17. mars 2013

Bilen min er borte!?

Hei,

I går var eg ut sammen med nokon av jentene i klassa. Det var ein kjekk kveld, med litt spenning. Vi tok taxi heim rundt 01.45, og når eg kom heim og gjekk ut av taxien begynte eg å stusse litt. Det var nemlig bilspor i fra nedsida av huset, der bilen min står. Eg skjønte jo ingenting. Kven skulle ha køyrt der? Husverten er vekke (trur eg. Evt. veeeldig stille heile helga?), og Tore er ikkje her, så det første som slår meg var at bilen MÅ jo vere stjelt! Eg kjenner hjartet begynner å pumpe litt ekstra, og eg tusla rundt hjørnet, og får sjå at bilen min er vekk. Oh no!
Det som er greia, er at i eit par sekunder innbiller eg meg at den var ståle. Eg hadde jo køyrt bilen til vors! Den står trygt parkert opp med Linn og Beathe. Men skal sei eg fekk panikk. Var like før eg ringte Tore altså!

1. 2. 3. 



16. mars 2013

Zzzz....Eksamen?!

Hei,

Da er eksamen endelig over og eg kjenner at skuldrane har mista eit tonn med bekymringer. Eksamensforberediga gjekk fint, eg følte eg forstod og hugsa mykje meier for kvar dag som gjekk. Så kom eksamensdagen, og eg kjente eg vart glad når eg las igjennom eksamen. Ingen av spørsmåla var om noko eg ikkje kunne noko om. Var nokon eg kun meget lite, men fekk vertfall skrevet litt, og eg føler det er viktig. Eg skreiv totalt 18 sider og hånda mi var så sår at eg sleit med å bruke den til normale greier.
Vi skreiv nemlig på trelags-papir der første og andre kopi går til sensorer og siste er til deg. Det vil sei at eg måtte skrive hardt nok til at det gjekk igjennom til alle lagene. *Grøss*. Kjenner eg gruer meg til det på neste eksamen..

I natt har eg sovet så godt! Eg trur ikkje eg har sovet så godt på nesten to veke. Eksamen altså, ødelegger deg. Så for å ikkje kjede oss for mykje, kom Ajantha til meg igår, vi laga kylling nuggets med pommes frittes og salat. NAM. Det er så godt! Vi såg også siste twilight filmen, dette var vel tredje eller fjerde gangen eg såg den, men eg synes den er så bra!

"Nettopp stått opp, god morgen " - bilde..

11. mars 2013

Eksamen over hele linja..

Hei,

Etter ei utrulig inneffektiv helg, har eg endelig kommet skikkelig igang igjen med eksamenlesinga. Drittjobb, men må gjerast. Nå sitter eg og repeterer oppgaveheftet, ved å digitalisere det (skrive det på data). Har ikkje sjekka facebook ein einaste gong, så er ganske fornøgd!
Ovnen har endelig tatt fyr, sola skinner, eg har siesta i glasset og livet er ikkje så alt for ille, om ein velger å sjå på den lyse sida.
Eg merker at hjerna mi er klar over at det skjer noko snart, eg sover dårlig igjen. Har eg mykje å tenke på, eller er stressa over noko som skal skje, veit eg at eg kjem til å sove dårlig. Oh well, eg er fortsatt ung!




9. mars 2013

Tida går fort!

Hei,

Nå er vi våkna, har ete frokost, og slappa av. Kvelden i går var kjekk, men eg merka at det er kjekkare å gå ut med fleire kjente.
Idag skal vi berre slappe av, og nyte laurdagen. Det blir heimelaga pizza til kvelds og kosekveld, det er så deilig, det å kunne sette seg ned på vite at du ikkje skal gjere noko, vertfall ikkje noke voldsomt mykje. Det er fint! Altså, litt må eg gjer, er jo 5 dager til eksamen! Eg merka når foreleserane våre snakker om strykprosent osv. at eg begynner å kjenne på eksamensnervane!

Eg må ærlig innrømme at det føles ikkje ut som om det er to måneder siden eg flytta til Førde og eg begynte på skulen her, tida går fort, litt for fort. Du skal sjå det, at plutselig har det gått tre år, eg har fullført bacheloren min. Himmel.

Fin hårdag, ehe.

8. mars 2013

Ting du kanskje ikkje visste om meg


  1. Eg har eit stort ynskje om å jobbe i ambulansen når eg er ferdig med utdanninga.
  2. Eg elska gulrotkake over alt.
  3. Eg har ikkje ete sjømat på maaange år, trur det er nærmare 10-12 år.
  4. Eg er midterst i søskenflokken. "Vesle" Amanda og "store" Jørgen.
  5. Taco er favoritten min.
  6. Eg snusa i skjul, i ein del år før Amanda avslørte meg, og mamma fant det ut.
  7. Eg budde eit år i tyskland, men blei dårligare i tysk av det.
  8. Eg elska Harry Potter.
  9. Eg er nettopp begynt å like vin.
  10. Eg fryser egentlig alltid.

7. mars 2013

1-2-3 SKRIK

Hei,

Himmel og hav. Det har vore ein sjukt lang dag. Begynte på skulen 30 min tidligare enn vanlig idag. Vi har berre fått masse info ang. eksamen og repetert ein del, det skal vi gjere i ei heil veke. TENK 7 dagar til eksamen. GOSJ!
Som et lite avbrekk idag, reiste eg til Salong 44 for å få fiksa augebrya. Skulle gjerne reist til Eid og til FIN for å få fiksa det, men av og til kan ein rett og slett ikkje prioritere utsende, men eg gjorde det idag. Eg må sei eg likte best å gjere det på FIN. Måten ho gjorde det på fekk med til å grine, og det er ikkje tull. Først så voksa ho vekk det grøvste med alt for varm voks for så å nuppe i evigheta. Og for å få det pøøøøøørfekt brukte ho "flombelysning" på augene/augebryna mine. Føltes vertfall sånn ut. Tårene kom litt lettare sidan det kjem litt ekstra fuktigheit når ho river, men tenk å ville myse med auga og ikkje få lov, augevippane mine fekk seg eit bad, for å seie det slik... Dette er vel 4 eller 5 gangen eg gjer dette, men det er fortsatt greit vondt. - Eg veit litt meir kva eg skal forvente, men eg skulle alltid ønske eg var drita kvar gang eg gjorde det, slik at eg ikkje kjenner det så godt, neida, joda, heh.
Ein skal lide for skjønnheita, eller?


Resultatet!
Greit fornøgd. Skulle gjerne ikkje hatt dei SÅ tynne, men det er jo for seint nå, så jaja!


Stort talent

Eg tenkte eg skulle promotere eit stort talent fra "heimbygda", vel ikkje heilt da, ho er fra Vågsøy, men er ikkje så langt unna. Hanna Kvamme heiter ho, og himmel for eit talent ho er!

Desse klippa er fra VGS oppsetninga til Eid VGS.



Big, blond and beautiful

Det er heilt sjukt, spesielt fra 1.45 og ut over. 

Eg venta store ting frå deg, Hanna! Eg har eigentlig berre eit ord, og det er fantastisk!

6. mars 2013

Hårfargingstradisjon

Hei,

Eg kan endeleg klappe meg sjølv på skuldra. Eg har gjort ferdig alle oppgavene fra studieheftet, og må ærlig innrømme at eg er ganske fornøgd. Himmel så godt. Nå er det 8 dager til eksamen, og eg treng berre å pugge resten av veka! Det er litt fint. På ein annen måte blir eg meir stressa en nokon gong, sidan eg nå er nødt til å innsjå at eksamen kjem veldig fort..

Så som belønning for alt det harde arbeidet lot eg meg få lov til å friske opp fargen på håret. Det er meir eller mindre samme fargen eg hadde, berre litt mørkare og med litt varmare farger.
- Det er visst blitt ein liten tradisjon ut av dette. Belønning for å eksamen i Tyskland var ny hårfarge også

Kvifor streve etter å sjå bra ut, når du kan sjå grusom ut?

5. mars 2013

Oppskrift: Kyllingnuggets

Hei,

Resultatet av middagen var heilt konge! Det var ikkje vanskelig å lage, og krevde ikkje store kjøkkenkunnskaper for å klare å lage. Einaste er at du er nødt til å vere forsiktig med oljen når du steike den. Det er trossalt mykje varm olje, og det kan fort skje ulykker! OBS!

Dette er nok til tre svolte kara, eller ein middag til fire, det kjem også ann på kor mykje tilbehør du har til.
Til meg og Tore var det nok med ein halv kyllingkjøttdeig.

Du treng:

1 pakke kyllingkjøttdeig
1/2 ts salt
1/2 ts pepper
1-2 dl kveitemjøl
1-2 egg
1-2 dl griljermjøl (strøkavring)
5 dl olje (solsikke eller raps er best) evt. frytyrkoker, om du har det


Bland kjøttdeig, salt og pepper.
Mål opp mjøl og griljermjøl og ha i to skåler.
Visp sammen eggene
Rull kjøttdeigen til små baller, dypp i mjøl, så i egg og til slutt i strøkavringen.

Alt er klart, mangler berre å rulle ferdig kjøttboller og steike dei.

 Varm oljen, og pass på å ikkje ha oppi kjøttbollane før oljen er varm. Du kan gjerne varme den opp, og senke temperaturen litt på omnen, på denne måten er det litt lettare å holde kontroll på at dei ikkje blir brente.

Det som er fint med dette, er at dei går veldig fort å steike. Tok meg vel 5 minutter å steike alle. Så det er mulig å rulle dei litt før, også steike dei like før alt er klart.

Server med potetbåter/pommes frittes, salat av eget ønske.

4. mars 2013

Nuggets à la Nina!

Hei,

Nå holder eg på å lage middag. På menyen idag står heimelagde kyllingnuggets. Dette har eg aldri laget før, så det blir spennande sjå resultatet.

Alt er klart, mangler berre motet til å begynne..

Ellers har eg og Tore "jubileum" idag. Offisielt har vi nemlig vore sammen i eit år nå! Det er ny "rekord" for meg, og eg har ingen planer om å prøve på ny rekord, så du er nok stuck med meg, Tore!

Eg er så glad i deg <3 td="">

3. mars 2013

Musikal og barnebursdag!

Hei,

For ei helg det har vore. Fredag kjørte vi heim like etter Tore kom heim fra jobb, slik at vi rakk ein kjapp middag før eg og Amanda måtte springe ut døra igjen, sidan vi skulle på musikal. Musikalen vi såg var Eid VGS sin oppstting av Hairspray, og eg har berre ein ting å sei, himmel for eit show! Så mange på scena og så mange utrulig dyktige sangarar, dansarar og skodespelarar. Det er utrulig kva dei får til, med Michael Pavelich i tet.

Så kjørte vi ned igjen på laurdag sidan, eg skulle i bursdagsfest til fine Dina. Det vart ein tur ned "memory lane", sidan vi fekk bursdagshatter, godteposer, kopper med navn på og sang bursdagssang. Vi avslutta kvelden med ein fin kveld på træsken. Kjeekt!

Litt smådårlig.