17. oktober 2015

Ein av mine lidenskapar og hobbyar

Strikking er vel egentlig noko eg har holdt på med i mange år, med ulik grad av engasjement. Eg lærte å strikke når eg var 7,5 år, eg hugsar augeblinken så godt, fordi det var den kvelden mamma og pappa var på sjukehus og fikk veslesøster mi, Amanda. Bestemor var barnevakt, og eg lærte meg å strikke. Mitt første prosjekt var eit rødt skjerf, om det kan kallast eit skjerf, så hullete og ujamnt det var. Men eg hadde laga det, og det gjekk fint rundt bamsen min sin hals, det var tross alt i januar.

Sidan har eg hatt varierande strikkeglede som blomstra for fullt når eg begynte på høgskulen. Eg strikka pannebånd, iPadtrekk og anna smått. Etter dette begynte eg også på min første genser, og valget fallt på "Nancy" frå Sandnes garn. Den er såå fin, men desverre litt for ettersittende til at eg kan bruke den uten å bli veldig varm og klø veldig. Så strikka eg "Eskimo" frå sandnes. Etter tips frå dama i butikken gjekk eg over til en litt tynnare garntype enn originalen, og skulle då heller strikke to størrelser større, men eg strikka så stramt, at den vart nesten like trang. Så klok av skade strikka eg neste gensar laust, og fint, men halsen er litt trang, så lurer på om eg skal ta den opp igjen å strikke på nytt.

MEN, nå i helga lærte eg meg ein heilt ny teknikk som eg har utsatt lenge, fordi det ser så vanskelig ut, nemlig flettestrikk.

Enkel flette, ser meir ut som tvinning, synes eg.
 Det var så kjekt å sjå at teknikken ikkje var vanskelig i heiletatt. Det var så lett som eg har blitt fortalt. Dette pannebåndet er strikka med mønsteret:
Pinne 1: tre masker rillestrikk, 1vr, 1r, 1vr, (her skal fletta vere) ant. masker fletta skal gå over, 1 vr, 1r, 1 vr, tre m rillestrikk
Pinne 2: tre m. rillestrikk, 1r, 1 vr, 1r, (antallmasker fletta går over, 1r, 1 vr, 1r, tre m. rillestrikk.

Med enkel flette har eg fletta kvar 6 omg. og med dobbel kvar fjerde, annankvar.

Min personlige favoritt, dobbel flette.
Desse pannebåndene brukte eg ca. 5 timer på å strikke, og dei blir så fine! Amanda har bestilt eit som er neonrosa og ikkje klør, så det blir nok rosa polyester eller akrylgarn.
EDIT: Var på sparkjøp å fant det som heiter "SparGarn" som har 23m/10cm på pinne 3,5/4 og 50g = ca. 100m

Ingen kommentarer: