28. mai 2012

Solbrendthet og festival


I nabo-byen Landgraaf er det kvart år ein stor festival. Den heiter for Pink Pop (http://www.pinkpop.nl/), og har rundt 60 000 besøkande kvart år. Denne gangen var Linkin Park og Bruce Springsteen dei to store trekkplasterene for meg. Det som var dumt, var at desse spilte på to ulike dager. Søndag og mandag. Så eg måtte på ein måte velge litt. Da vart det sjølvsagt Bruce! Eg, Anette og Susanne (Susanne skal ta over for Anette når ho reiser) reiste til Landgraaf, parkerte og gjekk til "Gratishaugen". Dagspass var 90€, så vi syntes det var litt mykje, så da var gratishaugen ypperlig. Vi gjekk alle dei 500 trappetrinnene på vei opp til Snowworld og satt der i 3 timer ish, sammen med Karl-Erik og Espen fra Brüssel som kom innom en tur på vei heim fra road-trip til Köln.
Etter dette tenkte vi tanken å snike oss inn, men det var 100% umulig, noke som ikkje gjorde meg så mykje, siden den plassen vi fant hadde god lyd og vi satt relativt komfortabelt. Vi såg derimot ingenting. Det var ikkje noko anna og forvente når du ikkje betaler ei krone for å høyre på. Men lyden var overraskande bra, og sjølv om sola hadde gått ned, slik at det ble litt kjølig i kort shorts og singlet, og småfuktig i lufta som gjorde at myggen og andre insekter hadde eit sikkelig festmåltid satt vi ei lita stund. Til slutt vart det nok, og vi reiste heim.
Eg har forøvrig lært at man må spørre kvarandre om dei kan smørre deg på ryggen. Har en fin firkant med solbrendt hud, der du i ytterkantane har fingermerker fra der solfaktoren har hjulpet, og der den har vore ikkje-eksisterande. Ellers har eg fått litt farge på resten av kroppen også. Vi har grilla og bare nytt livet og den eine ekstra fridagen.

Logoen til PinkPop

Ingen kommentarer: