2. oktober 2016

Store ting skjer i livet vårt

Nå er det lenge sidan det har kommet nokre nye postar på denne bloggen her, men store ting har skjedd, så det er absolutt innafor med ein ny oppdatering. Dette året har vore veldig spennande for oss, ikkje berre fordi vi har kjøpt oss leilighet som vi er i full gang med å planlegge - då den byggast nå. I tillegg skal vi bli foreldre i slutten av dette året eller begynnelsen av neste kjem det altså til å komme små barneføtter inn i livet vårt. Spennande tider altså! Formen har vore laber for det meste - då eg har vore veldig kvalm og uggen. Så har eg hatt en periode nå der eg har vore i fin form, så vi har vore om oss å ordna eigentleg det meste vi må ha i hus når lille kjem. Nå kan det sjå ut som om kvalmen har kommet igjen - så eg er ganske glad for at vi fikk ordna ting når vi gjorde!

Dette bildet er tatt for over en måned siden. Lille magen <3 td="">

5. april 2016

Det er så ekkelt.

Hei!


Til advarsel, så skal eg nå snakke om noko eg ikkje likar å snakke om, sjå eller ta på, men likavel føler eg for å fortelje det. Tær. Det er nemlig noko eg ikkje er så god til å takle, føtter, og då spessielt tær. Det er verst når det er mykje tørr hud og sopp inn i bildet, men sjølv "fine" føtter synes eg er fælt. Men som sjukepleiar får du ikkje akkurat velje dine arbeidsoppgåver, og tær er (beklagelegvis) ein naturleg del av kroppen som alle har. Det er jo derfor fryktelig utgjort at eg sjølv skal få problemer med mine tær. Både eg og min søster har sidan vi var små slitt med inngrodd negl. Dersom du ikkje veit kva det er, så er det rett og slett at neglen vokser ned i huda. Som en kniv. Du har vel kanskje klippet ei negl for kort ein eller fleire gongar? Slik er det. Berre langst heile neglen.

På grunn av dette har eg fleire gongar operert neglen. Dette har gjort at eg har smalere negler enn andre. Det som er problemet derimot er at den høgre storetåneglen min har protestert stort på denne behandlingen. Den er skikkelig ekkel og driver og faller av, da den vokser fullt ut, så døyr den. Da vokser det ut ei ny negl innunder. Nå siste månedane har eg kjent på at neglen har blitt lausare og lausare. I går kveld datt den endeleg av. MEN DET ER SÅ EKKELT.


4. april 2016

Eit innfall som førte til eit innlegg

Hei!

Nå fekk eg plutselig lyst til å skrive noko lite her inne på bloggen igjen. Det er sporadiske postar, men eg ser på statisitkkane at nokon er iallefall innom av og til. Kven det er og kva dei vil, det er det verre med. Uansett seg eg pris på deg som kikkar innom, uansett om du er ein Bot eller et faktisk menneske.

Siste tida har gått i mykje jobbing, sosiale hendelser og avslapping. Eg har fått meg 50% vikariat i akuttmottaket på Førde Sentralsjukehus. I tillegg har eg klart å fullføre Helse Førde sitt vikarkurs - som gjere at eg kan ta ekstravakter i ambulansen som ambulanseassisten. Nokre av kursdeltakarane har tenkt å ta 160 koden, som er utrykkningslappen, men eg tenker eg venter med det til eg har fått litt tid bak i bilen og køyrt den litt på rolige turer. Ambulansen er mykje høgare, breidare og lenger enn nokon annan bil eg har køyrt, så det tar litt tid å bli vandt til å manøvrere den.


23. januar 2016

Eg er sjukepleiar!

Hei

Godt nyttår! Det er vel framleis lov å seie det? Uansett, godt nytt år til deg som har forvilla deg inn på bloggen her. Nå er det faktisk gått ein månad sidan eg oppdaterte dokke om kvardagen min, og mykje har skjedd sidan. Det har vore mange grunnar til å juble, men den aller største grunnen kom for litt over ei veke sidan. Eg har nemlig fått autorisasjonen, og kan med god samvit seie "Eg er sjukepleiar". Det er litt rart. Ein feirar studieslutt når ein leverer bachelor. Dette var den første store milepælen den siste tida. Så var det resultatet på oppgåva, som kom tre veker seinare. Då feira ein bestått studium. Så var det berre å vente. For det er ikkje en sjølvfølge at ein blir autorisert. Dei aller fleste får jo autorisasjon, men ein kan jo vere uheldig å vere blandt dei som ikkje får. Difor har eg på ein måte ikkje heilt klart å senke skuldrane og juble sikkelig, før eg fekk brevet i posten som sa det at eg er autorisert som sjukepleiar. JUBEL!