15. desember 2015

Kvar er min juleferie då?

Puh! Etter å ha levert bachelor og laga poster, datt eg litt sammen. Eg trur eg trengte å slappe av og koble ut litt. Dessverre er det ikkje heilt juleferie på meg ennå, Forkurset hadde siste samling før jul på i helga som var. I samband med denne skulle det leverast ei oppgåve, og eg fekk utsettelse på denne, då eg var opptatt med bachelor før samling. Så nå er det ferdigstilling og pirking på denne oppgåva, slik at den kan leverast, så eg får tatt ferie eg og.

Jobb lar vente på seg foreløpig, men eg kjenner eg ikkje stressar så mykje med det heilt enno. Ein får seg alltid ekstravakter... :)

Post-it med forkortelsar ein må pugge for å kunne forstå mykje av det som skjer i pasientintervjuet. Det er nokon lappar i kvart einaste kjøkkenskap, slik at eg ser dei nesten kvar dag. Dette er eit av tipsene eg har plukka opp under studiet, så får vi sjå om det virker da! Eksamen til ambulansen er 7. februar. SPENNANDE!

Ingen kommentarer: