9. desember 2010

Kvifor alkohol?

Kvifor er det slik at mange må ha i seg alkohol for å ha det artig? Selvfølgelig er det ikkje alle som må det! No skal eg ikkje skjere alle under ein kamb, men det er ofte slik at folk ikkje gidd å vere på eit arrangement eller ein fest dersom dei ikkje har noko alkohol. Eg meiner det er ei veldig fæl og feil utvikling. Det burde jo vere slik at du hadde det kjekkare når du ikkje drakk alkohol.

Alkoholen gjer oss heilt susen i haudet, drep hjerneceller og får oss til å ikkje registrere det som skjer slik at ein får såkalla "blackout". Kvifor synes vi det er morosamt å utsetje kroppen vår for noko slik? No snakkar eg sjølvsagt om dei som drikk seg full på sprit, øl og anna, ofte. Det er ingenting galt i og vere full, innimellom men begrens det. Dette er noko som eg har tenkt på lenge, og har irritert meg over òg.
Hugsar du bursdagane da vi var små og gjekk på barneskulen? Det var gode tider! Pressangar, kake, gelé,  pølse med brød eller pizza, den småflaue flørtinga med gutane og dansinga der du så vidt turte å ta i guten, og einaste gongen du kunne danse tett med nokon var når dykk var saman eller du likte personen veldig, veldig godt? Eg savnar dei tidene eg. Kvifor kan vi ikkje ha det nå også?

Nå er det meir fylla fordi du har lyst og drikke deg full. Kor kult er det å rote med ei bra/OK dame for så å aldri ha kontakt med ho igjen? Sjå på biletet ovanfor. Er ikkje han reine heldiggrisen? Joda kjempekult å ha øl- eller spritbirller.

Skål, seier eg berre!