30. oktober 2015

BusyNisse (Bissinisse)

Hei!

Eg og T hadde planlagt å reise heim i helga, så når vi fikk sjå kor mykje frost det var ute, fant vi ut at vi måtte berre køyre i går, så i går parkerte vi bilane i Nordfjord. Denne helga skjer det fryktelig mykje, så eg har jobba ganske heftig siste to vekene for å kunne komme i mål med mest mulig. På mandag leverte eg oppgåva til Forskriftskurset, sjølv om det ikkje var frist før i dag, og prosjektplanen min sendte eg inn for godkjenning på onsdag, sjølv om 2. gangs leveringa ikkje hadde frist før i dag tidlig. Alt for å kunne skrive litt meir på Bachelor, da eg skal ha veiledning på tirsdag, må denne leverast på mandags morgon for at veileder skal kunne forberede seg.

Denne helga her er fullpakka av kjekke familiehendelsar, musikal, ei ekstravakt, haustfest og skifting frå sommardekk til vinterdekk. I dag skal eg og Amanda bake kake og muffins, eg må legge om dekk og sette meg ned med oppgåva slik at denne mest mulig ferdig, slik at eg slepp å tenke på denne i bakhovudet heile tida.
 
Stemningsbilde; Usminka, ubørsta og rotete bakgrunn.
Hurra for travle helger, men kanskje ikkje samtidig som ein held på med Bachelor.. Det får i alle fall tida til å gå fort da!

29. oktober 2015

Graver etter gull

Hei!

Som dokke kanskje fikk med dokke, var eg til tannlegen forrige onsdag å trakk ei visdomstann. Nå har heldigvis sjølve såret grodd, slik at smertene så og sei vekke. Det kan av og til gjere vondt om eg ikkje er forsiktig når eg tygge harde ting eller pusser tennene litt uforsiktig. MEN, ein ting eg hadde gløymt når det kom til å trekke tann var det hullet som kjem etter sårflata er grodd igjen og tannkjøttet skal begynne å gro "opp" til resten av tannkjøttet. For det som er med det hullet, er at det meste av mat som er i små bitar, dei blir sittande fast ned i det hullet

Frustrert frøken som er lei av å måtte grave etter "gull" i hullet etter tanna.
Altså, det gjere ikkje vondt eller noko slikt, men det er litt plagsomt å måtte stikke fingeren inn i munnen å forsiktig grave ut smulen, brokkolibiten eller macaronien sånn dann og vann under måltidet. Blir ikkje restaurantbesøk med det første, for å seie det sånn!

Frosten kjem!
Det er forresten begynt å bli skikkelig kald haust i Førde nå!

28. oktober 2015

Skremt av sin egen skugge






Hei!

Du veit når du er liten og har lagt deg i senga, og lyset framleis er på? Da blir kreativiteten testa, for oppfinnsomme måtar å skru av lyset på uten å forlate senga. Det er eigentlig fasinerande. Eg trur nemlig at ein bruka meir energi på å komme på metoder og faktisk utføre dei, enn ein ville brukt dersom ein røyste seg, trykte på brytaren og gjekk og la seg igjen.


Det er ikkje fordi eg gløymte å skru av lyset at dette skjedde, men fryktsenteret i hjerna mi køyrte på høggir i går, då eg avslutta kvelden med å sjå på en småspennande og litt skummel serie rett før leggetid. Eg veit ikkje kvifor, men sjølv i ein alder av 23 år klarer eg ikkje kontrollere den urealistiske frykten når eg er aleine. Hadde T vore her, hadde det ikkje vore noko problem, då hadde eg ikkje tenkt på det ein gong.

Så under påskudd av at det var latskap kasta eg (nesten) alle putene eg hadde tilgjengelig på brytaren før eg måtte gi opp, stå med en fot i senga, andre på gulvet for å rekke langt nok, og skru av lyset. For så å sprette tilbake i senga og under dyna (som forøvrig er en trygg plass). Hjerna mi er snodig på det viset.


27. oktober 2015

Minien i familien.

Hei!

Eg kjem frå ein familie der vi er tre søsken, og eg er den midterste. I Følge naturen bør jo eg då vere midters i lengde også, ikkje sant? Vell.. det stemmer ikkje. Eg trur det var manko på lager den dagen DNA'et mitt var innom for å plukke opp centimeter. I alle fall i forhold til mine søsken. MI VESLESØSTER PÅ 15 ÅR ER BLITT HØGARE ENN MEG.

Og ikkje berre litt heller, det er faktisk merkbart...

Mamma, Amanda og meg. Nokon som ser at centimeterane mine manglar?!

Prosjekt: Rosebukett 2.0

Hei!

Som dokke såg forrige veke hadde eg en rosebukett som trivdes usedvanlig godt. Nå har alle blomsterne visna vekk, men det har faktisk kommet opp ein ny knopp og mange nye friske blader. Derfor har eg tenkt å forsøke å holde liv i desse for å sjå om eg kanskje klarer å få enda ein bukett av roser. Det er i allefall mange nye blad som har kommet, så det blir spennande å sjå!



Nå har eg renska vekk alt det gamle på rosene og delt buketten i to og satt dei i vinduskarmen i håp om at det vil føre til at dei får meir lys og rom til å vokse. Trikset er fremdeles sukker og sitron i buketten. Eg tok faktisk ikkje av siste blomstrane før i dag, så teoretisk sett har buketten vart i nesten 2 og ei halv veke!

Kjenner dette er veldig spennande. Denne buketten har faktisk en knopp også, så det er ganske kult!

26. oktober 2015

"Dritten i midten"

Eg har lenge måttet følt på både fordelane og ulempene med å vere den midterste ungen i flokken, men mindre og mindre nå som eg har flytta ut og kun er heime i helgane, og gjerne ikkje like ofte som før. Det er ikkje eit fenomen du kjenner deg igjen i, med mindre du sjølv har vokst opp som den så kalla "dritten i midten".


I sommar klarte eg å dra meg med Tore, under påskudd av at Jørgen André og Helene hadde tenkt seg, sjølv om det var eg som overtalte dei til å bli med. SÅ KJEKT DET VAR! Eg kosa meg glugg, og følte meg berre litt rar som gjekk på dette som voksen uten unger.. Men berre litt!

Det er klart at foreldrene ikkje tenker over det, men under oppveksten (i alle fall min) blir ein som midterste barn pinlig opptatt av materialistiske ting og veldig nøye på rettferd eller at det i alle fall går i din favør. Som barn nummer to er det ingen problem med å arve. Misforstå meg rett, eg er for gjenbruk, men når da minstemann kjem til verden, då er jo alt utslitt, fordi kleda du brukte vart jo heilt utslitt av å sitte på golvet å leke med barbie og dukker! Sjølv om kleda som eldstemann sprang rundt i skogen og rein hull i var heilt klar for ei ny epoke i din kommode. Det var nok ikkje sånn det eigentleg var, men mitt 8-9-10-årige meg klarte ikkje sjå anna, så ein kan vel påstå at eg var sjalu.


Er her andre som har vokst opp som "the middle child" som kjenner seg igjen i det eg skriv her heller? Eg er sikker på at det ikkje er ein dans på roser å vere eldst, midterste, yngst eller enebarn, men eg kan med handa på hjerte seie at å vere i midten kjem med utfordringer! 

25. oktober 2015

Under to måneder til jul

... Og det feires med en god kopp gløgg! Gløggen er frå i fjor, og har stått bakerst i skapet i mange måneder og gleda seg til eg får julestemning igjen. Nå er tida kommet og eg elska det. Spørs om det blir litt julebrus nå under bachelorskrivinga også :-)



Det er min absolutt største favoritt drikk når det kjem til jul og varmdrikk. Åh, følelsen av jul altså 💙

Forresten, Tore veit ikkje at eg har tjuvstarta på jula, så sett pris på om ingen sladra på meg!


23. oktober 2015

Rosebuketten som spirer?

Hei!


Eg veit ikkje heilt korleis eg har fått det til, men eg trur eg har fått grønne fingre på eit vis. Eller, kanskje ikkje alle fingrane mine er grønne, sidan fredsliljenen mine ikkje blir anna enn grønne (dei har ikkje hatt blomster på fleire månedar). Men rosene mine derimot. Dei vekse. Alttså, ikkje i høgda, og (enn så lenge) har det ikkje kome fleire blomtra, men bladene kjeme lysegrønne, nye og friske.


Desse bilda er då altså tekne med ti dagers mellomrom, og dei har begynt å vokse! Sidan vi skjeldan kjøper bukettar, er dette noko som er heilt nytt for meg. Er dette vanlig? Er det vanlig at skuddene begynner å vokse? Kjem eg nå til å ville få blomsterkopper?


Om nokon andre vil følge opp suksessen ved å gå i mine fotspor, så skiftar eg vatn ca. annankvar dag, har en ts sukker og ei ts sitronsaft per halvliter med vatn. Kan også vere lurt å ha nokre dråpar klorin i etter kvart, då dette drep bakteriane som likar seg i vatnet og startar nedbrytingsprosessen, eller noko sånn. Oppskrifta fann eg på det O' store internett og eg hugsar ikkje kven som hadde lagt det ut, men eg sprer meir enn gjerne kunnskapen.

22. oktober 2015

Prokastinering og sånn

Hei!

Dagens innlegg kjem dessverre heilt på tampen av kvelden. Dagen idag har gått med på å skrive litt på oppgåva, bake brød (som smakte himmelsk), og ellers utsette det eg veit eg bør gjere. Eg har nemlig prokastinert, for å bruke eit fint ord for å utsette ting. 

...Eg har også synes passelig synd i meg sjølv som har litt smerter i kjeven og munnen etter å ha trekt Tanna i går. For dei som ikkje er klar over det, smerteterskel som et lite ekorn, og er særdeles lite glad i å ha vondt. Så då blir stakkars Tore gåande å høyre på mi klaging over "at det er så vondt å snakke" eller, "ikkje kil meg, det er så vondt å smile", og ikkje minst når stakkaren er god og klemmer meg, men klemmer på feil side. Då må Nina ha litt tid før ho klare å fungere optimalt igjen. 

Nå i disse tider sitter jo eg og skriver min bachelor, og eg motivasjonen er merkbart varierande. Nokon dagar føler eg for å sitte heile dagen og berre skrive, fordi eg eg er kommet så godt i gang. Andre dagar er stolen alt for hard, strikketøyet alt for fristande og leiligheta er plutselig gullande rein.


Det er noko i det.



21. oktober 2015

Er eg ikkje vis lenger nå, sidan eg ikkje har visdomstenner?

Dette er faktisk innlegg nr. 200 på denne bloggen! :)

Hei du! 

I dag har eg vore hos tannlegen. Det har seg nemlig sånn at visdomstann nr. 2 har brutt igjennom, og den gir klart signal om at den ikkje har lyst å vere i min munn. Sist eg trakk tann fekk eg beskjed av tannlegen i Førde som hadde tid, fordi eg måtte faktisk ringe til 13 ulike tannlegar for å finne tak i nokon som hadde akuttime til nokon som ikkje var deira pasient, at når neste tann kom igjennom, var det berre å ta kontakt, så skulle han trekke den også.

Er mønsterpasient og kjem med gullande rein munn!


Mi første visdomstann tok eg i jaunar. Så det tok eigentleg ikkje lang tid før nestemann i rekka var klar. Heldigvis har eg berre to visdomstenner. Eg fekk nemlig tannlegen til å ta røntgen heilt bak før eg vart 18 (det var jo framleis gratis) slik at  eg kunne vere forberedt på det som skulle komme. Ho kom jo med ein gledelig nyhet. Eg har høyrt om personer som har dobblet sett med visdomstenner - altså 8 tenner, så eg er fryktelig fornøgd med å "berre" ha to.

Litt småpjusk, da det var begynt å bli vondt i såret og ekkelt å bite på tupferen. Dette var i Januar.
Eg vart ganske paff då, i januar. Eg kom, satt meg ned, medan tannlegen trekte opp medkamenter og tannpleier tok røngtenbilde av tanna. Han satt bedøvelse og fortsatte å lage til, og 15 minutter etter at eg satt meg i stolen, var eg ei tann fattigare og ferdig. Det gjekk så fort! Eg såg for meg "dikkedaring" med å lirke og kløyve og alt i hop, men den kom ut neste av eiga fri vilje, virka det som. Flink tannlege!

Bedøvelsen er satt og tanna kan nesten ikkje vente med å komme ut. Eg er meir tilbakeholden i det heile og tenker mest på vondten som kjem etter på, når bedøvelsen ikkje er der lenger og tanna har forlatt sin hule.


Denne gangen var det samme gangen i det, berre vi tok ikkje røntgen, så det tok vel ti minutter fra eg satt meg i stolen, han såg på tanna, bedøvde, og trakk ut tanna til eg var ferdig. Eg tok en snapp i det bedøvelsen virkelig var begynt å virke, og når eg var komen heim igjen (fra sentrum til Vie) var det 14 minutter siden. Det seie vel sitt. Effektiv og flink tannlege, som ikkje var så veldig dyr, det lika vi! Tanna valgte eg forresten å "donere" til tannlegekontoret, slik at studentane kan studere tanna. Be my guest, seie nå berre eg. Spesiell interesse, tenner, altså. 

 

Korleis har du opplevd å fjerne visdomstenner? Eg vil gjerne høyre om det, så legg igjen ein kommentar, så kan eg kose meg med tannlegehistorier ut over kvelden!

Sukker her, sukker der, sukker overalt!

I helga var eg på besøk med Renate i Bergen, og sidan ho hadde bursdag på mandag (gratulerer med overstått!) måtte vi sjølvsagt bake kake. Renate hadde alt funnet ut hvilken vi skulle bake, og det var ingen ringare enn kaka som Tv2's God Morgen Norge hadde kåra til norges beste sjokoladekake. Den levde virkelig opp til sitt navn, må eg ærlig innrømme. Så mektig og god med masse smak av god, saftig sjokolade. Eit liite kakestykke er meir enn godt nok for min vesle kakemage i alle fall.

Før vi baka kake, var vi en tur på Hillesvåg ullvarefabrikk, der det lukta deilig, rein, norsk ull i det du åpna døra til butikken. Det var jo ikkje så rart, då garnet blir produsert rett over, i 2. etasje. Det var åpent opp, og ein kunne sjå maskinene og mykje av produksjonsporsessen. Når vi var der, fekk eg forsinka bursdagsgave med Renate, så nå skal det snart bli tjukk og god "uta-på"-gensar i friske fargar på meg!

 Og uten å tenke oss heilt om, lagde vi også Crème Brûlée frå botnen av. Fryktelig enkelt og farlig godt. Vi brukte oppskrifta til MatPrat, og eg må ærlig innrømme at eg (alt for) lenge har sett på Crème Brûlée som teknisk utfordrande, men det vanskligaste var faktisk å skille eggekvite frå eggegule og å skrape vaniljefrøene ut frå vaniljestanga. Så det var ikkje voldsomt teknisk utfordrande, noko ein likar, når det er så godt og så enkelt!



