25. november 2014

Speleavhengig

Det er rart kor avhengig det går ann å bli av ein liten, firkanta skjerm. Gløymer eg den heime, føles det ut som om eg manglar ein arm. Ein blir liksom ekstra einsam når ein ikkje har den lille boksen til å kommunisere med kvarandre. Den siste tida har eg blitt avhengig av spelet "2048". Eit veldig poenglaust spel, som går ut på at ein skal gange sammen bokser med tall på til ein endar opp med ein boks med tallet 2048. Eg synes det var utrulig vanselig i starten, men med øving kan ein bli god på det meste, og eg fekk det til! 






I morgon startar vi i prasis. Vi skal til Vassenden Barnehage i faget"Helsefremmande og forebyggande", der vi skal ta for oss temaet hygiene. Det blir spennande. Eg har alt leita fram støvlar, regnkle, termodress og vinterstøvlar, klar for barnehagelivet!


23. november 2014

Min humor

Ah, i går var ein kjempekjekk kveld! Masse god mat og god kake, og enda betre drikke. Og om du legger til fine folk i denne ligninga tør eg påstå at det resultera i ein utrulig bra og vellykka kveld.
Ellers hadde eg og Tore det fryktelig morsomt i dag tidlig. Eg enda opp med den lengste latterkrampa eg har hatt på lenge. Du veit "dagen-der-på" når humoren ikkje er heilt i vater? Sånn hadde eg det i dag. Eg lo og lo, og til slutt filma Tore det. på Snapchat. *Aou aou*. Kort og presist, check it out! 


Eg ler av Tore som gjespa og lydane som kom fra den gjespen hørtes ut som en sel. Teite greier, men det er som oftast det som er morosamt, synes eg da.


Hatt ei fin helg?

22. november 2014

Oreokuler

I dag er det endelig laurdag igjen. I går kom Stine innom for å hjelpe meg med å lage til ein "tapasrett" til i kveld. Marie mor skal nemlig feire at ho blir heile 30 år ung i år, og det kan ikkje gå ubemerka forbi. Ho har eit veldig smart opplegg, i staden for gaver ønsker ho at alle tar med ein matrett. Så utrulig lurt! Er så spent på å sjå all den forskjellige maten.
Eg har valgt å lage noko til kakebordet, nemlig oreokuler. Fryktelig enkelt, men litt tidkrevande, så da er det kjekkare å vere to. Det vanskeligaste  er nok det å få dei knust godt nok, men har du blender eller ligande skal det gå leikande lett. Ellers er det å dyppe dei i smelta sjokolade og få dei godt nok dekt litt vanskelig. Men det går, og lat oss vere realistiske, det er ikkje utsendet som teller, det er smaken!

Oreokuler dyppet i sjokolade i konfektform med kakestrøssel på!


Eg brukte oppskrifta til Thea fra "My little Kitchen". Kjempegod!

21. november 2014

Små gleder i kvardagen

Førehandsskrivet innlegg

Du veit den gnagande følelsen du får når du har litt lavare viljestyrke enn du ellers har, og ser bilde av ein eller annan form for godteri eller kake, og går resten av dagen og "har lyst på noko"?
Sånn har eg hatt det siste dagane: Eg har hatt så sjukt lyst på kaker og godsaker at det til tider var vanskelig å gå på butikken (har nemlig begynt på ein sunnare livsstil, i allefall i haudet mitt).

Derfor satt jubelen laust når eg og Tore satt å var gode og mette etter middag sa "Kan ikkje du lage noke godt? Eg har så lyst på noko godt". Berre eit par minutter tidligare hadde eg nemlig sett eit bilde av nokon deilige sjokolademuffins! Så eg heiv meg rundt å innen en halv time var muffinsene ferdige. Eg fekk tilfredsstillt søtsug og mannen fekk noko godt til kaffen. Win win!

Beklager kvaliteten. Mobilbilde blei tatt på vei ut døra!

20. november 2014

Nykverna kaffe og fersk croissant

Når eg og Tore skulle på ferie i sommar bestemte vi oss for å heller bruke penger på opplevelsar, i staden for reise og opphald. Sjølvsagt, alt kostar, men det går ann å gjere det billig. Vi tok med oss telt, liggeunderlag og soveposar og la ut på tur. Svigers var så hyggelige å låne oss bilen i ei veke, så vi hadde kjempegod plass. Det var utrulig deilig å ikkje måtte bekymre seg over om vi fekk plass til alt!


