27. november 2015

Kva no?

Då var den levert. Bacheloroppgåva mi. Som eg hadde lyst å kaste ut av vinduet, men også ønska eg å passe godt på den, og holde den tett til brystet så ingen fekk gjere den noko. Eg trur det at slike oppgåver, som ein jobbar med så tett og lenge med over tid blir litt som "babyen" din. Det er i alle fall litt slik det føles. Er dritlei den, på samme måte som eg aldri vil levere den fra meg. Misforstå meg rett her, når eg seie baby. Eg hadde ikkje kasta en baby ut av vinduet.

Hugsa der Brænne safta? Den er kommet inn på Coop Extra her i Førde, og den blei kjøp inn for å feire med, da eg enno er sjuk
Fra SnapChat

Så.. kva nå? Det er siste innspurt på skulen dei neste to vekene. Litt meir forelesning om rettar i arbeidslivet, pasientrettar og ligande, framføring av oppgåva og, plutselig ferdig? Kor blei dei tre åra av da? Eg føler meg ikkje klar for å vere ferdig. Eg kan det eg skal kunne, det veit eg. Og eg er ekstremt nysgjerrig, så eg lære mykje heile vegen. Men ferdig på skule? Null meir arbeidskrav og eksamen? Gruppeoppgåver og studentfestar. Plutselig kan eg faktisk tittelere meg som sjukepleiar. SÅ SKUMMELT, men SÅ KJEKT! Skrekkblandet fryd, er ikkje det noko? Og der er absolutt mest fryd i den jenta her, men litt skrekk også, då det er skummelt å plutselig vere voksen, ansvarlig og heile pakka.


Eit bilete av eit tidligare utkast. Eg er glad for å ha levert denne oppgaven nå altså. Endeleg skal eg få praktisere sjukepleie! ... Eg må berre skaffe meg jobb først.

26. november 2015

Sjuk natt

For ei natt. T er jo sjuk, og har prestert å smitte meg. Så i natt endte eg opp på sofaen for å unngå å bli for irritert. Det er klart, han kan ikkje noko for at han hoster, men når det hostes tre ganger i minuttet og eg sover så lett som eg gjer, blei det ikkje mykje søvn på den jenta her i natt. Kl. 5 krøyp eg til korset og trakk meg ut på sofaen og fikk sove litt i alle fall. Fire timers søvn og innspurt på Bachelor? Ikkje akkurat kurant. Eg trur eg må trøsteete i dag.

Glassøyd, rød nese og bleik. Sjuk og trøtt. Klar for helg og avslapping. Tenker eg leverer i dag, skriver ut og leser igjennom, slik at eg eventuelt kan rette og laste opp på nytt i morgon. Uææ!

25. november 2015

Sjukdom og is

Den siste veka har T vore litt pjusk og forkjøla, og eg har denne gangen prøvd å holde meg lengst vekke som mogleg, for å sjå om eg klarte å unngå å bli sjuk. Men nei. I går våkna eg med småvondt i halsen og i dag er eg potte tett i nesa og har vondt i halsen. Heldigvis er bacheloren snart ferdig og på fredag må eg jo levere om eg vil eller ei, så kanskje heller nå enn midt i? Eg veit ikkje. Det er uvanlig for meg å vere oppe så tidlig, men tett nese stod i vegen for god søvn, så eg sto like godt opp når klokka viste 07.20 eg.

Tross sjukdom, sitter eg på skulen og jobber.
 ... og strikker mellom slagene #julegaveproduksjon eller #egenproduksjon? Har ikkje bestemt meg enno.



Og i går var eg og Ina på besøk hos Stine og Trond på Aase og fikk taco og is. Skikkelig etegilde!

24. november 2015

Morgenstund har gull i munn

God morgen!

Her sit eg og nyter fin julemusikk på radioen; P7 Klem (min faovrittkanal) har nemlig byrja å spele juelsanger 24/7 i ære av at jula er rundt hjørnet etter kvart. Og eg, som er så glad i jula, har jo alt fått opp adventsstakane og julestjerna. For ca. 2 veke sida. Noko T ikkje synes var heilt greit, men han kom nok fram til at det var ganske koselig, for det har fått stått i fred.

Kaffetrakteren putrer og går og Ina er vel rett rundt hjørnet. Frokostkaffe må ein ha, når det nærmar seg bachelorlevering.


Forresten, har du sette den nye headeren min? Fliinke Isabell fiksa den i løp kort tid i går. Er ikkje den fin?

23. november 2015

Bachelorfølelser

Heia bloggen!

FOR en dag. Før helga følte eg Bacheloroppgåva var oppoverbakke med en topp som var like høg som Mount Everest. Så mykje som skulle ordnast og skrivast og fiksast og skrivast og .. HJELP! Etter dagen i dag, derimot har eg fått meir oversikt, fått fiksa mykje og er faktisk begynt å rettskrive oppgåva. Kjempegreier. Fristen er i skrivande stund faktisk berre tre døgn og 15 timar unna. Eg trur eg aldri har hatt lignande potpuri av følelser. Spenning, redsel, nervøs, lei, motivert, umotivert, stressa, glede, angst, vemod og heilt sikkert mange andre som eg ikkje kjem på for øyeblikket.



I tillegg har eg sprunget ei heil MIL i dag. Eller jogga da. Og gått. Fekk av ein eller annen grunn veldig høg puls fryktelig fort. Snodig. Good night ppl!

21. november 2015

Stress. Stress. Stress.

Hei!

Lenge sidan nå, men bacheloren tek opp meir og meir av tida mi. Nå er det under ei veke igjen, og eg kjenner det er begynt å bli ganske skummelt. Eg føler meg ferdig, men har litt ferre ord enn eg skal ha, og fikk beskjed med veileder om at det er tid for å begynne å "prike" på formuleringer og lignende. Fare med det, er berre det at når ein ser på formuleringer vil det begynne å falle frå endå fleire ord. Så eg er litt stressa på innsida for tida. I tillegg til Bachelor, har eg ei oppgåve til Ambulansen som må gjerast ferdig. Har heldigvis fått utsat fris på denne, men det er ei ganske omfattande oppgåve denne gongen, så eg stressar litt med denne også. Oj, mykje stress her nå!


Dei fleste som har holdt på slik som meg nå, med oppgåveskriving eller lesing til eksamen kjenner seg veld igjen i kva eg skal snakke om nå. Prokastinering. SÅ kjekt å vaske leilighet i steden for å skrive oppgåve! I år har mi prokastinering gått veldig ut over strikkinga mi og julegåveplanlegging. Så eg har strikka mykje og er ferdig med nesten alle julegåvene for i år. Spørs om ikkje dei fleste er klar til 1. desember? Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko ;)


Er du i mål med årets julegåver?

13. november 2015

Bjørnen sover, bjørnen sover ...

Hei!

Det begynner å nærme seg innspurt på bacheloroppgåve med stormskritt, og eg kjenner at det skal bli godt å bli ferdig. Samtidig som det blir rart. Ferdig utdanna sjukepleiar? Eg? Så rart. Medan vi holdt på å skrive i går, tok det litt av. Nivået for kva som er morsomt blir lavare for kvart seriøse ord og setning når ein sit slik å jobbar seriøst. Så i går når Ina sovna, hadde vi andre litt harmløs morro på hennes bekostning.





Det er ikkje trygt å sovne i vårt selskap!

12. november 2015

Sjokoladeran

Hei folkens!

I dag er det trollsk stemning her i Førde! Lett sykdekke, sol og blå himmel nokon stadar og tjukk tåke ligg lavt over somme deler av Førde. Ein ting som eg sjokka oppdaga når eg var i butikken nå i veka var forskjellen i kilopris på Freia sin Melkesjokolade 200G plate og eventyrsjokoladen. 200G koster 163,- per kilo og eventyrsjokoladen koster 391! Det er nesten dobbelt så dyrt for den lille som den store.Sjukt.



Om du ser til venstre,  er det prisen på de store 200G platene og til høgre er Freia sin eventyrsjokolade. Desse bildene er tatt hos Rema 1000, og eg må sei eg stille spørsmål om å bidra til at folk kjøper store sjokoladeplater frem for dei små, om ein skal tenke økonomisk. I alle fall om ein er student. Men så skal ein jo prøve å tenke sunt også, og når ein først skal kose seg med litt sjokolade, har eg ikkje lyst å måtte kjøpe 200 gram for å ete ei eller to rad og så legge sjokoladen i skapet og ete 180 gram meir enn eg først og fremst hadde tenkt til. SKJERPINGS!



Er du ikkje einig da? Så mykje i prisforskjell? Kostar virkelig embalasjen til Freia så mykje at det skal vere så stor forskjell? Eg endte opp med å kjøpe ein annan sjokolade, for å protestere mot prisforskjellane. Då kjøpte eg Kinder Bueno, og der oppdaga eg ein annan ting ( i tillegg til at det ser ut for at er lenge sidan eg har vore i sjokoladehylla). Kinder Bueno har fjerna den raude tråden de haddei embalasjen, som gjorde at du kunne rive i et hjørne og tråden hjalp deg med å åpne pakningen. Den er altså vekk. #Frustrasjon.

Neei, god helg! Eg skal på Ambulansekurs i helga. Det blir bra! :)

11. november 2015

Når alarmen går...



Hei!

Etter gårsdagens utblåsning på Spambottar skal eg prøve å halde ein litt meir munter tone i dag.
Eg skal fortelle deg om min mandagsmorgen denne veka. Eg hadde lagt meg til samme tid som alltid, men sovna litt seint, så når eg vokna av nokre lydar 07.17 var eg ikkje heilt mentalt forberedt på å stå opp ennå. Det var før eg høyrte etter, og eg blei skremt av lyden. Normalt sett høyrer vi ikkje dei vi leiger hos. Kun når dei virkelig trampar i gulvet, og det skulle nesten berre mangle at ikkje NOKO lyd kjem igjennom. Tilbake til saken, så høyrte eg altså nokre høge pipelydar, og blei litt forundra. Den fortsatte i si høgfrekvente piping, og etter tre-fire pip høyrer eg raske, steg i retning lyden (anntar eg). Desse raske og stressa stegene (ikkje spør meg korleis stressa steg høyres ut...) begynte hjerna mi, framleis litt i halvsøvne å gå igjennom alle senario og kriseplanar eg kunne komme på, før eg vart våken og konkluderte med at det kunne vere brannalarmen.

Brannalarm
Stressa, men framleis i senga gjekk eg igjennom kvar pulverapparatet er, kvar eg kan rømme dersom, visst at, det skulle vise seg at det brenner. Soveromsvindu-stovevindu-utgangsdør.. Akkurat der og då var eg glad for at avstand mellom bakkenivå og våre vindu var kanppe 20 cm.


.. Men overetasjen blei still og ingen banka på verken dør, vindu eller ringte på, så brann var det nok ikkje. Berre hjerna mi som gjekk i krisemodus i halvsøvne, uten at eg klarte å kontrollere tankerekkene noko særlig. Eg la meg berre til å sove igjen eg.


10. november 2015

Spambot

Hei!

Er det noko som virkelig plagar meg, er det søppelpost. Og då snakkar eg om at du kanskje ein eller to ganger har vore uhelig å skrive e-posten din ein plass, slik at du reste av ditt liv får minst 5 søppel e-postar kvar dag. Eg har lenge vore optimist og kvar dag gått innom trykket på "Unsubscribe/avmeld" på alle og ein som det går på. Men problemet er jo berre det at du har epostadresser som utgir seg for å vere Apple Inc. på navnet, men når du ser på e-post adressa, ser ein at dette stemmer ikkje i det heile. Den er gjerne noko slikt som dette "info@norsk-mailer.info" og absolutt ikkje frå Apple Inc.


Men det er jo ikkje noko som er så godt som å sjå dette; Tom og rein søppelpst!


Eg er lei av å ha vunnet 100 iPad's og få rentefritt kredittkort opp etter øyra. STOP Å SPAM MEG.

- Dagens frustrasjonsutblåsning.

7. november 2015

Oppskrift: Tomatsaus

Hei!

Det var nok vin i går, sjølv om vi ikkje tok turen ut. Så i dag er eg litt redusert, men dagen blir litt bedre når middagen er så god som denne eg laga i dag! Heime laga pizza med alt som kan lagast frå botnen. Heimelaga pizzadeig, heime laga tomatsaus toppa med ost, pepperoni, bacon og kalkunfillet. SÅ GODT!


Dette er begynt å bli min "spesialitet" om ein kan kalle det, det. Pizzaen blir bedre og bedre for kvar gong, med dei untaka når eg prøver noko nytt som ikkje er heilt vellykka. Eg har eksprementert med ulikt fyll og ostetypar, og tomatsausen blir litt bedre for kvar gong eg prøver meg fram og finn noko som gjere den godt. Tomatsausen er frykelig enkel og kostar nesten ingenting.

Nok til fire små pizzaer som saus eller to store sammen med kjøttdeig, som pizzafyll.

1 boks hermetiske tomater. (ca. 10 kr.)
1 liten boks tomatpuré 140G (ca. 6 kr)
1 stor løk (ca. 2 kr) Grov-/finhakka
2-3 fedd kvitløk finhakka
Halv ts Chillipaste
litt salt og pepper
Urter som oregano, basilikum, timian

Eg likar ikkje bitane av løk, så eg lar heile greia få ei god runde med stavmikseren når alt er blanda, men om du vil ha løkbetane, råda eg det til å stavmikse før du tilsetter løken.
Løken skal forøvrig steikast blank før ein har den i sausen. Når alt er klart, gi sausen eit oppkok, og den kan godt stå og småkoke litt og kjøle seg ned før ein brukar den.

Slenger med stemningsbilde frå første advent i fjor. Ååh, som eg gleda meg til advent og jul!


Så totalt sett, om ein kjøper dei billigare alternativene kan ein lage mykje saus for under 20 kr, om ein har urtene og chilipaste i skapet. Det er ikkje verst! .. Eg brukar denne sausen på kjøttdeiga når eg laga kjøttdeig og spagetthi, som saus i lasagne og andre rettar ein har tomatsaus i. Det er ei god grunnoppkrift i alle fall :)

6. november 2015

For eit sammensurium av tankar!

Hei!

Det vart rett og slett ikkje tid til blogging i går. Dagen byrja rimelig seint, med sein og godt frokost som flinke T laga til. Så vart det tur (spontantur for min del, hadde egentlig ikkje tenkt å vere med) til Sogndal slik at Tore fekk kjøpt seg frikøyringsutstyr. Så gjekk turen heim og vi heiv oss rundt å reiste på trening. Kjenner det veldig godt i brystet og magen at det var ei stund siden sist eg trente skikkelig arm/mage. MEN desto bedre, meinar nå eg. Eg elska å sjå progresjonen.

Markløft med min faste treningspartner!

Dagen i dag har gått med til å skrive oppgåve, siden eg tok meg fri i går. Men har skrevet nesten 500 ord i dag, så kan seie meg greit fornøgd med dagens innsats. I morgon må eg nok på skulen for å finne meir forskning, då eg har endra vinkling litt, og treng andre artiklar. Litt surt, då eg var kjempefornøgd med den eine eg nå må kutte; men hei! Eg har jo lest ein forskningsartikkel som var nyttig, så kunnskapen min er blitt betre.
I tilleg til at eg nå skal skrive bachelor er eg jo med på Forskriftskurset, som gjere at eg i bland har litt fleire fristar og forholde meg til enn eg kunne tenkt meg... MEN om 21 dagar. TRE VEKER er bacheloren levert og eg er forhåpentligvis enten på vei på fest eller allerede godt i gang med å feste. Å levere bachelor er ikkje akkurat småtterier!


Huff, dette vart eit usammenhengande innlegg, men det er en sånn dag der det ikkje lenger er heilt system i haudet etter all fagstoffet som kvernar rundt der nå. Nå skal eg snart rusle på badet å freshe meg opp og fikse meg for kvelden. Skal ta nokre glass med vin, og det spørs om det ikkje blir en liten tur ut også etter kvart!

GOD HELG!

4. november 2015

Prosjekt: Rosebukett 2.1

Hei!

Tenkte eg skulle gi dokke ei oppdatering på korleis det går med rosebuketten eg har som prosjekt. Det kom ein uventa "bump" i progresjonen då vi reiste heim på torsdag i forrige veke og ikkje var heime igjen før seint søndags kveld. Utruleg nok var dei framleis i live, sjølv om dei viste tydelige tegn på "mishandling". I dag har dei fått gått igjennom ei skikkelig rydde og kutte runde, der eg fjerna gamle løv og kutta av det som var blitt dårlig på stilkane.


Eg klipte av en god del som ikkje var verdt å ha på stilkane meir. Der er til og med TO knopper nå. Så sidan sist har det kommet ein til! Spennande. Kanskje er der fleire rundt hjørnet?

Alt dette måtte gå. Nokre av stilkane var blitt mørke og såg ikkje bra ut heilt nederst, difor måtte mykje av nokre stilkar klippast. Nå satsar eg på at blada og dei nye stilkane vil sterkne og stivne litt etter kvart, for akkurat nå er dei litt slappe. Satser på at det er helgas dehydrering som gjere det, og at dei snart er store, sterke, flotte roser nok ein gong.

.. Det er kjekt å ha noko å dille med innimellom Bachelorskriving. Som rosebukettar og blogg.

3. november 2015

Augebetennelse

Hei!

I går satt eg og slappa av etter ei travel og hendelsesrik helg, når eg kjente ubehag i augene. Det viser seg at eg mest sannsynlig har fått med en dobbeltsidig augebetennelse. En veldig mild variant, slik som eg hadde sist(les om det her), når eg var i Forsvaret. Det er ikkje verre enn at det kjennes ut som eg har rusk på begge auga og at begge er tørre. Så nå skal eg en tur på apoteket å kjøpe nye augedråpar, då dei eg brukte sist gjekk ut for 1,5 år sidan. Visste du at dei fleste augedråpar faktisk går ut på dato 3-6 mnd etter dei er blitt opna? Det fant eg ut av når eg fekk googla litt.


Så nok ein gong er eg sjuk, men frisk. Eg er med andre ord litt smittsom, men så lenge ein vasker seg på hendene etter å ha vore bort i augene skal ein vere relativt trygge. I kveld skal eg på strikkekafé her i Førde, og er ganske spent på korleis det er der og kven som er der.

Ein blogg å følge

Hei!

Eg må berre seie at dette trur eg er det lengste eg har blogga på nokre år. To fulle veker med meir eller mindre daglege oppdateringar? Muligens fordi eg rømmer frå bachelorskriving til bloggen, men og kanskje fordi eg har behov for å dele tankar innimellom. 

Eg har lyst å tipse dokke om ein artig bloggar som nylig har starta opp. Eg oppdaga han på Instagram før bloggen starta, og berre av navnet såg eg at dette var eit utrulig kult "fenomen". Ikkje han altså, men det han driv med. Bloggen og instagrammeren heite "Strikkefar" og er ein 23 år gammal mann som strikker klær til si vesle datter på 2 år. Så til dei som ønsker å lese ein litt annerledes pappablogg eller følge ein annerledes instagram-konto, kikk innom Strikkefar! 



... Autokorrekt på telefonen vil så gjerne kalle han for "Strikke får". Hihi!

2. november 2015

Tilbake til kvardagen

 Puh! Då var helga over og eg rakk nesten alt eg hadde tenkt til. Det er etter slike helger ein er glad for at kvardagen er tilbake igjen. Bilane har fått på seg vinterdekk og eg har fått sendt inn oppgåva mi så veileder får lest igjennom til i morgon.

På laurdag var eg på Eid å tok en kopp kaffe med Hege, som forresten var den beste kaffe latten eg har drukket i mitt (veldig korte) kaffe-liv. Mmm!
 
Etter kaffe, reiste vi opp og såg Sound of Music som Opera Nordfjord har satt opp. FOR ein produksjon! Eg var igjennom dei fleste følelsesregister og skal innrømme at det kom ei tåre eller to i løp av forestllinga. Her har du nokre bilete frå forestillinga!




1. november 2015

Bake kake søte...

... Dyppe den i fløte.


Er det ikkje sånn den sangen går? Vel, fredag og laurdag har eg vore bakemester harepus og fredag hadde eg med lærling! Eller, det vil seie, Amanda skulle bake nokon muffins eg hadde baka før med sjokoladesmørkrem, og eg stilte opp som hjelp når det trengtes. Men i går har eg baka så det holdt. Det skal jo som sagt tidligste på bloggen vere haustfest her i bygda, og for oss "nyinnflyttarar" er dette ganske spennande, da vi er vandt med korleis haustfesten er i Kjølsdalen. Bryggja har litt å vise, men det får dei nok bra til. Eg har trua! Eg var nemlig en snartur opp om for å sjå kva som rørte seg i grendahuset på Bryggja, og der var både fin sang og livlige røster. Dette blir bra! 

Kakebunnen i mikseren
Ferdig pynta. ALdri pynta rundkake før. All ære til dokke som går det til å sjå etande ut!
Så om du er i området søndag kl. 16 bør du ta turen å sjå på kva alle barna og ungdommane i Hei og Hå 4H har klart å stelle i stand :-)

 
Måtte jo smake på baksten til Amanda - dei var skikkelig gode!
Nå skal eg suse på jobb etter ei natt med lite og urolig søv. Ein har ikkje godt av å stresse så mykje, men for ei kortare periode får det gå. Mandags morgen skal eg slappe av litt.