28. mai 2012

Solbrendthet og festival


I nabo-byen Landgraaf er det kvart år ein stor festival. Den heiter for Pink Pop (http://www.pinkpop.nl/), og har rundt 60 000 besøkande kvart år. Denne gangen var Linkin Park og Bruce Springsteen dei to store trekkplasterene for meg. Det som var dumt, var at desse spilte på to ulike dager. Søndag og mandag. Så eg måtte på ein måte velge litt. Da vart det sjølvsagt Bruce! Eg, Anette og Susanne (Susanne skal ta over for Anette når ho reiser) reiste til Landgraaf, parkerte og gjekk til "Gratishaugen". Dagspass var 90€, så vi syntes det var litt mykje, så da var gratishaugen ypperlig. Vi gjekk alle dei 500 trappetrinnene på vei opp til Snowworld og satt der i 3 timer ish, sammen med Karl-Erik og Espen fra Brüssel som kom innom en tur på vei heim fra road-trip til Köln.
Etter dette tenkte vi tanken å snike oss inn, men det var 100% umulig, noke som ikkje gjorde meg så mykje, siden den plassen vi fant hadde god lyd og vi satt relativt komfortabelt. Vi såg derimot ingenting. Det var ikkje noko anna og forvente når du ikkje betaler ei krone for å høyre på. Men lyden var overraskande bra, og sjølv om sola hadde gått ned, slik at det ble litt kjølig i kort shorts og singlet, og småfuktig i lufta som gjorde at myggen og andre insekter hadde eit sikkelig festmåltid satt vi ei lita stund. Til slutt vart det nok, og vi reiste heim.
Eg har forøvrig lært at man må spørre kvarandre om dei kan smørre deg på ryggen. Har en fin firkant med solbrendt hud, der du i ytterkantane har fingermerker fra der solfaktoren har hjulpet, og der den har vore ikkje-eksisterande. Ellers har eg fått litt farge på resten av kroppen også. Vi har grilla og bare nytt livet og den eine ekstra fridagen.

Logoen til PinkPop

19. mai 2012

17. mai er vi så glad i!

Da er 17. mai over for denne gang. Det var mitt første år etter eg fekk bunad, utan om russetida.
Det var heilt spessielt å feire 17. Mai ein annan stad enn heime. Og det var hvertfall spessielt å feire i utlandet. Ein får ein heilt annan oppfatning av Norge som "landet ditt" når du er borte frå det. På samme måten du alltid vil ha det du ikkje kan få.
Det var ei tradisjonell 17. mai feiring, med tog, korps, is, pølser og brus. 17. mai komiteen har virkelig fått til mykje!

15. mai 2012

Use the force!

I går kveld var eg og Anette i Köln. Siden Eye Emma Jedi har ein tour rundt i Tyskland, måtte eg jo berre ta turen for å sjå!
Til å begynne med sleit vi veldig med å finne fram. GPS'n klaga sin nød over at vi alltid kjørte feil og eg kjørte gjennom samme krysset minst 5 ganger. Så fann vi ut at det må ligge der, og reiste for å finne en plass å parkere. Når det var gjort var det å gå tilbake for å leite etter stedet. Etter å ha nesten gått forbi det, ser eg plakaten.
Det var eit koselig sted, med mange kule folk. Vi kjøpte noke lite å drikke, kosa oss på konsert og nytte livet, på en mandag.

Eg trur nesten Anette vart overbevist om kor gode dei eigentlig er. Sidan eg speler lights kvar morgon, klarte ho å vere med å synge på den. Awesome!

14. mai 2012

Fallskjermjeger! .. nesten da.

Endelig kan eg skrive eit innlegg som er fylt med fart, spenning og utallige følelser følt på kort tid. Nemlig om det å hoppe i fallskjerm. Det er det kulaste, eklaste, mest ubehagelige og mest fantastiske eg nokon gong har opplevd. Berre for å forklare, så er "mannen min" han som eg hoppa sammen med.
Det heile byrja med at vi sto ved Gaten og venta på fallskjermhopparane.
Kl. 10 møtte vi ei dame som skulle guide oss til stedet. Vi kjørte rundt flystripa, og alle i bilen satt og gira kvarandre opp. Så var vi framme, og da var det berre å vente til det var vår tur til å få på seg drakta for så å klatre inn i verdens minste fly, med tanke på kor mange som var inni det.
Så kom første overraskelse. "Mannen min" hadde ikkje flygerdrakt. Eg hoppa virkelig i dongeribokse, sneakers og (heldigvis) den vindtette skogstad-jakka mi med ein ullforté under. klokka var plutselig 11, og det var like før vi skulle inn i flyet.
Eg fekk på meg en svær sele, og fekk instruksjon på korleis eg skulle holde hender, bein, hode og andre løse kropsdeler under flyturen. Eg og Amalie hoppa ilag. Det var supert å ha ei eg kjendte i flyet, som moralsk støtte på ein måte. "Mannen min" spurte fleire gongar om eg var OK, noko eg trur var fordi eg skalv så inderlig. Eg var nervøs, livredd og iskald, men eg sa sjølvsagt "jaja!"
Eg ser på klokka, og den er 11.30, mannen seie 5 minutter igjen. Etter ein uutholdelig (innbildt lang) flytur, begynte den røde lampen å lyse, den som betyr "Døra er open". Etter eit lita stund lyste grøn lampe, som betyr "HOPP!" Det vil seie vi "endelig" var på 13 000 fot, 4000m, 4km over bakken.
Døra gjekk opp, og første mann var ute av flyet. Eg kjente virkelig at tårene presse på og angeren begynte å komme snikande. Så aka vi oss fram til opninga som nest siste hopperpar. Vinden susa rundt beina mine, og det einaste eg klarer å tenke er "Nå skal eg kaste meg ut av eit fly, eg kjem til å dø."
Tre - to - ein, vi falt. Dei første sekundene var det akkurat som i drømmane når du faller, og du kan virkelig ikkje gjere noko for å stoppe det. Eg hyler. Eg kjenner på den samme følelsen eg har hatt i drømmer, og hyler. Virkelig hyler, eg var heilt seriøst på gråten og liveredd. Heile kroppen seie "NEI! Dette er ikkje riktig". Vi faller og faller.
Det er vanskelig å puste, og eg får panikk. "Pust rolig, sakte og forsiktig!", "Sjå rett fram å konsentrer deg om og puste," var det som foregikk i hode mitt. Det ordnet seg litt, det var ikkje så ille når eg pusta rolig og konsentrerte meg.
Vinden susa rundt øra, litt samme lyden som når du kjører fort og har nede vinduet i bilen, igrun. Du fryser litt, og mannen dunket meg på skuldra, noko som betydde "Fly" med henda. Og eg tenkte berre "Er du gal? Her må man holde seg fast til det lille man har, nemlig selen!!" også dunka han enda ein gong, litt hardare og fleire ganger. Så, OK da, eg skal gjøre som du vil, så eg flydde, svømte og "turna litt" i lufta i mange killometer i timen.
Etter ei stund ser eg ned. Eg ser berre skyer, og begynner å lure på korleis fungerer det egentlig med pusting inne i skya? Er det mulig og drukne? Det er jo i teorien regn, og eg skal falle gjennom der. I mange killometer i timen. Hmm.
Vi for inn i skya, og eg fekk panikk igjen. Virkelig. Det var det eklaste eg har vore med på. Eg såg ingenting, eg begynte egentlig å lure på om eg var aleine eller om eg fortsatt hang fast i "mannen min". Trykket i øra begynte å bli ganske uutholdelig og eg prøver å gjespe for å få det vekk, men eg klarte det ikkje fordi det kom så mykje luft og kjakane mine begynte å flagre, akkurat som på film.

