3. februar 2012

Blod, svette og tårer.

Da er det endelig helg. Det har vore ei vanvittig lang veke. Krigens krav, testing av CS-gass, hardhausen, feltdag, mykje våpen og relativt lite søvn.
Troppen har blitt ein enda meir sammensveiset gjeng, og det er berre heilt fantastisk kor godt så forskjellige folk, kan gå så lett sammen.
Vi har fått dreisen på morgenvask, og permvask begynner og å sitte som en rutine. Bikkestrekken har ikkje vore kritisert heile veka, gulvet kommentert ein gong, og brettekantar berre så vidt. Eg er veldig stolt over rommet mitt. Alle står på, og gjer ein super jobb.
Krigens krav var ikkje så ille som eg hadde trudd. Eg såg jo for meg at det skulle vere, unnskyld utrykket, heilt jævlig, men det var ikkje så grusomt som eg hadde trudd. Sjølvsagt var det tungt, og eg kasta nesten opp når vi var ferdig, men det er liksom blitt "ok" å kaste opp fordi du er så sliten.
CS-gass, derimot. Der er det ingenting anna og seie enn "Aldri igjen". Det var heilt ærlig det verste eg har vore med på. Auga svei, det dryppa tårer, dei renn ikkje liksom. Nesa var blitt omgjort til Niagara fallet, og halsen kjendis ut som om det var gnikka full av jalapeno (iPad'n hakke sånn "nj" tegn) og hostemuskelen fekk seg ei real treningsøkt. Det var vanskelig å puste og det var utrulig ubehagelig. Huda kjentes ut som den var skikkelig solbrendt og noken sto med hårføner og varma opp huda. Dét svei, skal eg fortelle deg! Dagen etterpå, var bihulene mine så reine som dei aldri har vore og huda svei egentlig enda, men fuktighetskrem og en skikkelig vask gjorde susen.
Hardhauser er på ein måte krigens krav, berre styrke-delen, på ein måte. Det var tungt, men ikkje så veldig utmattende, meir slitsomt der og da.
Festdag, var en lang dag. Over 12 timer ute i en del minusgrader, mykje "i ro sitting" og lite og lære, på en måte. Var berre fire poster så. Det kjekkeste var kamuflasje og forflytning. Telt var også gøy, men primus, det var ein leksjon som var unødvendig lang og kjedelig.
Vi har også begynt å trene til skyttermerket. Neste veke skal vi på skytebanen onsdag og torsdag, og fredag er det HH-løpet. 8-9 kilometer lang løype, der vi skal springe samlet tropp og ha "god stemning" som befalte vårt seie titt og ofte.



Gjørmeløypa, på en fin sommerdag. Den har høyrt mange stygge ord..

To be continued...

Ingen kommentarer: