30. oktober 2012

Dag 3 - Sør-Afrika

På biletet ser du Amalie Holm. Det er ho eg er i Sør-Afrika sammen med. Går kveld var vi på café caprise og spise middag, før vi gjekk vidare til puben Dizzy's for å sjå om der var litt liv.
På vegen gjekk vi i ganske djupsamtale, men plutselig mangler Amalie ved sidan av meg. Eg høyrer "klunk", og når eg snur meg står Amalie og holder seg til hode. Ho hadde tatt en skikkelig klassiker. Ho gjekk rett på en stolpe.

Dagen idag har vi brukt til på Waterfront. Vi var på kanal-tour og tatt pariserhjul. Vi har vore på kjøpesenter å kikka og spist god mat.
Nå er vi (Amalie) på hotellet for å ta ein Powernap, før det blir ein liten tur ut på livet, men ikkje for seint, sidan det er tidleg opp i morgon, da skal vi nemlig til kapp det gode håp!

29. oktober 2012

Dag 2 - Sør-Afrika

Hei,

I dag tok vi oss den frihet, å sov litt lenger enn i går. Vi spiste frokost på Rcafé, som ligger rett under hotellet vårt. Utrulig god mat, og gleder meg til å prøve noko nytt i morgon!
I dag har vi vore på ei anna rute med tourbussen. Denne gjekk rundt på baksida av Table Mountain, så du fekk sjå den vanvittige floraen som lever rundt om kring i Sør-Afrika. Vi gjekk av på vin-touren, gjekk ein liten tur på Groot Constantia og kjøpte ei flaske vin.
Så gjekk vi av på World of Birds, som er ein organisasjon som jobber med å hjelpe skadde og forlatte fugler, og å hjelpe utrydningstruede dyrearter.
Der brukte vi rundt to timer. Det var utrulig mange fugler å sjå, papegøye, pelikaner, gribb, flamingo, kråker, fasan, hauk, falk, ugle, turdelduer og utrulig mange andre fugletyper. Dei har også ein håndfull andre dyr, som Alpakka, Sjakal, Skilpadde, "Bambi", Marvin, grevling, og mange apetyper.
Dagens høydepunkt er uten tvil "Monkey Jungle", som er eit rom fult av relativt tamme "Herr Nilson". (null peiling på hvilken rase det et), dei klatret på oss, og det var skikkelig kult å ha holdt en ekte, levande ape!
Vi hadde eigentleg tenkt å reise på ein kanal-tour og ein tur til Roben Island, men dette blei dessverre ikkje noko av, sidan "Doktoren" i Cape Town (vinden) bestemte seg for å vere på besøk i dag.
Dette har ført til ein litt kjølig dag, men absolutt verdt det!

Amalie og eg har funnet ut at vi må ha måttet fått overdose av frisk luft i dag. Vi har ikkje vore ute sidan vi spiste frokost, og det samme gjaldt i går, og da spiste vi alt utan om middag på kvelden ute.
Planer for morgendagen er usikre, og det er bare tida som vil vise kva vi skal. Planene for kvelden er ein liten tur ut for å sjå på livet, før det blir kvelden.

På biletet her ser du dei flotte hårsveisane vi hadde etter å ha løpt i medvind eit par kvartal!

