29. januar 2010

Anal...yse

Eg sit med besta og jobba med analyse i media. Akkurat no har eg lyst å bare lukke WORD, sette på TV'n og ete pizzaen eg har laga, men det blir nok ikkje i kveld, fordi eg har ingen plana om og sitte med den lørdag eller søndag! No way!
Sett filmen?

26. januar 2010

Det er trist..


Det er trist når folk du kjenner, blir folk du kjende.
Når du kan gå rett forbi nokon, som om dei aldri var ein stor del av livet ditt.
Korleis du kunne snakke med dei i timevis, og no kan du nesten ikkje sjå på dei.

21. januar 2010

Høgskule - Bachelor- og Mastergrad

Eid vidaregåande skule hadde i dag besøk av diverse høgskular rundt om i landet. Det var eigentleg for 3. klasse på ST og 2. klasse på YF (stiduespessialiserande og yrkesfag) men eg sneik meg til en time med informasjon. Kan aldri få for mykje informasjon veit du. Mitt problem er vel eigentleg at eg bare har sånn halveis peiling på kva eg vil bli. Eg har eigentlig bestemt meg for kva eg vil bli, ambulanse personell, men så er det, det der med å ha noko i bakhand om det skjer noko som gjer at eg ikkje kan halde på med den jobben eg har.


Kan du sjå for deg meg som Bachelor eller Master i noko? Det kan ikkje eg!

20. januar 2010

Kva skjer med en verden utan telefon?

Kvifor blir vi så avhengige av mobilen vår?
Eg merkar i dag at eg er blitt alt for avhengig. Min ligg nemlig heime, og utan den føler eg det som om eg ikkje har kontakt med omverdenen og at ingen kan få kontakt med meg, og det er sjølv om eg har dataen! Eg trur eg er nødt til å innføre "mobilfri-dag" ein gong i veka. 24-timar utan telefon, spørs om eg ikkje er for avhengig nå da?

Telefonane utviklar seg stadig..
Det er rart, hæ? Før klarte dei seg utan både data og mobil, og nå klarer vi oss knapt utan. Det er ei alvorleg utvikling som kan føre til store konsekvenser i nyare tid.
Kva trur du?

19. januar 2010

Panneluggen min er blitt lang

Eg har fått LANG pannelugg! Eg har ikkje tenkt over det før i dag, men den er blitt ganske så lang! På tide med en klipp?

Go go Web-kamera bilde!
Eg er en av dei som ikkje klarer å gå med same sveisen så veldig lenge. Eller, eg er liksom alt for glad i å klippe meg. Men nå har eg laga meg sjølv eit nyttårsforsett, eg skal ikkje klippe noke av lengda mi dei neste to åra som kjem. Eg skal bare stusse det. Eg skal ha langt hår!

Magisk


Elin Gaustad er en utrulig flink sanger som verkeleg burde ha kommet vidare i x-factor. Stemma hennar er rett og slett magisk. Mine favoritt øyeblikk i denne filmen er når ho begynner å synge (rundt 0:31) og du høyrer reaksjonen ho får, og når ho er begynt på andre verset (rundt 1:30)
Eit ord.. FANTASTISK

18. januar 2010

Tida strekk ikkje alltid til!

Er det bare eg som har vore bort i at som regel skjer det ikkje noko, men når det først skal skje noko, skjer alt på same tid?
Eg føler det vertfall er slik. Kvifor kan ikkje alle planlegge saman, slik at ein slepp å måtte prioritere? Hadde vore supert for min del!

I morgon er det nok ein skuledag, og eg sluttar 12.10, takk gud for herlege tysdagar!

17. januar 2010

RENT

Både i går og i dag har det vore nokon utrulig artige dagar. No er vi nemleg begynt på øvingane til RENT. Den er veldig dramatisk og trist, men samtidig den mest morosame og interessante musikalen eg har vore bort i trur eg. Når eg såg filmen, gråt eg. Det er nokon av songane som treff meg noko veldig, slik at deg kan begynne å gråte om eg tenker "feil" tanker. Der er så mange flinke skodespelarar, dansarar og songarar med, at eg trur det her kan bli en brak suksess! Eg gledar meg veldig vertfall, trur eg.

13. januar 2010

Utdanning i Forsvaret?


Desse har vore så snille å sende brev til meg i dag. Det var ikkje noko stort sjokk. Sjølv om det var litt skummelt, det er jo forsvaret, og ser ikkje heilt ufarleg ut.
Eg klarer ikkje å bestemme meg for om eg skal velje luftforsvaret eller hæren. Planane mine etter vidaregåande er nemlig å bli ambulanse personell, og for å få den utdanninga, slik at eg slepp å gå to år ekstra på skule (Helse- og sosialfaget) så tenkjer eg å ta det der.


Andre som har same planar som meg?

12. januar 2010

Pengane mine forsvinner *poff*

Eg er som alle andre ungdomar, eller vertfall som dei fleste. Brukar pengar på alt og ingenting, og plutselig er det tomt.
Er det ein ting eg burde bruke pengane mine på er det slike:


VINTERSKO: Varme, vanntette, komfortable og herlige..
Akkurat nå, går eg nemleg rundt å vasar i nokon raude tøfler som lignar litt på uggs. I byrjinga var dei varme og alt sånn, men dei er jo ikkje laga for å vere ute, så eg treng vel ikkje sei meir?


I stedenfor brukar eg pengane mine på:


Og andre eigentleg unødvendige ting.

Ellers føler eg at alle andre enn meg har penga, eller er du og blakk? Eller vertfall flink å bruke penga på ting du sånn heilt eigentleg ikkje treng?

10. januar 2010

Forslag?

Siden GG (Gossip girl) har tatt pause til 7. mars, må eg finne på noko anna å gjere på i mellomtida, så eg fann ut at eg skulle begynne på nytt på Heroes, eg har sett sesong 1-3 før, for så og dette litt av lasset, så da begynner eg like godt på nytt. Etter det treng eg fleire seriar å sjå på. Eg har ikkje så store planar om å begynne på OTH eller Frustrerte Fruer, finnast det andre bra seriar som du vil foreslå?


Gossip girl - Sesong 2


Heroes - Sesong 3 


Har du forslag til nokon seriar?

9. januar 2010

Ha-det-bra!

Folk flytter stadig vekk. Nokon lenger enn andre. Sjølv har eg flytta eit par gonger. Min eldre bror skal snart flytte, nemlig heilt til Skien, og det blir langt. Eg har nok alltid visst at han skal flytte, men det er litt langt synes eg.



Så i kveld blir det "Ha-det-bra-fest" med en kompis av oss. Det er ikkje bare han festen er for, den er nemlig for to andre også, ein som reiser i militæret og ein som seinare skal begynne på skule, sør i Noreg.
Så no står eg på badet og gjer meg klar, høyrer på god musikk og bloggar. Tre fluger i en smekk.
Sangen som står på akkurat nå, er Michael Jackson med Beat it. Det er ein veldig bra sang!

Kjem kanskje bilde av kvelden i morgon eller noko, men nå trur eg krøll-tanga mi er varm, så snakkes!

8. januar 2010

-20 grader, er litt for kaldt

Global oppvarming er virkelig oppskrytt må eg sei. Det er iskaldt ute! Isteden for den milde vinteren det var i fjord, er det heller så kaldt at vi held på å bli sjuke bare vi opnar døra ut.

Isteden for å vere slik:

Varmt og deilig med blomster og grønne trer. Ingen snøv så langt auget ser, +30 grader celcius


Er det slik:

Kaldt og fælt med masse snø og is. Snøv overalt og -20 grader celcius


Der er sjølvsagt positive og negative sider med all denne snøen og alt, men akkurat nå føler eg at det bare er kaldt, glatt og masse unødvendig snøv.

7. januar 2010

Spotify


Spotify er en veldig praktisk og fin måte å utforske musikk og finne gamle songar på. Er sikker på at dei fleste har det nå for tida.(?) men om det er nokon der ute som vil ha ein spotify invitasjon, er det bare å sei i frå. Eg har ein invitasjon og dele ut, så førstemann til mølla. Om du ikkje veit kva det er kan du finne det ut HER

For dykk andre er det mange som har irritert seg blå og grøn over dei reklamene som kjem ganske ofte. Robertha, Jonathan og alle dei andre som jobbar med spotify. Da er Premium tingen. Etter eg kjøpte meg premium har eg ikkje angra nokon ting i heile tatt! Eg anbefaler premium på det sterkaste, sjølv om det er litt dyrt. Det er også mulig å få tak i det gratis, på denne siden HER


Vi prøva på nytt, bloggen!

Eg slutta å blogge for vel eit halvt år sidan no, og fikk liksom eit lite innfall, i og begynne å blogge igjen. Blir veldig spanande og prøve på nytt vertfall. Problemet forje gong var for lite tid, så kanskje eg får meir nå. Håper det. Er vel ein prioriteringssak?