Telt, bil og ein heller ufrivillig model som fikk streng beskjed om "Smil! Eg skal ta bilde". Om han protesterte veit eg ikkje, trur eg leid av midlertidig "selektiv hørsel" i det øyeblikket.
Presenningen på bildet blei i løp av natta blåst laus, så høyrtes ut som om nokon stod utanfor teltet og slo på bølgeblekk med hammer. Tore gjekk (som helten han er!) ut og henta inn presenningen, sånn at frostpinnen i tjukkast sovepose ikkje måtte bli kald.


Vi spiste frokost på Lom Bakeri, nydelig nybakt brød og croissant og blåbærmuffins. Litt luksus som ein kan unne seg, sidan ein bur så utrulig billig (og upraktisk) på tur!


Medan vi var der gjekk vi rundt i sentrum å såg på severdigheitar og var skikkelege turistar. Vi var på bergmuseet, gjekk rundt stavkyrkja og inn i eit stort gammalt stabbur. Så såg vi Zip-Line'en som Aktiv Lom drifter, og bestemte oss for å utsette avreisen til etter vi hadde fått prøvd dette. Sidan vi var to på tur var det vanskelig å få bilete av nokon som rutsja ned, men kjekt var det uansett.
Siglande ned, over ein svær brusande foss. Eg fekk meg ein god, våt dusj av denne, sidan eg kom over stryket på akkurat riktig tidspunkt, akkurat då den ville sprute, slik som berre eg kan.

 Toppen

 Bunnen


Siste stykket

19. november 2014

"Oppå lauvåsen veks det... blåbær, mange blåbær, berre blåbær"

... hele vela er berre blåbær!" Sånn var det vertfall når eg og Tore var på ferie i sommar!

For å bedrive tida på den eine dagen på ferieturen eg og Tore hadde gleda oss til å "gjere ingen verdens ting". Det var kjekt i sånn cirka to minutter før eg vart rastlaus, så eg tok med meg godt mot, ein plastpose og tusla ut i skogen for å plukke blåbær. Eg blei ikkje skuffa, for det var virkelig rikelig med blåbær der, kan du sei.

Slik såg alle tuene ut! Mykje blåbærsyltetøy der.

Etter kvart høyrte eg eit skummel "knekk", men det var ingen ringare enn Tore som hadde kommet etter meg fordi han kjeda seg han også (eller, egentlig ikkje. Eg ropte til han kom, men det er ei anna historie). 
"Ta bilde da!"

 *Knips*

"Tok du nettopp bilde av rompa mi?" Fekk eit veldig uskyldig og lyst "Neei?" til svar..

Så stolt over dagens fangst. Var på dette tidspunktet så lei at eg ga opp. Blei god dessert da!

7. november 2014

Helg - endeleg er du her!

Åh, helg. Den herlege kjensla av å kunne slappe av og ikkje gjer noko! Det er så befriande og deilig.

For tiden skriver vi oppgave på skulen, så vi velger litt sjølv når vi vil møtes. I dag skulle vi ikkje møte før 11.00, så da greip eg og Ina muligheten til å ta en litt sein morgentrening - og GUD så deilig! Jogge en liten etappe for så å ta ei lett styrkeøkt - deilig. Og ikkje for å snakke om dusjen. "Regnskogdusj", sånn som er ei stor plate som vannet faller fra. 


6. november 2014

Oh, the joy of life

Ååh!

Eg hatar å vere student. Det er så dyrt å leve, og ein har skjeldan råd til å frotse. Ein må planlegge innkjøp for å ha råd til å kjøpe litt god kvalitet på varer sin gjerne ønsker at skal fungere skikkelig. Vaskemidler er sann som er kjekt å kjøpe litt skikkelig kvalitet på. Matvarer også. Det å kunne kjøpe skikkelig kjøtt og grønnsaker. 
Til dømes, til middag i dag hadde vi den klassiske "det vi har i kjøleskapet"-suppa. Denne besto av brokkoli, gulrot, blomkål, hodekål og løk kokt i buljong. Fryktelig kjedelig og smaklaust, men valget er jo å gå utan og det er jo uaktuelt. Og det beste med det heile? Jo, der er nok til i morga og sikkert dagen etter det også. Det gledes.


12. juni 2014

Når bestevenner blir venner og bekjente

Hei kjære bloggen. Anar ikkje om nokon er innom her, men har eit ønske om å lufte tankar, sjølv om ingen les. Er du her, sett eg pris på å høyre dine erfaringar rundt temaet, om du har nokon. 

Dette er noko eg antar eg ikkje er aleine om å ha opplevd. Folk flytter, forandrer seg eller ønsker kanskje rett og slett ikkje kontakt lenger. Uansett grunn, gjer det like vondt. Det er vondt å sjå nokon du ein gong delte alt med, dele alt med andre, og du får ikkje vite noko. 

Eg har sjølv opplevd, fleire gongar, å "bli bytta ut". Det er sårt. Ein tenkjer ofte tilbake på det ein har opplevd, og lurer vel litt på om den andre parten har gløymt det? Denne fasen er vond, og ein er litt ekstra sårbar. Det går heldigvis over, og dersom du har opplevd dette, har du kanskje lært det eg har lært. Slike mennesker blir skuggar i minnet ditt. 
Du hugsar dei var med, kanskje, eller du hugsar noko dykk gjorde saman. Det første eg hugsar når eg tenker på desse personane, er først og frems følelsen dei gav meg. Følelsen av å bli satt til side, utan åpenbar grunn. Ikkje god nok eller for sjølvgod? For fjern eller klenget? Lite morosam eller aldri seriøs? ... Spør du meg, spør eg deg. Eg er ikkje blitt klokare av å fundere på det.



Eg er sjølvsagt litt skuld i dette sjølv. Eg kan vere flinkare å halde kontakten med mine venner. Prioritere annerledes. Men i nokon tilfeller går det berre ikkje. Nokon ting kan ein ikkje prioritere vekk, og det er vanskelig å halde kontakten oppe. Når ein prøver å finne på noko eller starte ein samtale og den andre ikkje gir eller har entusiasme, er det ikkje lett. Ein kan gi og gi, men så lenge man ikkje får noko tilbake, vil man til slutt gå tom. Tauet har to endar, og begge må dra og gi for å klare å halde tauet stramt.

Nokon vennskap fasinerande meg. Sjølv om begge partar ikkje snakkar saman på lenge, gjer det ingen ting. Så av og til kan det faktisk haldast stramt, sjølv om man ikkje følger med. Slike vennskap klarer å takle det meste. Eg er heldig, og har nokre slike. Kva med dei som har ingen, og kanskje ikkje klarar å få nokon heller? Det må vere einsamt. Eg føler meg av og til einsam. Eg har mange vener, men få på innsida av haudet, som får vete alt som går for seg i tankane mine ein roleg kveld når ein er litt ekstra nedfor og sårbar.


Mykje surr, men tankane måtte ut.




7. april 2014

Hallo? Er det nokon her?

Oj. Det var rart å stikke innom her igjen.

Det er jo evighetar sidan eg snubla innom denne sida, ja. Er det framleis nokon innom? ..Det hadde vore fryktelig morosamt. For da er du vertfall trufast! 
Her er det ikkje så mykje nytt igrunn. Eg går framleis sjukepleien, og er nå 2. års student. Vi er nå i praksis. Halvparten av kullet er i medisinsk praksis, og den andre i kirurgisk, som eg er nå. Dette er fryktelig spennande, og vi lærer mykje. Eg har egentlig ikkje lært alt for mykje enda, sidan eg berre har vore ei veke, men godt å komme inn i stellrutiner og observere mykje også.


14. februar, sjølvaste valentinsdagen, var det "Manneauksjon" på Akutten studentkro. Samtidig var de maskerade ball. Då passa det bra at Kappahl hadde "Fifty Shades of Grey" kampanje. I løp av kvelden fekk eg til å kapre eit mannebein frå auksjonen til resten av gjengen, og det vart ein skikkelig kjekk kveld!

Eg har strikka og sydd ferdig vognteppet til den vesle, fine gutten til Silje. Mykje arbeid, og veldig kjekt. Lærerikt var det også. Mykje feiling, opprekking og "oppattstrikking", men det blei ganske bra, om eg skal seie det sjølv. Mønsteret fant eg i "Mariusboka", og gjorde ein del endringer på det. Det skulle eigentlig strikkast med rundpinne, men eg strikka fram og tilbake. Like greit. Ein del fleire trådar å feste, men med litt hjelp frå ho mor, gjekk det fint!

Eg har også blitt raudhåra. Det er så kjekt å ha ein litt uvanlig hårfarge. Var veldig ivrig etter å gjere ei stor forandring, og dersom ein klipper håret, må det vokse ut igjen før ein kan gløyme tabben, medan ein hårfarge kan relativt enkelt fargast over. Men det blir nok ikkje nødvendig. Eg elskar hårfargen min. Den er så raud og fin! ... Einaste er at etterveksten ikkje er sååå fin, og denne blir dessverre ikkje prioritert med det første, sidan eg er student med bil. Treng eg sei meir?

Familien Erviksæter har også mista ein god og fin mann. Besten min fekk endeleg kvile, etter å ha kjempa mot kreften så alt for lenge. Savna deg mykje, og kvar gang eg høyre fuglane kvitre, smyger minnene om deg som plystra så fint, og fekk svar med fuglane inn i tankane mine. Det er fint det! 


Skal sjå om eg ikkje klarer å få denne bloggen opp å gå igjen, kanskje? Kva seier du?