt meir forelesning om rettar i arbeidslivet, pasientrettar og ligande, framføring av oppgåva og, plutselig ferdig? Kor blei dei tre åra av da? Eg føler meg ikkje klar for å vere ferdig. Eg kan det eg skal kunne, det veit eg. Og eg er ekstremt nysgjerrig, så eg lære mykje heile vegen. Men ferdig på skule? Null meir arbeidskrav og eksamen? Gruppeoppgåver og studentfestar. Plutselig kan eg faktisk tittelere meg som sjukepleiar. SÅ SKUMMELT, men SÅ KJEKT! Skrekkblandet fryd, er ikkje det noko? Og der er absolutt mest fryd i den jenta her, men litt skrekk også, då det er skummelt å plutselig vere voksen, ansvarlig og heile pakka.


Eit bilete av eit tidligare utkast. Eg er glad for å ha levert denne oppgaven nå altså. Endeleg skal eg få praktisere sjukepleie! ... Eg må berre skaffe meg jobb først.

Ingen kommentarer: