23. januar 2016

Eg er sjukepleiar!

Hei

Godt nyttår! Det er vel framleis lov å seie det? Uansett, godt nytt år til deg som har forvilla deg inn på bloggen her. Nå er det faktisk gått ein månad sidan eg oppdaterte dokke om kvardagen min, og mykje har skjedd sidan. Det har vore mange grunnar til å juble, men den aller største grunnen kom for litt over ei veke sidan. Eg har nemlig fått autorisasjonen, og kan med god samvit seie "Eg er sjukepleiar". Det er litt rart. Ein feirar studieslutt når ein leverer bachelor. Dette var den første store milepælen den siste tida. Så var det resultatet på oppgåva, som kom tre veker seinare. Då feira ein bestått studium. Så var det berre å vente. For det er ikkje en sjølvfølge at ein blir autorisert. Dei aller fleste får jo autorisasjon, men ein kan jo vere uheldig å vere blandt dei som ikkje får. Difor har eg på ein måte ikkje heilt klart å senke skuldrane og juble sikkelig, før eg fekk brevet i posten som sa det at eg er autorisert som sjukepleiar. JUBEL!


Ingen kommentarer: