27. september 2012

Uniformen min!

Tenkte eg berre skulle vise dokke litt av uniformen min, eller som det heter på blogg-språket, "Dagen (årets, i mitt tilfelle) outfit!"

Eg la meg med vått hår, så sjekk fluffy'n da!

Dette er "US" (Uttales JUES) som er sjøforsvarets arbeidsuniform.

Alt utstyret er (sjølvsagt) fra Forsvaret, Kleslageret på Madla! (Høhø!)

26. september 2012

Infodag på Madla - Forberedelser

Den 9.-10. oktober skal eg og Amalie Holm som er på SHAPE tilbake på Madla for å delta på informasjonsdagen med eit foredrag om jobben her nede. I samanheng med dette sitter eg nå og brettar infohefter. Eg skal brette for NATO HQ i Brüssel og her i GK/JFC, medan Amalie tar seg av SHAPE sitt. Det er utrulig mange rekrutter der, og eg skal ha nok til to dager, så eg sliter litt med å klare å bestemme meg for kor mange infohefter eg skal brette. Dersom alle gjer slik som eg gjorde, så gjekk eg på alle standene som er interessante og tok eit hefte fra alle. Der er rundt 1000 rekrutter, så det seie vel litt om mengden eg må lage. Til nå har eg bretta 200 (av totalt 350) infohefter til GK og 170 til Brüssel, enkelt og greit fordi dei er så mykje arbeid med. Klarer ikkje bestemme meg for om eg skal lage fleire eller ikkje. Eg veit da ikkje kor mange som kommer til å vere interessert, men eg veit at det er ofte eit 3-sifra tall som pleier å søke på denne stillinga, så da er det vel greit å vere forberedt?
- Dersom dei gjer slik som eg gjorde (gå på alle standane og ta eit hefte,) er eg dessverre ute på litt tynn is.

På denne scena skal vi stå å prøve å interessere trøtt og leide rekruttar. "Oh the joy".
I tillegg skal vi i etterkant stå på stand og svare på spørsmål. - Det er det infoheftene er til.
Bildet er lånt av " http://armysimon.wordpress.com/"


23. september 2012

Historien om å fly AWACS

For rundt ein måned sidan var eg og min roommate Susanne ute å fløy med AWACS. Dette var veldig spesielt og ei kul og annerledes oppleving.
Dagen byrja med oppmøte med den squadronen vi skulle fly med, kl. 0630 (lokal tid, siden dei som flyr snakker i GMT tid, eller EST eller noke sånn. Det er to timer tidsforskjell vertfall...), vi fekk briefing om kor vi skulle fly, korleis vêret var og kva som skulle gjerast, sikkert mykje meir også, men eg skjønte ikkje alle AAGE, GFES og RTWS'ane dei kom med (Dette er sjølvsagt forkortingar som eg kom på nå, hugsar dei ikkje, sidan eg ikkje fulgte med. Var ikkje så veldig interessant når du ikkje skjønte kva dei sa!) Og fekk litt sikkerhetsopplysningar.
- Dersom vi må nødlande, gjer slik.
- Brenner det, gjer slik. osv.
Eg kan vel seie så mykje som at vi fløy ikkje langt, og vêret var upåklageleg. litt over 30 grader, knall blå himmel og steikande sol. - Takk gud for air condition..
Så var det å gå ombord i flyet, sjekke at alt var i orden med tanke på maten som vi hadde bestilt, (som ikkje var der, forresten, så vi måtte vent til han kom med den, før vi kunne gjere noko meir. Mannen som hadde ansvar for meg og Susanne (veldig hyggelig fyr!) lovte oss det at det var forbudt for flyet å ta av med mindre alle hadde fått flightmealen sin) Etter ein liten halvtime kom den, og det var på tide å gjøre klar til å taxe fram til rullebana. Take-off skulle vere ca. 08.15, så etter å ha venta litt på maten, hadde vi begynt å få litt trangt skjema.
- Lettare sagt enn gjort. Nå viste det seg at altitude-målarane i cockpit var ulike, så det måtte fikses. Så mekanikerane sa at det ville ta kanskje ein time å fikse, så da var det bare å vente.. Eg veit ikkje kva klokka var når dei sa dei hadde fiksa det, men det tok meir enn ein time!
Så skulle vi starte motorar (eg satt i cockpit, og skule gjere det under take-off, KULT!), men motor 1 ville ikkje starte, så dei fiksa det på "Hokus pokus-vis". Klokka var nå nærare 10.30, og vi kunne endeleg taxe til rullebana. Det å få sitte sammen med piloten, maskinisten og navigatøren under take-off var virkelig ein opplevelse. Når vi var kommet høgt nok, kunne eg gå bak i flyet og sjå på alle skjermane og sjå kva som blei gjort. Veldig interessant, sjølv om vi skjønte lite. Fekk prøve å trykke litt fram og tilbake, og forklart det heilt basic, kva dei ulike prikkane var og kven som gjorde kva.
Etter mange lange tima, middagseting, brannøvelse og mykje forklaring der du som lytter smiler og nikker samstundes som du ikkje egentlig skjønnar kva dei sei.
Landingstid. Klokka er nærare 17.00 og vi begynner å gjere klar til landing. I AWACS så er det sånn at passasjersetene er heilt bakerst i flyet, vendt bak over, så man kan trygt seie eg vart dårlig. I tillegg har flyet minimalt med vinder. Det er i cockpit og på nødutgangdørene.
Med viftene på fult, vannflaska i hånda og ein liten anger på at eg åt så mykje middag, pusta eg letta ut når eg kjendte flyet traff rullebana. Her skjer det. Vi sakker ikkje av, og i eit millisekund tenkte eg "ÅGUD", men alle ser rolig ut, så eg stressa ikkje. plutselig kjenner eg at nasa på flyet vender opp igjen. Eg skjønte ingenting. "Vi tok en tuch and go." får eg beskjed om. Vere bort i bakken med hjula for så å ta av igjen.  - Pilottrening.
Eg var alt da begynt å bli litt dårlig, sidan det tross alt var nærare 35 grader ute, var det relativt godt med turbulens. Så da var det berre å vente litt da, siden vi nå måtte virkelig ta ein 360.
Da vi hold på med innflygninga spør han som sitte ved siden av meg om det går bra, fordi nå har eg slutta å smile. Eg smile så tappert eg kan tilbake og prøver å motstå fristelsen til hilse på middagen igjen. Nasa vender nedover igjen, og eg kjenner heile kroppen be til alle høgare makter om at vi ikkje tar enda ein tuch and go, siden han mannen ved siden av, sa at det var vanlig med 2-3 tuch and go.
Men nei, vi landa. Safe and sound. Eg hiver inn på flaska og kjenner at eg storgleda meg til å trekke frisk luft og ha beina planta på asfalten igjen.

Det viste seg da at han som hadde hatt ansvaret for oss hadde hatt sin siste flygetur, og det er ein tradisjon om at dei skal bli dynka i vatn. Tradisjon tru, stod fire brigde der, klar for å sprute på han. Eg misunte han litt. Vi hadde budd i eit kjølig og fint klima inne i flyet, og nå var det plutselig 35 grader.

Bilde funnet på nette, her ser du menna i aksjon

Lurer du på kva anna dei gjer på basen er nettisda deira linka her, E3-A component.

22. september 2012

Bess i sitt ess

Tenkte eg skulle dele dette bilete med dykk. Dette er den herlege hunden til pappa og Caroline, Bess.
Synes om overskrifta? .. Eg skal legge meg tidlig kveld, eg lovar.

21. september 2012

Ny hårfarge!

Har lenge tenkt på det, men endelig var eg klar. Det var på tide å gjere noko nytt med håret. Fargen er fra Schwarzkopf i fargen Chocolate! På ferdig bildet er håret fortsatt litt vått, så er liitt meir brun-skjer i det.
.. Og blås i dagens hår. I går fletta eg håret så eg hadde fine bølger, men måtte jo børste håret før eg skulle farge, så derfor leika eg puddel!
Før 

Nettopp ferdig å ha i fargen

Klar for å gå i dusjen!

Ferdig i dusjen

RESULTATET

RESULTATET

Bak














Edit: Såg nå at dette er innlegg nr. 100 på bloggen. Dette blei feira med is som hadde "sjokolade" utan på med sånn som knitra i munnen når du spiser det!

20. september 2012

Når ein les til eksamen er det viktig og ...

Passe på å få gjort mest mulig anna enn å lese. Dette kalles TV3 syndrom og har vore relativt godt utbredt på Trollhaugen siste vekene, hos meg hvertfall. Dette går ut på at du leser i 10 minutter, for så å gjere noko anna i 15 minutter eller lenger. Vaske kler, vaske gulv, rydde og andre veldig unyttige ting...
Formgjeving ? "Salt lakris stjerne"- ting
Bli fasinert av den store grønne gresshoppa som Susanne påsto beit.
Sminke seg litt!
Ta bilete av seg sjølv. Her har du "Dagens outfit" Heh.
Og når du først skal lese, så må ein gjere det slik. Det er viktig å legge seg i senga for å lese når du har planer om å lese mykje, gjer du ikkje det, er det stor risiko for at du våkner av at du holder på å falle ut av stolen. Slapp kropp + stol med hjul = skummelt!
Sove / lese - intervaller
Her får du dagens trim, snu hovudet heile 90 grader for å sjå dette biletet i riktig vinkel (Les: gløymte å snu det, men orka ikkje fikse det)

Skulle sjå oppgitt ut over lesing til eksamen, men dette er da like godt utrykk.

Sjå ut som om du helst har lyst til å brenne boka eller legge deg og sove.
Ellers har eg pådratt meg yrkesskade! Eller, den minst alvorlige typen skade ein kan få på kontor, men like vel er eg overbevist om at det er den mest smertefulle! papirkutt på tre fingre, og det eine slutta aldri å blø.
Den forulukka figeren.

Aua fingeren!

SJÅ MAMMA! Eg har fått like lange negler som deg <3>
Nå skal eg krype inn i eksamenslesningsbobla mi..

15. september 2012

Mareritt

I natt hadde eg eit mareritt. Det var sjølvsagt skummelt, og eg vakna fleire gonger, men begynte alltid å drømme samme drømmen. Ganske travelt igrunn. Denne drømmen hugsar eg så godt, at eg tenkte eg kunne dele den med dokke.
I drømmen er eg altså ombord på ein kystvakt båt, og vi (eg og to til) ligg på lugaren og sover på kvelds tid, siden vi skal på nattskift.
Vi blir vekt av en brå lyd, lyden av metall som blir benda ein veg det ikkje er meininga at den skal bli benda, og vi ser at det er ein liten innover bul i skroget på skipet der som lugaren vår er. Vi går opp og spør, men før vi er oppe, blir vi møtt  av mange redde folk som løper til lugarane sine og roper "SJØORM! ALLE TIL LUGARANE SINE!" Vi løp tilbake, og plutselig var det panorama vind på lugaren, ut i havet, og vi kunne sjå ormen. Den var virkelig grusom. Såg litt ut som på bildet nedenfor. Den snodde seg rundt skipet, og du merket at den elska og kunne sjå på deg, og sjå kor redd du var. Som om det var nok, at den ikkje trengte å ødelegge skipet, det var meir for kjedsomhetens skuld.. Det enda med at den snodde seg rundt skipet, og tok seg god tid til å sjå inn i alle lugarane, og markere seg alle som var der, før den knuste skipet, og eg vakna. Så smådrømte eg litt, om korleis vi klarte oss og sånn, før eg begynte å virkelig drømme igjen.