28. oktober 2012

Dag 1 - Sør Afrika

I dag har vore ein utruleg innholdsrik dag. Først stod vi opp, fekk spis litt frokost, før vi tusla bort til første stoppested til tourbussen. Vi tok denne rundt Cape Town og fekk sjå alt som er viktig å sjå. Vi gjekk av med Castle of Good Hope, og der var det nokon tropper som øvde til military tattoo neste helg, så det er mulig det er det vi gjer den siste kvelden vår i Sør Afrika. Etter det gjekk vi av på Table Mountan for å kunne ta taubana opp til toppen. Der "nytte" vi en liten lunch, eg bestile beefsub m/ chips og salat. Det som var trist var at brødet var seigt, chipsen kald og salaten inneholdt stort sett tomat, ikkje heilt min greie altså.
Vi tok så bussen vidare og stoppet i Camps Bay (stedet alle kjendiser og rikfolk og dei som er noke i Cape Town) og kjøpte ein is, for så å ta bussen vidare. Denne gangen tok vi bussen heilt til stopp, tilbake til Waterfront. Vi (Amalie) tok en kopp kaffe før vi gjekk på akvariumet "Two ocean" der det var mange flotte fisker og andre sjødyr.
Nå var det begynt å nærme seg solnedgang, så vi gjekk tilbake til hotellet for å skifte, gjekk tilbake til Waterfront for å vere med på nattour, som var ein busstur til Signal Hill for å sjå den nydelige solnedgangen.
Her streika bussen, så vi måtte vente på ny, så streika denne. Det heile vendte opp med at vi fordelte ca. 50/50.
Nå er vi endelig kommet tilbake på hotellet og skal ut å spise kvelds/middag.
Akkurat nå blåser det sterk vind ute, så det er relativt kaldt!
Ellers har eg også prestert å bli solbrent i ansiktet. Skal ha solkremen i veska i morga, nå har eg lært!

26. oktober 2012

Auf wiedersehen!

Da er dagen kommet. Dagen for avreise. I kveld reiser vi til Amsterdam, og sover der til i morga tidlig, siden flyet går 10.05, og det er greit å slippe å stresse.
Vi skal sitte på det flyet i nesten 12 timar, så håper det er god underholdning på flyet, visst ikkje, skal vi nok klare det sjølv!
Eg er utrulig spent!!

Muligheten for å blogge der nede ifra, veit eg ikkje. Muligens eg finner ein internettkafé, og eg har jo med iPad'n så det er da lov å håpe!

Uansett snakkes vi da om rundt to uker!



Tschüss!

25. oktober 2012

Å fly fra redet før ein er klar.

Hei,

Dette blir vel det mest personlege innlegget eg har postet så langt medan eg har vore i forsvaret. Eg tenkte egentlig eg skulle fortelle om korleis det egentlig føltes å flytte frå dei trygge omgivelsane heime på Stårheim og Erviksætra til Stavanger og til slutt ut i den store verda, til Tyskland.

Når eg var i Stavanger visste eg ikkje om så mange av tilbuda. Eg skulle jo i saniteten på Sessvoll og vidare på skip. Så hadde vi infodag, og eg ønska plutselig at eg kunne gå førstegangstjenesten minst tre gongar for å kunne gjer alt eg ville. Eg hadde lyst på NATO, kongeskipet, kystvakt og litt anna i tillegg til saniteten nå. Det var vanskelig å bestemme seg, sidan vi hadde relativt kort tid å tenke seg om på, men eg fann ut at det var best å søke på alt, og heller kunne takke nei.
Når vi fekk utdelt stillinger, hadde eg mest lyst på NATO, men fekk kongeskipet, og blei utruleg fornøgd med dette. Så opna NATO stillinga vart opna, og igjen måtte eg velge. Det store utland, eller tjeneste på båt. Eg ville jo så gjerne begge deler! Men pila halla mot NATO. Slike moglegheiter er ikkje ofte du kjem bort i, så eg fann ut at det fekk bære eller briste.

Eg fekk berre ei helg heime. Eg landa fredag 21.30 og tok av fra Sandane igjen mandag ettermiddag.
På den tida fekk eg sett dei viktigaste, sagt hei og ha det igjen og pakka ut det eg ikkje trengte meir.
Det var vanskelig å ha vore vekke frå alt kjendt i 2 månder, og berre få ei lita helg heime. Vertfall når det var første gongen eg nokon gong var vekk fra mamma og pappa så lenge. Tidligare hadde eg vore vekke i litt over tre veke, men det var ikkje det samme.
Dei to første helgane var på relativt "harde" fester, om du skjønner kva eg meiner. Eg sleit virkelig med heimlengsel. Stakkars Tore vart vekt midt på natta av ei litt beduggen Nina som gråt. - og det hjalp ikkje på det at alle som var der heile tida snakka om kor få ganger dei var heime, at det var null problem å vere her, så eg gjorde som eg alltid gjer, eg skjulte følelsane mine, heilt til vi kom på fest, og begynte å drikke, og eg tilslutt ikkje klarte å skjule det. Nå må dokke ikkje misforstå her, eg drakk ikkje fordi eg følte meg fæl! Eg klarte meg fint, heilt til alkoholen kom å øydela min kontroll. Så da blei det lite festing (for min del vertfall, og eg lærte å kontrollere inntaket mitt når eg er ute blandt folk mykje betre.) Det har blitt mange ferre dager med "dagen der på", berre fordi eg ikkje har drukke så mykje- Og eg er stolt over den erfaringa.

Det å flytte heiman frå var ei viktig erfaring, og eg vokste mykje på det. Sjølv om det var hardt, og det lenge føltes som om eg ikkje var klar for det, viste det seg at eg var meir enn klar nok.

Denne songen er fin, når det kjem til det temaet.

24. oktober 2012

Ein stubbe full av sopp

Da er kofferten nesten ferdigpakket. Mangler eigentleg bare å skanne/ta kopi av passet slik at eg har back up!

Forresten, sjekk det kule motivet eg fann når eg og Amalie gjekk tur! Den stakkars stubben er omringa av sopp!

23. oktober 2012

Velkommen til kaoset!

I helga innsåg eg at det var ikkje mulig å gå rundt grauten lenger. Det var på tide å vaske kler, om eg skulle ha nok kler til to uker i Sør-Afrika.
Nå er eg snart ferdig. Siste maskin er satt på og er snart ferdig, så da er det berre å henge opp desse kleda og vente på at dei skal tørke. Eg oppdaga at der var eit program på maskina som heiter "Express 20" om vasker kleda på 20 min! Så dei kleda som ikkje var skitne, men berre trengte ein vask fekk vere prøvekanin for dette programmet.
Ellers så er eg så smått begynt på pakkinga. Eg har pakka det meste av kler, og kofferten er ca. halvfull. Mangler sko, litt smått av kler og toalettsaker. Er skeptisk til kor mykje eg får plass til heim, men det blir spennande. Får pakke minst mulig i håndbagasjen ned, sånn at man har en nødløsning. (?)

Ellers blåser eg loddrett i Lance Armstrong saken. Du skal leite lenge etter ein idrettsutøver som ikkje har tatt noko, nokon gong for å yte betre. Nå seier eg ikkje at dei ikkje finnes! Dei er berre blitt litt utryddingstrua.

Pakketips til ein litt forvirra 20 åring som skal på første ferie "aleine" sammen med Amalie, der vi har planlagt ALT. Kva vi skal gjere, kvar vi skal gjere det og når vi skal gjere det. MAMMA?!

22. oktober 2012

Grønn uniform!

I dag går eg i grøn uniform. Det var veldig rart å sjå seg sjølv i spegelen i dag. Har jo i nesten 10 måneder berre sett meg sjølv i sjøforsvarets uniform!

21. oktober 2012

Koseleg helg!

Hei!

Da har eg kjørt Amalie til toget. Det har vore ei herlig helg. mykje avslapping, men absolutt ikkje kjedelig. Fredag var det eigentleg  bare å spise og sjå TV før vi tok kvelden. Vi sov lenge - til halv 12! Så reiste vi på basen og handla litt, det lille eg magla til taco og litt diverse.
Etter det gjekk vi ein tur i skogen. Du ser mange bilete av det under her. Når vi kom tilbake grilla vi oss lunch, siden det var så fint veir. Vi satt ute å spiste i berre tynn genser, så var som en litt kjølig sommerdag. Herlig!
Så såg vi litt tv og slappa av. Etter det var det taco og filmtid. Vi såg Tangled, som er ein utrulig bra film!
Tidligare på dagen hadde vi laga sjokolagemousse. NAM!
Tidligkveld, og vi var oppe i 10-10.30 tida. Vi spiste frokost og så reiste vi til Landgraaf og gjekk opp dei 500 trappetrinnene til Snow World og skuet ut over det ganske land. På topppen der, kan du på ein klar dag sjå over 4 mil nord, sør, øst og vest!
Heh. Mangla eit bilete der gitt!
Har du hatt ei fin helg?

20. oktober 2012

Sol og fint!

I helga har eg besøk av søte Amalie. Vi skal nemlig planlegge litt turen til Sør Afrika, og bestemme oss for kva vi vil gjere, når vi vil gjere det og kvar vi vil gjere det.
Ellers så er været sånn.. heilt OK+.Altså, HEILT FANTASTISK!
Det er en liten smak av sommeren i slutten av oktober. Håper dokke koser deokke heime, i 5 grader og sludd? Eg skal hvertfall kose meg her nede!

Som dokke såg i innlegget i går har eg veldig lyst på tips ang. ting å gjere, tips og alt anne nyttig. Så eg oppfordrer alle dokke som er reisevandt til å komme med alt av tips.

19. oktober 2012

Kva treng ein eigentleg i Afrika?

Hei!

Nå er det endelig helg, og denne har vore etterlengta! Sidan Susanne er heime i Norge og eg ikkje hadde lyst til å sitte aleine å sture i veggen, så kjem Amalie på besøk i helga. Kos!
Ellers så har eg prøvd noko litt nytt denne uka. Eg har gått med sports-BH heile veka. Det har gått fint, heilt til i dag tidleg når eg skulle ta den på igjen. Det har seg altså sånn at eg har fått blåkul på kragebeinet.
Men over til noko litt meir spennande!
Først og fremst, så har min gode venninne bursdag! Såå, gratulerer med dagen, snuppa mi!
Gammelt bilde av deg, Noddi, eg beklager!
Om ei veke sitt eg på toget til Amsterdam og der skal eg møte godaste Amalie. Laurdag morgon reiser vi nemleg til SØR AFRIKA! Det blir så spennande. Så greia er at eg ikkje klarer å tenke på alt, heile tida (kven skulle trudd det?..), uansett, her er lista over ting eg har fiksa:
  • Flybillettar (Tur/Retur)
  • Reiseforsikring
  • Internasjonalt førerkort
  • Helsetrygdkort (sjølv om det gjeld bare Europa)
  • Hotel i AMS (ibis Amsterdam Airport)
  • Billeige i Cape Town siste delen av turen.(AVIS) (Der er venstrekjøring. Ææ!)
  • Hotell i Cape Town (Daddy Long Legs Art Hotel Cape Town)

Mangler bare hotell siste natta i Cape Town og å bestille togbilletten. Vi må også bestemme oss for aktiviteter vi vil gjere.
Har så vidt tenkt på kva eg treng å pakke med meg, og det er jo det basice, toalettsaker, varme klær, lette klær osv.
Eg har alt av vaksiner, hepatitt A, difteri/stivkrampe og polio så det er i orden. Ut over det kan eg ikkje komme på kva meir eg treng.
Noko du ser eg har gløymt? Send melding, mail, kommenter, melding på face, kontakt min mor, så lenge eg får med meg alt eg treng så klagar eg ikkje.

Svar da!

Hei!

Da har eg ein liten "spørjeundersøkelse" i gang på bloggen min her. Eg vil vite om du har planer om å reise i forsvaret, og evt. kor. Dersom du ikkje vil eller skal, har du muligheten til å velge det også.
Den er i den kollonnen til høgre, ser du den? ---->
Du er super awesome kul om du svarer. Woop woop!

18. oktober 2012

17. oktober 2012

Lille Opera Nordfjord til Operaen

Har du lyst på ein litt spesiell opera? Ein opera fra bygdenorge med mange frivillige som står bak? Ta turen til Bjørvika sammen med Opera Nordfjord for ei heidundrandes forestilling av Mozarts Tryllefløyten.
Forestillingane er 15. 16. og 17. februar 2013 Det er nokon ledige billettar søndag, lørdag er utsolgt og fredag er det ein del ledige billettar. Ta deg ei helg i Oslo, og sjå dei lokale heltane i ei forestilling du har sett før i nye omgivelsar og på ny scene.
Det er ein ting (av fleire, for håpentligvis) eg har lært av en lærar, og det er det av dersom du skriv ferdig teksten din, ventar eit par dager, for så å se over, finn du mange ting du gjerne vil endre på.
Så kom å sjå, dette blir spennande!

For å kjøpe billettar gå inn på operaen.no 


Bilder fra forestillinga i 2011

16. oktober 2012

Første bud: TTT

Som mangen av dykk veit så tok eg eksamen i etikk og militærmakt 24. september. Nå har det gått over tre uker, og karakteren skal da i teorien vere klar for å deles ut. Problemet kjem da til det at ingen veit korleis ein får den. Eg har ringt FOKUS Rogaland, FOKUS Sentralbord, bombadert dei med mail, men ingen ser ut til å vete nokon ting.
Vel vel. Som vi lærte første dagen i forsvaret. TTT - Ting Tar Tid. Så om eg er heldig, får eg det om 6 mnd, som Hanne så pent påpeika.
Så da er det jo berre å late som om ein ikkje er nervøs eller spent og smørre seg med tolmodigheit. Oh, the joy.
Den flotte boka eg er glad for at eg er ferdig meg!

Facebook-side

Da har eg tatt motet til meg og prøva å finne ut kor mange som eigentleg les bloggen. Blogspot viser nemlig ikkje unike visningstall, så er litt vanskelig å bedømme kor mange som eigentleg er "faste lesara".
Får å kunne måle dette har eg valgt å lage ei "side" på facebook som du har mulighet til å like for å få oppdateringar frå bloggen og litt utanom, utan å måtte vere ven med meg på facebook.
Så vil du glede eit lite "militærhjerte", venlegst gå inn på linken under og trykk liker. Då blir eg glad, altså!

https://www.facebook.com/Ninaervikseter



Trykk liker, og du gleder eit lite hjerte som er langt ute i verda.

15. oktober 2012

Eg burde sove lenka til senga

For ei natt det har vore!
Standar rutine for meg på kvelden er å gå på badet, stelle meg, fylle ei flaske med varmevann for så å legge den under dyna, på med pysj og varme sokker og under dyna. Så må eg ligge ei stund for å klare å varme opp senga og dyna, så da leser eg som regel bok. Dette gjorde eg også i går, i tillegg til at eg las litt blogg. Greia var at eg las gravid-blogg/mamma-blogg. Så dette resulterte i ei natt full av rare draumar.
Det heile byrja med at eg vart gravid, litt fram og tilbake, og plutselig skulle eg føde, og før eg hadde fått sukk for meg, voldt eg babyen i handa. Mamma måtte komme springande med håndklær og saks, for å pakke inn babyen og klippe navlestrengen. Mamma trudde ikkje det kom til å gå så fort, men i drømmen tok det 30 min fra eg kjendte noko til babyen var ute. Skummelt.
Så skulle eg sove, og babyen måtte ligge i samme seng som meg. Eg var livredd for å legge meg opp på babyen, så eg dreiv å vokna på ekte for å "passe babyen".
Så gjekk denne drømmen over, og neste gang eg våkna, våkna eg av at eg smeller haudet inn i veggen. Lurt, ikkje sant? Så nå går eg rundt med DEN Donald-kulen i panna.


12. oktober 2012

Fram og tilbake, er ikkje like langt!

Dei siste dagane har vore utruleg innholdsrike. Fredag reiste eg heim, og som alltid når eg er ute å reiser, så må det alltid skje noko spennande. Denne gangen var toget mitt forseinka. Så mykje, at når eg kom fram til gate, var boarding begynt.
Flyet var meir eller mindre i tide til Oslo, så eg hadde god tid igjennom toll og innsjekk. Så begynte eg å bli sulten, men Gardermoen er så grådig dyrt! Så det ble til at eg venta til eg kom heim. Når eg var heime fekk eg mamma sin heimelaga pizza! Hurra!
Etter en lang dag med reisint, var det natta-tid og "tidlig" opp, sidan eg og Tore skulle møte Renate på kafé før ho reiste til Oslo og vidare til Tyrkia (Heldig!).
Vi var også inn i operahuset for å hilse på opera-folka. Så bar det heim for å lage heimelaga wok. Alt untatt sausen, det var godaste toro som laga. Himmel så godt det var. Friske grønnsaker, nudla og bearnesaus. NAM!
Ellers så var søndag en dag der vi spiste mykje. Lunch hos pappa, te/kaffe hos Mons og Bente og fårikål   med mamma.
Til en forrandring var det Tore som reiste fra meg denne gangen, siden han ikkje hadde fri mandagen. Det var litt tungt å sei ha det, sidan eg ikkje får sett han skikkelig på nesten 3 månder. (Bare 67 dager igjen nå!)
Så kom mandagen, der eg sov lenge, fekk pakka og slappa av. Så gjekk turen på kafé med Hanne, Johanne og Hege.
Hanne var ein engel og køyrte meg til Florø, der flyet mitt skulle gå ifra. Turen var fantastisk! Vi sang til Madonna/Glee og prata om laust og fast heile vegen, Hanne rakk å forelske seg i bilen min som forresten har hatt EU-kontroll og hadde 0 feil. Flott!
Så gjekk turen til Madla. Vart henta av onkel og Cesilie på flyplassen, og fekk ta turen til Mosterøy for å sjå korleis huset dei har kjøpt seg ser ut. Dei har kjøpt seg eit oppussingsprosjekt, men dei var kommet langt, og det var blitt fint det som var gjordt. Gleda meg til å sjå når det er heilt ferdig!
Det å gå inn porten på Madla igjen var veldig rart. Vi budde i b-blokka, sammen med Vakt og sikring og MP. Veldig hyggelige folk, det lille vi snakka med dei.
Foredraga gjekk greit. Det ble litt på sparket, men det klarte vi. Eigentleg var det berre eg og Amalie som skulle opp, men når eg kom til Madla, sa Amalie at Honar også er her, så det var kos.

Eg er glad for at vi var så mange, sidan vi hadde meir enn nok å gjere på stand. Himmel altså. Følte eg prata hull i hodet på alle som var der, men hei, dei spurte!
Det var mange som var interesserte og ein god del gode kandidatar. Så kan trygt seie eg er nyskjerrig på kven som kjem nedover! - SPENT.
Hei! Vil du ta over jobben min? 

5. oktober 2012

Klar til Madla!

Etter mange timer og papirkutt er endelig heftene ferdig bretta, Power Pointen er klar og lagret på minnepennen. Kofferten er pakket, med litt gaver og overraskelse til folka heime. (Amanda, eg har med en liten overraskelse til deg!) Pappa og Caroline skal få tidlig julegåve. Ein eg kjøpte i midten av september, nemlig ein 30 år gamal Whiskey fra eit lite, nedlagt destileri fra Scotland, signert av de tidligere eigaren.
Ut over det, er det bare å sende melding, så skal eg sjå kva eg rekker å ta med fra Flyplassen. 
Mitt tidsfordriv siste to vekene på jobb.

2. oktober 2012

Tops in blue og Makro

I helga var Susanne, Lars, Janna, Tor og eg på "konsert" (var meir eit show) med Tops In Blue, som er ei gruppe fra United States Air Force. Det var eit syk show med energi på 110% fra første til siste tone. 
Bildedryss!

På lørdag var vi på makro. Denne butikken har ikkje ein slikkepinne, for å seie det sånn, du må nemlig kjøpe heile bøtta, som er på samme størelse som dei du ser i butikkane. Alt var sånn. 500 gram kjøttdeig? Nei, her finn du bare 2,5 KG med kjøttdeig. På bildet nedanfor ser du bagsjerommet etter vi hadde tatt ut noken varer. Sykt.
Eg slo på stor tromma og kjøte ein pakke med kyllingfilet (15 stk) to pakker kjøttdeig (5 kg) og litt anna forskjellig. Stor pakke med Sjokolademouse pulver! NAM. Gleda meg til å teste ut. Susanne kjøpte tomat og cola i bøtter og spann.
Medan vi var på Makro bestemte vi oss for å lage pizza, så da må du jo ha pzzaost, og den posen var IKKJE liten den heller, så det blir mykje ost i maten fram over.