7. april 2014

Hallo? Er det nokon her?

Oj. Det var rart å stikke innom her igjen.

Det er jo evighetar sidan eg snubla innom denne sida, ja. Er det framleis nokon innom? ..Det hadde vore fryktelig morosamt. For da er du vertfall trufast! 
Her er det ikkje så mykje nytt igrunn. Eg går framleis sjukepleien, og er nå 2. års student. Vi er nå i praksis. Halvparten av kullet er i medisinsk praksis, og den andre i kirurgisk, som eg er nå. Dette er fryktelig spennande, og vi lærer mykje. Eg har egentlig ikkje lært alt for mykje enda, sidan eg berre har vore ei veke, men godt å komme inn i stellrutiner og observere mykje også.


14. februar, sjølvaste valentinsdagen, var det "Manneauksjon" på Akutten studentkro. Samtidig var de maskerade ball. Då passa det bra at Kappahl hadde "Fifty Shades of Grey" kampanje. I løp av kvelden fekk eg til å kapre eit mannebein frå auksjonen til resten av gjengen, og det vart ein skikkelig kjekk kveld!

Eg har strikka og sydd ferdig vognteppet til den vesle, fine gutten til Silje. Mykje arbeid, og veldig kjekt. Lærerikt var det også. Mykje feiling, opprekking og "oppattstrikking", men det blei ganske bra, om eg skal seie det sjølv. Mønsteret fant eg i "Mariusboka", og gjorde ein del endringer på det. Det skulle eigentlig strikkast med rundpinne, men eg strikka fram og tilbake. Like greit. Ein del fleire trådar å feste, men med litt hjelp frå ho mor, gjekk det fint!

Eg har også blitt raudhåra. Det er så kjekt å ha ein litt uvanlig hårfarge. Var veldig ivrig etter å gjere ei stor forandring, og dersom ein klipper håret, må det vokse ut igjen før ein kan gløyme tabben, medan ein hårfarge kan relativt enkelt fargast over. Men det blir nok ikkje nødvendig. Eg elskar hårfargen min. Den er så raud og fin! ... Einaste er at etterveksten ikkje er sååå fin, og denne blir dessverre ikkje prioritert med det første, sidan eg er student med bil. Treng eg sei meir?

Familien Erviksæter har også mista ein god og fin mann. Besten min fekk endeleg kvile, etter å ha kjempa mot kreften så alt for lenge. Savna deg mykje, og kvar gang eg høyre fuglane kvitre, smyger minnene om deg som plystra så fint, og fekk svar med fuglane inn i tankane mine. Det er fint det! 


Skal sjå om eg ikkje klarer å få denne bloggen opp å gå igjen, kanskje? Kva seier du?