26. april 2012

Eg er på interenettet.

Ok, OK, ok. Eg veit det ikkje er bra å skryte, men når du for første gang får publisert noko du har skrive, er det kult! Dersom du går inn på http://blan.no/ny-p-blan vil du kunne lese om kva info eg meiner ein ny b-LAN`er må vite. Eg er superstolt, sjølv om det er ganske lite, er det for meg ganske stort.

25. april 2012

Store Tyskland inneheld så mangt!

Altså, mangen vil ha mange innlegg og eg får heile tida høyre at eg må oppdatere meir. Problemet er berre det at eg har ikkje så veldig mykje å skrive om, siden eg lever ein heilt ordinær kvardag. Men siden eg gjorde noko litt spennande, får ta avhandling om helga, der eg fekk møte Hege Aardal, som eg har gått på barne- og ungdomsskule sammen med.

Då eg reiste til ho fredag, fekk en tour omkring på stallen der ho jobba, med mange, mange hestar. I løp av kvelden var ut å spiste på restaurant, handla inn litt usunt og godt til helga og tidlig til seng. Det beste med heile helga, var meir eller mindre sove lenge. Vi låg vel i senga til kl. Halv 11, som var lenge lenge! Så sto vi opp, uten andre planer enn av vi skulle til ein eller annen by. Vi kjørte til Aachen, handla litt div. Eg kjøpte meg hatt! Sidan det var litt sol, kjøpte vi oss is, og akkurat når vi satt oss ned for og spise den, kom det den hagle. Det var nokon av dei største hagla eg har sett i heile mitt liv! Når det holdt opp, sprang vi til bilen, etter mange "spørre etter veien"-stopp kjente vi oss igjen, og kunne køyre heimtil meg.

Då var det tid for å sjå korleis eg hadde det. Ho fekk ein rask tour omkring på basen og på Trollhaugen. Etter det, laga vi oss middag, flott og god taco! Nam! Så var det kvelden, og Hege reiste tilbake til Manheim for å fullføre sine siste dager i Tyskland. Ho reiser heim torsdag, altså i morgon. Søndagen vart meir eller mindre tilbrakt på sofaen, bortsett fra når vi bestemte oss for å fikse opp i blomsterbeddet uten for huset og vi reiste vi til Heerlen for å sjå Titanic 3D. Det var kjempetrist og veldig fint, og det fekk meg til å lengte heim til ein fin ein.
I morgon blir ein lang dag, siden eg skal til Spangdahlem, Ramstein og Düsseldorf i løp av dagen, så nå må eg nok legge meg. Folka heime må kose seg i russetida, militærfolka må kose seg med jobben og helga, og resten av befolkninga må kose seg med alt dei måtte ønske seg å finne på.

18. april 2012

Kvardagen i GK

Da er det lunch tider i GK for meg. Har spist meg to små baguetter fra Natex som eg virkelig har lagt min elsk på. Dei har nemlig ost og bacon-biter opp på. Dei er veldig gode. Nam! Tenkte eg skulle prøve å beskrive ein meir eller mindre normal dag her i GK.
07.00 Rice`n shine!
Spise frokost (som regel frokostblanding-favoritten min. Den har sjokkerande nok sjokolade i seg)
Kle på seg uniform
Fikse hår, evt sminke (Kommer ann på dagsformen kor mykje eg gidder å gjere ut av det)
07.45 Kjøre på jobb
Opne supporten, skru på maksiner osv
08.00 Arbeidsdagen starter
Jobb jobb jobb jobb lunch jobb jobb jobb
16.00 Ferdig for dagen.
Inni mellom alle jobb og luch en gang på dagen er det trening som regel, men det varierer. Av og til er treing 12.45, 14.00,  16.00, eller seinare enn det. Kommer ann på kva du vil trene og litt sånn.
Så er det heim, middagstid. Har vore flink ålaga middag, men har hatt dager, som i går da eg berre ikkje orka lage middag, så eg spiste forkostblanding istedenfor.
Så er det vanlige husplikter som vaske kler, rydde litt her og der, ta ut av oppvaskemaskin, og andre vanlige plikter i eit hus. Også må ein jo vere sosial, så Skype og Facebook er jo gode å ha, også har vi jo TV, PS2, filmer, bøker og mykje anna gøy, så her er meir enn nok å finne på, for å dagen til å gå.

I form for trening prøvde eg igår noko heilt nytt. Spinning. Det var dødsgøy og god trening, men rompa mi kjennes ut som en einaste stor blåkul. AU! Så blir ei stund til neste gang, om eg skal klare å sitte skikkelig på sykkelen.
Eg skal også prøve meg på riding her nede, men på Nederlandsgrensa, siden dei snakka så mykje bedre engelsk enn dei sta tyskerane.
Eg har vore med ein av soldatane her og svømt i Brunssum, noko som var kjekt, i forhold til kva det har vore på skulen.
Jogging rundt i skogen her. Fantastisk område. Skulle ønske eg hadde meir tid til å utforske, men her er så mykje å gjere etter jobb at eg knapt klarer å få gjort alt eg vil.
Edit: Innebandy er fast kvar onsdag og fredag, og det er gøy å spille med folk som er skikkelig gode, som får deg til å føle det som en firvirra kattunge i skogen med mange rare lyder som er overalt. Dårlig samenlikning men.
Og i dag har eg prøvd klatring i Herleen. Det var sinsykt kjekt og slitsomt. Mestringsfølelsen av å komme seg til topps på vanskelige og lange ruter var fantastisk!

To be continued..

9. april 2012

Til fagre Nordfjord og tilbake!

Da er eg heime etter god og lang påskeferie. Merker år eg sit her i sofaen at det er godt å vere tilbake. Kom ned igjen, og på stovebordet sto det to store sjokoladekaniner! Dette er det kjære Nora, vaskedama vår som har kommet med. Det var skikkelig kos!
Heime i påska har eg festa med gode venner, møtt kjente eg ikkje har sett på lenge og spist mykje middag med alle i heile familien.
Vi var på roadtrip til Stadt og ellers berre loka vi rundt.

Eg skulle på ein måte virkelig ønske at eg hadde supertøff tjeneste sånn at eg alltid hadde mykje spennande å skrive om, anna enn berre reising osv. Sjølvsagt er jo det også interessant, men det et jo ikkje like kult som å kunne skrive om Cold Respons eller noko, men dokke får dessverre berre leve med det, folks.
Også må eg beklage for alle skrivefeil. Det er berre iPad'en min som ikkje liker alle orda eg skriv, også får ein besøk av mr. Autocorrect. Veldig kos.
Og enda en ting! Eg Bruker som sagt iPad til å blogge med, så eg får ikkje lastet opp bilder på denne siden det er flash, og det liker ikkje Apple..

To be continued...