Fæl, ikkje sant?
Denne gangen var drømmen ikkje så fæl, fordi eg sov, men eg var bevisst på at eg drømte, så eg klarte og styre drømmen litt, slik at den ikkje vart så skummel. Men dette sjøorm-dyret var mykje smartare enn det forige, på ruta tegna den opp personane som var i rommet, slik at den kunne passe på at ingen rømte, så heile lugaren låg heilt i ro under dyna og lata som om vi ikkje eksisterte. Så klarte eg å bevege på meg. Kva trur dokke skjedde? ... Jo, eg hikka.. Så den tegna meg opp, og for vidare til neste lugar. Så kom vi på en plan, men ein måtte bli igjen og ta plassen til den som er tegna opp. Ei jente på lugaren tok på seg oppgaven, i håp om at vi skulle klare å jage unna, lure vekk eller noko anna lurt. Vi lista oss opp til dekk, og begynte å planlegge. Dyret kunne ikkje snu seg rundt skipet, siden den hadde ei anna form, lignande som på bildet nedanfor. Her er det litt blurry, fordi eg sovna fra kontrollen på drømmen, men så våkna eg av vekkerklokka, og bestemte meg for å slumre, slik at eg kunne bli ferdig med drømmen.
Eg hugsa ikkje kva planen var, og kva vi gjorde, men det enda opp med at vi blei gode venner med dyret, og  det bestemte seg for å beskytte oss, i staden for å drepe oss. Grei deal, eller kva?
Ein blanding av denne og ein badeleike eg hadde når eg var mindre.

Trøttetryne kl. 5 idag tidlig..

10. september 2012

What a weekend!

Altså, dokke har vell skjønt det at når eg skal ut å reise, så er det alltid noko som ikkje går som det skal. Denne gangen var ikkje noko unntak. Eg hadde bestilt det toget som gjekk 16.37, slik at eg var i DUS ca. 17.50, men dette toget var altså 25 minutter forseinka, noko som gjorde det at Susanne var ein ENGEL og kjørte meg til Düsseldorf. Da var eg der litt før halv 6, noko som førte til at eg var framme i Düsseldorf. Dersom eg hadde tatt toget, hadde eg akkurat gått inn på..
Flyet fra Düsseldorf til Oslo var i rute, og vi landet på tida, og alt var velstand. Så gjekk eg på Taxfree og fiksa siste tingene til folka heime, før eg gjekk igjennom tollen, sjekka inn på nytt og gjekk til gate. Eg sett meg ved gaten, og får beskjed om at flyet er forsinka med ein time, sidan dei manglar fly-crew. Så eg ringer Tore for å sei at vi blir ein time forseinka til Florø. Det er da det går opp for meg, eg sitter på feil Gate. Eg skal jo til Førde eg. Så eg legger på telefonen, og legger på sprang.
Eg skal fra gate 2 til 19F. Det tar ca. 8 minutter og gå, klokka er 21.55 og flyet skal ta av 22.15. Når eg kommer fram, står der Gate Closing, men eg var ikkje sist. Der var mange (til og med flyvertinna) som gjekk på rein vane ned til Gate 2-10.
Så kom fredagen og helgas hemmelighet kunne endeleg offentliggjerast. Mamma og Georg gifta seg i Førde!!
Gratulerer med dagen, begge to!
Klargjøring
Forlovarane 
Sorenskrivaren i Førde
Mamma og Georg etter middag
Seremonien var over før den begynte, nesten. Heile 5 minutt tok det! Så gjekk turen til Rica Hotell for å spise middag. Etter å ha tatt bilete, var det å hive seg i bilen og kjøre til Bergen, der det venta konfirmasjon til godaste Iselin! Etter veldig god middag, dessert og kake, var det tilbake på hotellet og slappe av.
<3 td="td">
Eg orka ikkje meir enn halve sjokoladedesserten, så Jørgen tok over. Alt går til Grisen, er ikkje det dét heite?
Fikk møte gutten min igjen!


Søndag var avreisedag, og ut-sjekk var 11.00, så vi (les:eg) bestemte oss for å bruke tida til å besøkte tanta og Thomas som også var i Bergen. Det var utrulig koselig



Fine "lille-"søskenbarnet 
Fine søskenbarnet! 
 Turen ned igjen, gjekk knirkefritt, bortsett fra toget som var 10 minutt forseinka, men eg vil kalle det heile den mest vellykka reisa mi så langt i forsvaret!

6. september 2012

Kva blir det neste?

I dag skal eg heim til vakre Noreg. Tingen er berre det, at kvar gang eg skal heim, så skjer det noko med flytrafikken. Eg nevner i fleng, vekterstreiken, flyeledermangel, forsinkelsar i luftrommet over heile Noreg og forsinkelsar ellers i luftrommet som gjer at ein minstar siste fly og må overnatte i Københamn.
Denne gangen er det streik i Lufthansa. Enn så lenge er det berre Berlin, Frankfurt og Munchen, men dei trapper fort opp.
Eg bekymrer meg fordi innsjekkinga til min flyvning som er med SAS, er med Lufthansa, sidan dei er medlem av Star Alliance.
Eg skal heim, uansett! .. med mindre verden har tenkt til å følge Murphy's law, alt som kan gå galt vil gå galt, og flyet styrtar. Dersom det skjer, vil eg bare sei at eg er ufatteleg glade i dykk alle!
(Viktig med litt galgenhumor i blant!)
Skal dessverre ikkje heim til Fagre Nordfjord denne gongen, ein heil månad til det. Er det ikkje nydeleg?


5. september 2012

Frisk, men sjukmeldt

Da har det seg altså sånn at eg er blitt sjukmeldt. Eg er ikkje sjuk. Bare smittsom.
Eg har altså pådratt meg augebetennelse, og det er tydeligvis smittsomt.
Det heile begynte med at eg tidligare har kjent at auga var litt "tørre", klødde, svei og verka litt. Tenkte ikkje så mykje over det, og tenkte at eg berre hadde litt tørre auge, også såg eg meg i spegelen, og det kvite i auga var ikkje kvitt lenger. Heller litt grå/gult. Så eg Googla det. Ikkje lurt kan ein seie. Google ha meg til å tru at eg hadde leversydom.
Måtte jo sjekke om eg såg feil da.. Men kamera oppfattet det også da!
Paranoid, much?
Så eg fann ut at det var kanskje best å vertfall høyre med Medic om dei kunne ta ei blodprøve, så eg fekk bekrefta at eg var heilt iorden.
Så eg gjekk ned, og ho ville sende meg til en spesialist, også kalt optiker da, som skulle sjå.
Han såg med en gang kva det var, og det heile tok vel rundt 5 minutter.
Fekk to forskjellege augedråpar, ein mot betennelsen og ein mot tørre slimhinner.
Tilbake på jobb, og alt var fint og flott, fram til Medic fekk brev fra optikeren med kva som var galt, og ba meg komme ned. Ho sa egentlig kort og greit at eg ikkje fekk vere på jobb resten av veka, sidan eg var smittsom (gnikka meg i auge og tar på ting). På ho virka det som om eg, lille "kid'n" født i 92, hadde planer om å gnikke meg i auga og ta på alt og alle.
Så nå sitter eg her og leser litt til eksamen med TV3 syndrom, leser i 10 minutt, og gjør andre ting inn i mellom. Lurer på å gå ut å klippe plen, men nå går det Harry Potter på TV!


Sååå, her er dagens sjuke-"outfit"