Vi kom ut av skya, og eg ser mange, store, firkanta åkere, og plutselig blir alt stille - fallskjermen er opnet. "Mannen min" tar av meg brillene, som for øvrig er fulle av tårer. om det er på grunn av vinden eller redsel, veit eg ikkje. Eg blåste ut det meste av trykket i øra, og begynner og innsjå kvifor folk ønsker å hoppe i fallskjerm. Det var nydelig.
Når du ser ned, ser du bakken i miniatyr og dine egne bein hengane i frie lufta, som gjør at dei ser ut som kjempe-bein i forhald til dei modellflyene som står på bakken.
Han gav meg "styre-trådane" og kobla fra hoftene våre, og eg hadde full kontroll over situasjonen igjen.
Så tok han i dei sammen med meg, og vi svinga. Korketrekker. DØDSKULT. Var litt sånn "woho, karrusell!"-stemning oppe på himmelen da! Så segla vi - nei cruisa litt rundt oppe på himmelen, hylte litt og svinga hit og dit, og berre nytte livet. Så var det landing og det gjekk fortare enn det ser ut i fra på bakken. Plutselig sto eg med begge beina planta på bakken, full av adrenalin, og klokka er 11.45 - ferdig!



Illustrasjonsbilete


9. mai 2012

Vågale Nina!

Berre for å forklare tittelen, så mener eg at eg var litt modig og tøff. Ikkje.. ja.

Dei fleste som har møtt meg, og har spist mat sammen med meg, veit at eg er kresen. Skal vi på restaurant, bestiller eg alltid den "safe" biffen, pizzaen eller andre ting eg har smakt. Det er på "insj" (forkorta initiativ. forsvaret, veit du..) fra Anette at eg skriver dette, sidan ho meinte at det fortjente eit eige blogginnlegg.

Eg kan med glede meddele at eg har frivillig spist andebryst i appelsinsaus sammen med nokon grønnskaker som var kuttet så små at det var vanskelig å gjette kva det var. Eg har også smakt kremet aspargessuppe. 

Asparges. Det ser jo kanskje litt godt ut?
Andebryst var veldig godt, sammen med postetmos, av alle ting. Appelsinsausen var litt for mykje appelsinsmak på til at eg likte den så godt. Appelsin skal spisest/drikkes reint eller så kan du likegodt lat vere.
Sjokolade blanda med Appelsin er noko av det verste. Tenk deg mixen da, brun saus med ein halv, konsentrert appelsinjuice i. Det var nesten hvertfall. 
Kremet aspargessuppe var heilt tilfeldig at eg valgte. Kanskje var det fordi det var billig (4,50€ for ein middag er jo ingen ting) eller fordi eg faktisk hadde lyst til å smake asparges. Uansett er det viktigaste at eg smakte det. Asparges er veldig stort her i denne delen av Tyskland og også i Nederland. Hvertfal i nærheten av meg.

Ein annan ting du ikkje kan unngå å sjå i denne delen av tyskland, er raps. Det er masse av det, og uansett kor eg har kjørt hittil, har eg kunnet sett store firkanta gule åkera over alt.

Før dette innlegget blir avslutta, vil eg benytte anledninga til å gratulerer mitt kjære fadderbarn og søskenbarn med sine første skritt. Når eg kommer heim 6. Juni er det sikkert like før du løper ifra meg.

Og når vi først er inne på spennande ting, nå er det berre tre dagar til å skal gå inn i eit fly i supertight kondomdress, åle/slepe meg bort til ei open dør for så å hoppe ut av den med ein annan person festa på ryggen min. Deretter skal eg dale ned til jorda i ein duk med nokon tynne tråder. Eg er veldig, veldig spent, og grua meg skikkelig! Så på lørdag/søndag så kan eg love nytt innlegg, med mykje fart og spenning!

To be continued...

2. mai 2012

Blenda hvit!

På torsdag var eg og Anette til Spanghalem og Ramstein. Vi skulle hente eit ID-kort også litt sånn, så vi var innom en butikk for å handle oss mat og drikke, også kom eg på noko. Eg er jo i mini-amerika! Lat oss kjøpe tannbleking! Så eg har hatt to kvelder på rad nå, og i morgen skal eg i følge lappen sjå tydelig kvitare tenner. Spennende! Når eg er ferdig, skal dokke få før/etter bilete, men enn så lenge blir det berre "under vegs"-bilete.
Ellers har både eg og Anette hatt besøk denne langhelga, så det har vore fullt hus, for å seie det sånn.

To be continued...
LOVELY, ikkje sant?