20. april 2013

Uh, eg er litt svimmel *kræsj*

Hei,

I går var det ein dag! Klarte å følge med i timen og alt var topp.. Så var agen over, og eg skulle gå ut, så eg klatra over benken, siden det var så få på min rad som hadde pakka. Eg satt dessuten på 2. Rad, så det var ikkje noke hokkus pokkus. Her går det galt. Eg klarte nemlig på eit eller annet vis å smelle kneskåla inn i benken, noko som resulterte i ein smerte som eg ikkje merka sidan eg var opptatt med å vere skikkelig svimmel. Neste eg merka er at eg ligger. Heime i senga. Så våkner eg, og ser Tom, foreleseren ståande over meg og prate med meg, og eg skjønte ingenting. Så merka eg at eg ikkje låg i senga, men på gulvet. Himmel og hav så forvirra eg var der eg låg..
Til dei som ikkje skjønte det, så besvimte eg!


15. april 2013

On the road again!

Hei,

Nå er den store dagen nær! I dag reiser vi til Oslo. Bussen går 14.15, og turen varer i herlige 9 timer. Kjenner eg gleda meg stort!
Baggen er pakket, billettane er snart i veska. Om eg gløymer dei trur eg at eg gir opp! Haha.
Om litt over 24 timer er det meg og 20 000 skrikane jenter.

Det er så deilig å vere heime. Eg kjenner eg er heilt avslappa. Skal straks på Eid for å få fikset øyebryna og handla litt snacks. Må også søke om politiattest. Huff, har heilt gløymt det. Trenger jo det til praksisen. Oh well.

Deilige flanellskjorta mi <3 td="">

12. april 2013

Today is one of those days...

Hei,

Åh, dagen i dag har vore ein merkelig da. Eg merker eg er begynt å bli litt utkjørt nå. Det er så mykje med skulen, nesten alt vi går igjennom på forelsening er nytt, ting du aldri har høyrt om eller som du så vidt har høyrt om. Altså, alle har høyrt om hjerteinfarkt, men eg visste ikkje kva det kom av, og kvifor alle "dittane" og "dattane" rundt det.
Når eg vokna i dag tidlig merka eg at eg ikkje var utkvilt. Eg var sliten og trøtt alt da, men eg drog meg på skulen, satt der og såg ytterst uinteressert ut. Skreiv litt innimellom, men eg merka nå at i dag kunne eg like godt vere heime.
OG takk gud for at det er enkel middag idag! Tvila på at eg hadde orka å begynne å dandere noke voldsomt. Huff. Det var mykje klaging. - Av og til må det berre ut!

Helga består av mykje kjekt, i kveld skal eg jobbe på Akutten (studentkroa) satser på at iiingen gidder å gå ut, så eg kan legge meg tidlig. Med min flaks, kjem det sikkert mange. Er kjekt det også altså, men lika og sove eg.. I morgon er det Kaizers med flotte folk (Les: Tore og Hanne, dei einaste vennane eg har.. Ehe.. Neida. Joda.), så det blir bra!


11. april 2013

Middagskalender

Hei,

Nå sitter eg med fyrstikker på auga for å klare å holde dei oppe. Dagen har vore utrulig lang. Hadde mareritt, så sov dårlig.. På forelesning idag satt eg der mest fysisk. Kobla ut en del, men man kan ikkje ha full fokus heile tida, da blir man supersliten!

Idag har eg og Tore vore lur. Vi har nemlig laget middagskalender! Det er så greit, fordi da veit man kva man skal handle, og kan handle litt sjeldnere en vi har gjort hittil, alt for å spare tid og penger, og man veit jo da altså alltid kva ein har i frysen, kor lang tid ein må beregne til middagslaging og uavhengig om eg eller Tore kjem heim først, kan begge lage middag. Det er også lettare å huske å ta opp ting fra frysen.
Eg er positiv til dette altså!
- Gleda meg til middag neste torsdag!

Fornøyd med dagens arbeid altså!

10. april 2013

Det er fint med samboer!

Hei,

Det er nokon dagar ein merker det er fint å ha samboer. I dag er ein sånn dag. Eg satt lenge på skulen og jobbet med oppgaver med Ajantha, og kom heim til ferdig laga middag. Siden det er eg som meir eller mindre alltid kjem heim først, og ofte lenge før han, blir det til at eg laga middag. - Ikkje at eg klager, eg elsker å lage mat! Men det er deilig å ikkje måtte planlegge noko som helst, berre komme inn døra og sette seg ned å spise.

Idag var vi på omvisning på patologisk avdeling på SSF (sentralsjukehuset i Førde) det var litt interessant å sjå korleis dei testa alle typer vev for sjukdommer, og vi fekk også sjå ei livmor. Eg synes det var ganske ekkelt, siden den var så grå. I tillegg sto eg like ved mannen, og kvar gang han beveget på den så spruta det små dråper med væske, så vart litt satt ut. Så kom det som vi egentlig alle ville sjå, obuksjonssalen. Det såg veldig likt ut på film. Store, grå benker med renner rundt og dusjhoder på siden.

Meir eller mindre slik såg den ut, grå benker med "dusjer"

9. april 2013

Min første karakter

Eksamensresultatet er her, og eg er kjempefornøgd! Eg fekk faktisk kjempesjokk når eg las karakteren på nettsida. Eg er sikker på at ansiktet mitt var priceless. Beste reaksjonen i klassa trur eg var stakkars Ajantha som hadde. Ho har nemlig prøvd seg på eksamen før, i Molde, og (selvfølgelig) sto ho! Hyl og smil og gledesrop kom vel egentlig fra heile klasserommet, og det var ein gledens stund.
Om noken strøk veit eg ikkje, håper ikkje det, men man kan jo ha vore uheldig!

Eg fekk vertfall B og er SKIKKELIG fornøgd. I dag skal det feires med god middag og is med oreostrøssel til dessert. Nam, kjenner eg er sulten. Gleda meg til Tore kjem heim så vi kan ete!

Yo, wazzap in tha hooood, gansta, bling, og sånn.

8. april 2013

Motivasjon = Sjokolade

Hei,

Puh! I dag har det vore skikkelig jobbing altså! Har jobbet i eit sett fra eg stod opp til nå. Veldig stolt av meg sjølv! Har gjort rundt 30 oppgaver, så har tatt inn litt av det eg ikkje klarte å gjere når eg var sjuk. Det er nemlig akkurat så mange oppgaver, at om eg gjer 10 kvar dag (uten om helgene) så skal eg ha klart å ha gjort alle med litt margin fram til eksamen. Det som er litt kjedelig er at eg synes desse oppgavene er mykje vanskeligere enn anatomien var.

I morgon kjem eksamensresultatet. kjenner eg har litt lyst til å dø. Er så sjukt spent!
Eg satser (selvfølgelig) på å ikkje stryke, men ein kan ha vore utrulig uheldig! Huff. Grua meg eg.

Det er også berre ei veke igjen til vi reiser Oslo for å sjå på hjerteknuseren Justin Bieber.

Dagens middag, steikt klubb!

7. april 2013

Vårrengjøring!

Hei,

I dag har eg og Tore hatt ein skikkelig reingjøringsdag. Klesvask, og leilighet. Vi har i tillegg rydda gjesterommet, slik at alt har fått ein plass. Det rommet har nemlig til nå berre vore eit rom der vi berre plasserer ting, så da tar man problemet før det blir for stort, så slepp man sånne store skippertak! Merker eg blir veldig fornøgd når eg ser inn på rommet nå. Neste som står for tur, er klesrommet. Kjenner eg ikkje har heilt lyst å begynne, siden det der er mest mitt rot, men eg får vel berre bite i det sure eplet.

7. April. To dager til eksamensresultatet kjem. Eg kjenner eg er kjempenervøs. Nesten meir nervøs enn til eksamen. Himmel.

Crazy hairday.

5. april 2013

P3 Skolesessions

Synes alle som har facebook burde gå inn på P3 Skole Session og stemme på Eid VGS!

Trykk < HER > for å stemme

Skjermdump NRK P3

Filmer fra aking i påska!



Det er altså ein utrulig bratt bakke med berre skare..


Her har du ein liten filmsnutt fra påskas aking!

4. april 2013

Vellykket påskeferie!

Hei,

Nå har eg hatt ein fantastisk påskeferie. Eg har ikkje blogga noko som helst, sidan eg heller prioriterer familie. Vi har gjort mykje, vore på hytta, stått på ski, festa, familiebesøk, avslapping og alt anna som høyre påska til. HERLIG!
Du kan sjå litt om kva eg har styrt med om du går på instagram-profilen min. Eg likar at man kan sjå bileta på nett nå. Er så greit å sleppe å måtte sitte på den vesle skjermen på telefonen eller padden, liker PC eg.

Nå sitter eg i go' stolen min og slapper av. Eg er nemlig sjuk (igjen.) tirsdag var det noko som ligna på influensa, i går var det influensa, og nå (etter undervisning om det i to timer) er eg nesten sikker på at eg har lungebetennelse. Nesten altså. Kjem ikkje til å gå til legen før eg faktisk må. Dyrt for ein student å leve.

Nydelig påskevær på hytta!