Og om du orkar noko meir etter all denne pratinga om sukker og ull, hadde eg satt pris på om du kanskje ville ta turen innom Facebook-sida mi og likt denne, så kanskje du får med deg neste innlegg også?

20. oktober 2015

Når du klør... Der...

Du veit den eine plassen på kroppen. Den edle fine plassen der sola sjeldent skinner (i alle fall på denne åratida) og hendene sjeldent vanker? Til tider så bestemmer kroppen seg for at du skal klø... Akkurat der. Problemet er berre at det er litt vrient å klø seg der, uten at befolkningen rundt deg anten ser litt rart på deg, eller trekker gjenkjennande på smilebandet. Det er heller ikkje det at hendene ikkje får lov til å ta på denne plassen, det er berre det at evolusjonen gløymte av ein vesentlig egenskap under utviklinga. Om ein er to, er det som regel ikkje eit problem. Dersom du har eit nært nok forhold til denne personen, kan ein faktisk spørre om du kan få hjelp til å nå denne plassen. 

.. Men om du spør ein framand, ville nok du fått eit rart blikk og inga hjelp. *sukk*

 
Eg snakkar sjølvsagt om ryggen (kva tenkte du?), og ikkje berre kvar som helst. Nei, mellom skulderbladene. Kva har det seg at vi ikkje har mulighet til å ivareta våre eigne behov? Eg har fleire gangar opplevd å sjå ut som ein desperat blekksprut som plutselig fikk for stive armar. 


 Forresten! Håret mitt er blitt så langt at det (med nød og neppe) går opp i hårstrikk! Då eg klipte meg kort, hadde eg ikkje sjans, og det er berre to veke sidan eller noko. Håret veks fort! 

#ProsjektVekkMedEttervekstHeiNaturligHårfarge

19. oktober 2015

Logikk søkes

For en morgen... Eg vakna i dag kl. 07.00 lys våken med en følelse av at noko var galt. Eg hadde i løp av natta hatt nokre milde mareritt, så følelsen blei nok forsterka av dette. For å forsikre meg om at det berre var hjerna mi som jobba overtid, sendte eg melding til Tore for å sjekke om han var OK. Eg fikk ikkje svar. Eg bestemte meg for å gi det nokre minutt før eg ringe, for å "gi han en sjanse til å,svare". Så eg venta dei 6 minuttene eg hadde tenkt å vente. Han svarte og flira litt av meg, berre godhjertet latter altså 😅 


På veg inn på badet fikk eg ikkje igjen døra, og fikk jo då lettare panikk. Den var umulig å få igjen uten å ta i, så i min fremdeles mareritt "redd for at noko har skjedd" prega tankegang trudde eg at nokon stod å holdt igjen døra. Litt febrilsk leita eg etter årsaka, og trudde i ein augneblink Tore fremdeles var heime og hadde gjemt seg bak døra og holdt den igjen. Eg forventa i eit lite sekund at han skulle kikke fram fra bak døra og flire av min panikk. Heldigvis var det berre eine armen på sokke-karusellen som hadde kilt seg mellom døra og dørkarmen.


Det neste som skjedde var nok fremdeles prega av treig tankegang og litt dårlig morgen. Eg skulle vaske over lokket på termosen min, og skjønte virkelig ikkje kvifor vatnet ikkje blei varmt. Etter ein god del tenking, fundering og frustrasjon, kom eg fram til at eg må ha skrudd på vasken på iskaldt vatn, ikkje varmt som eg trudde. 


For ein morgen. Eg trur eg la igjen logikken i stova når eg gjekk å la meg i går, for eg kunne virkelig ikkje finne den i dag tidlig.. 

 


17. oktober 2015

Ein av mine lidenskapar og hobbyar

Strikking er vel egentlig noko eg har holdt på med i mange år, med ulik grad av engasjement. Eg lærte å strikke når eg var 7,5 år, eg hugsar augeblinken så godt, fordi det var den kvelden mamma og pappa var på sjukehus og fikk veslesøster mi, Amanda. Bestemor var barnevakt, og eg lærte meg å strikke. Mitt første prosjekt var eit rødt skjerf, om det kan kallast eit skjerf, så hullete og ujamnt det var. Men eg hadde laga det, og det gjekk fint rundt bamsen min sin hals, det var tross alt i januar.

Sidan har eg hatt varierande strikkeglede som blomstra for fullt når eg begynte på høgskulen. Eg strikka pannebånd, iPadtrekk og anna smått. Etter dette begynte eg også på min første genser, og valget fallt på "Nancy" frå Sandnes garn. Den er såå fin, men desverre litt for ettersittende til at eg kan bruke den uten å bli veldig varm og klø veldig. Så strikka eg "Eskimo" frå sandnes. Etter tips frå dama i butikken gjekk eg over til en litt tynnare garntype enn originalen, og skulle då heller strikke to størrelser større, men eg strikka så stramt, at den vart nesten like trang. Så klok av skade strikka eg neste gensar laust, og fint, men halsen er litt trang, så lurer på om eg skal ta den opp igjen å strikke på nytt.

MEN, nå i helga lærte eg meg ein heilt ny teknikk som eg har utsatt lenge, fordi det ser så vanskelig ut, nemlig flettestrikk.

Enkel flette, ser meir ut som tvinning, synes eg.
 Det var så kjekt å sjå at teknikken ikkje var vanskelig i heiletatt. Det var så lett som eg har blitt fortalt. Dette pannebåndet er strikka med mønsteret:
Pinne 1: tre masker rillestrikk, 1vr, 1r, 1vr, (her skal fletta vere) ant. masker fletta skal gå over, 1 vr, 1r, 1 vr, tre m rillestrikk
Pinne 2: tre m. rillestrikk, 1r, 1 vr, 1r, (antallmasker fletta går over, 1r, 1 vr, 1r, tre m. rillestrikk.

Med enkel flette har eg fletta kvar 6 omg. og med dobbel kvar fjerde, annankvar.

Min personlige favoritt, dobbel flette.
Desse pannebåndene brukte eg ca. 5 timer på å strikke, og dei blir så fine! Amanda har bestilt eit som er neonrosa og ikkje klør, så det blir nok rosa polyester eller akrylgarn.
EDIT: Var på sparkjøp å fant det som heiter "SparGarn" som har 23m/10cm på pinne 3,5/4 og 50g = ca. 100m

16. oktober 2015

Romantisk middag for to

I går laga eg ein skikkelig god og romantisk middag til meg og Tore. Indrefilet av svin, ovnsbakte potetbåter, heimelaga kremet sjampinjongsaus og rosenkål. Så god mat, og et lite glas med vin attåt (vi har ennå vin frå taxfreebesøket i august). Lys på bordet og røde roser. Nei, det var så fint!



I går lagde eg meg kakao. Ikkje 1-2-3-kakao, men skikkelig frå Freia, av den typen som er så bitter om du ikkje blandar i sukker så er det nesten ikkje godt.

50/50 heilmelk og havremelk. Det var skikkelig godt!
 Så etter gårsdagens suksess ønskte eg å lage meg det frokost i dag også. Denne gangen var det tomt for kumelk, så det blei eksprementering med havremelk. Det blei overraskande godt, men best når det var varmt. Når det blei kaldt, var det i grunn litt mykje av det gode, og litt kvalmande igrunn. Trur ikkje eg gjorde noko galt da?



Beklager at det blei så mange bilder fra Snap..

15. oktober 2015

Oppskrift: Heimelaga Granola

Tenkte det var på tide å dele min favoritt frokost og "etter-trening-kjapt-måltid", nemlig granola!

Granola er i grunn ein form for müsli, berre at denne er steikt slik at den er litt crisp og har fått litt ekstra smak. Det fine med å lage det sjølv, er at man bestemmer innhold, smak og sukkermengden sjølv!

"Grunnoppskrift"

  • Havre
  • Bygg
  • Rug
  • Hvete

Her styrer du mengden sjølv. Eg kjøpte ein ferdigblandet müsli på butikken som inneheld 1/4 av kvar enkelt ingrediens fordelt på ca. 750g. Ha dette i en bolle (evt. halvparten, for en mindre porsjon), og tilsett til dømens frø, nøtter eller anna etter ønske. Dersom du ønsker tørka frukt i, til dømes rosiner eller aprikos, må du vente med dette til etter steiketid. Nokre forslag her er:

  • Solsikkekjerne
  • Sesamfrø
  • Linfrø
  • Mandel
  • Hasselnøtt
  • Valnøtt

Dette er bare forslag, det er mange ulike ingrediensar ein kan ha i, bruk fantasien. Mengde styrer ein sjølv, men om du lager så stor porsjon som eg gjorde med den ferdige pakken, kan du godt ha 1-2 dl med kvar type frø og ein pakke (250g) med mandler osv. Nøttene kan det vere lurt å hakke i mindre biter, for at de skal trekke til seg smaken og at bitane ikkje er så store.



Så er det smaken ein skal tilsette. Her er mange alternativ også, men min favoritt er:

  • Eplejuice (3-4 dl)
  • Sukker  (1 dl) Kan sløyfast
  • Honning (2 ss)
  • Kanel (1/2-1 ts) Kan sløyfast

Ha eplejuice, sukker, honning og kanel i ein liten kaserolle. Varm eplejuicen, ikkje kok, til sukker og honning har smelta sammen med juicen. Hell så over granolaen. Bland dette til all müsli har fått fukt på seg. Ønsker du ikkje sukker og honning, kan du bruke t.d. rapsolje og eplejuice.

Fordel på ei plate kledd med bakepapir. Laget bør ikkje vere tjukkare enn 1-1,5 cm, dersom du skal få jevn steiking.
Steikast i ovnen på ca. 125 grader i ein time. Kvart 10-15 minutt bør du ta ut plata og vende blandinga godt, slik at den blir jevnt steikt. Avkjøl og ha over i boks/krukke når det er kaldt.

14. oktober 2015

Travel haust i vente

Da tenker eg det er på tide med en liten oppdatering til dokke som forvirra dykk inn på bloggen her tidvis. Dette halvåret kjem til å bli fryktelig hektisk, men det er jo slik eg likar det, mykje å henge fingrane i og kjekke aktivitetar. Eg er nemmelig begynt på 6. semester av utdanninga mi, og det vil sei to ting: Fordjupningspraksis og bachelorskriving. Vi er nå kommet ut i andre veka av bachelorskriving, og eg føler eg har ein (eller tolv) stor badebalje med vatn som eg skal ballansere på haudet. Det er ikkje det at eg ikkje har kunnskapen, den ligg berre fyrktelig langt bak i hjernen for augeblinken... Temaet eg har bestemt meg for er spennande og eg håper det blir bra, må berre finne nok litteratur, så kjem det til å gå fint.

Eg er ferdig med fordjupningspraksis, som eg var så heldig å få ha i Ambulansetenesta. Det var så kjekt! Eg stortrives med akuttmedisin, og det fekk meg til å melde meg på Helse Førde sitt Forkurs for Ambulansetenesta, slik at eg kan ta vikarvakter i ambulansen. Kjekt! Så samtidig som eg skal skrive bachelor, skal eg altså gå på eit samlingsbasert sjølvstudium. 7. februar er det eksamen, og eg er kjempespent!

Første dagen! Sååå spent! (Bilen er så klart tom for pasient og vi skulle en tur på butikken for å handle mat)

Nattekøyring
Og så klart var det stas å bestå praksis og kunne glede seg over ei kjekk erfaring og gode minner i ambulansen!