21. oktober 2015

Sukker her, sukker der, sukker overalt!

I helga var eg på besøk med Renate i Bergen, og sidan ho hadde bursdag på mandag (gratulerer med overstått!) måtte vi sjølvsagt bake kake. Renate hadde alt funnet ut hvilken vi skulle bake, og det var ingen ringare enn kaka som Tv2's God Morgen Norge hadde kåra til norges beste sjokoladekake. Den levde virkelig opp til sitt navn, må eg ærlig innrømme. Så mektig og god med masse smak av god, saftig sjokolade. Eit liite kakestykke er meir enn godt nok for min vesle kakemage i alle fall.

Før vi baka kake, var vi en tur på Hillesvåg ullvarefabrikk, der det lukta deilig, rein, norsk ull i det du åpna døra til butikken. Det var jo ikkje så rart, då garnet blir produsert rett over, i 2. etasje. Det var åpent opp, og ein kunne sjå maskinene og mykje av produksjonsporsessen. Når vi var der, fekk eg forsinka bursdagsgave med Renate, så nå skal det snart bli tjukk og god "uta-på"-gensar i friske fargar på meg!

 Og uten å tenke oss heilt om, lagde vi også Crème Brûlée frå botnen av. Fryktelig enkelt og farlig godt. Vi brukte oppskrifta til MatPrat, og eg må ærlig innrømme at eg (alt for) lenge har sett på Crème Brûlée som teknisk utfordrande, men det vanskligaste var faktisk å skille eggekvite frå eggegule og å skrape vaniljefrøene ut frå vaniljestanga. Så det var ikkje voldsomt teknisk utfordrande, noko ein likar, når det er så godt og så enkelt!



Og om du orkar noko meir etter all denne pratinga om sukker og ull, hadde eg satt pris på om du kanskje ville ta turen innom Facebook-sida mi og likt denne, så kanskje du får med deg neste innlegg også?

Ingen kommentarer: