22. juni 2012

Missing someone gets easier everyday.
Because even though you are one day further from the last time you saw them,
you are one day closer to the next time you will.

21. juni 2012

Milepæl

I helga var det velkomsfest/dimmefest for dei nye/som reiser. Det var utrulig kjekt! Vors med billiard, god stemning og mykje liv, så en tur på byen der vi kom inn på VIP området på ein bar, og siden vi klarte det, var der resten av "natta".. Taxi heim og det var det. Einaste (ut over det vanlige) spennande den kvelden var at vi plutselig mangla folk. Vi skulle heim, og det var to (++) som mangla. Eg reiste heim, medan Anette leika at ho var maraton løpar. Maratonet "Brüssel på kryss og tvers".
Det var skikkelig kult å fø møtt dei nye, som var fantastiske på alle måtar. Ein annan ting som skjedde søndag, var å seie ha det. Altså, adjø for kanskje (?) godt!
I dag, er det tre veker til eg ikkje kjem til å få sjå Anette på daglig basis meir. Og det er trist.
Skjønnar ikkje folk som er i militæret og synes det å dimme er fantastisk. Eg gruar meg skikkelig til alle her, meg sjølv inkludert skal dimme.
Sjølvsagt er det ulike tenester vi bedriver, men er ikkje det ein kul opplevelse da? Eg synes det å bu tett sammen med andre du ellers ikkje ville ha budd med er ei super utfordring. Og da spessielt i rekrutten, der du bur i samme hus som 200 andre, går tett sammen med 20-40 (kjem ann på troppen) kvar dag og bur "opp på" 6-10 andre. Det er det kjekkaste eg har vore med på, og eg angra virkelig ikkje på at eg reiste til Madla. Eg har (meir eller mindre, satt litt på spissen) hatt det så fantastisk, og lært ein del om meg sjølv.

Forresten! Eg nådde ein milepæl i går! Eg reiste på joggetur, berre fordi eg hadde lyst, uten motiv eller falsk motivasjon. Det var ein merkeleg oppleving for meg. Så gangsperren eg har i dag, er hjerteleg velkommen!

Nabo-skogen eg vanlegvis spring i, Teveren Heide

13. juni 2012

Ting å gjere før ein døyr

  1. Fly i luftballong.
  2. Hoppe i strikk.
  3. Hoppe i fallskjerm.
  4. Ha vore på alle verdens kontinenter.
  5. Ri på noko som er større enn ein hest. (Elefant, kamel++)
  6. Svømme med ein delfin.
  7. Reise til ein plass eg berre har lest om i ei oppdikta bok. (Plassen ekte, historia påfunnet)
  8. Gå på ein isbre.
  9. Gå på ein vulkan. (Aktiv/ikkje aktiv)
  10. Reise på safari.
  11. Besøke Amazonas
  12. Bu i utlandet.
  13. Reise på ferie via. interrail.
  14. Besøke alle land i Europa.
  15. Delta i en Flash Mob.
  16. Sitte på eit fly meir enn 7 timer i strekk.
  17. Besøke 42 Wallaby Way, Sydney.
  18. Delta på ein film-premiere.
  19. Gå på den kinesiske mur.
  20. Fly i helikopter.
  21. Besøke Mach Picchu.
  22. Arrangere ein superfest.
  23. Surfe.
  24. "Scuba"-dykke.
  25. Få en tattoo.
  26. Lære meg å spille trommer.
  27. Lese bibelen.
  28. Road-trip, uten ein einaste plan.
  29. Sende flaskepost.
  30. Sjå eit stykke på Brodway.
Sjølvsagt er det mykje meir, men dette er dei eg kom på i farta.

10. juni 2012

Heim og tilbake.

Då har eg vore heimom ein liten tur. Onsdag-søndag, ikkje den lengste ferien, men himmel det var godt å komme heim. Reiste etter lunch fra jobb, fly fra Düsseldorf til Berlin, så til Oslo og vidare til Sandane. Det var skikkeleg stressande. Første flyet, Düsseldorf - Berlin var i rute og null problem, og eg såg relativt lyst på reisa. Så kom eg til Gaten i Berlin, borda flyet, og fekk beskjed om at flyet frå Berlin var 30 min forseinka, så vi måtte sitte og stirrer lufta ein stund, før vi reiste vidare. Når vi endeleg landa, hadde eg minimalt med tid til neste fly skulle gå. Litt under ein time hadde eg på å komme meg igjennom sikkerhetskontrollen og gå til gate. Eg sto nærmare tre kvarter i kø. Det var så ille at dei stod å delte ut vatn i begynnelsen av køen.
Så nærma vi oss kontrollen,og eg spurte pent om eg kunne få komme forbi dei fram for meg, siden det nå var under eit kvarter til flyet gjekk. Ferdig i sikkerhetskontrollen, spurt til Gate 3, og rakk det akkurat. Så mellomlandet vi i Sogndal, for å ta av/på passasjerer. Da var flyet frå Bergen forseinka, så vi måtte vente 40 min ekstra.
Endelig landa eg på Sandane. Der stod det ein fin ein å venta på meg. Så kjørte vi heim, der mamma hadde laga heimelaga pizza, nam! Rett i seng, og Gud så digg det var å sove i senga mi igjen! Heile helga var fantastisk. Tid med familie og venner, slappe av og litt action. Kino, restaurant, masse is og litt ut på livet lørdag. Så tilbake til kvardagen. Flyet skulle gå 14.38, men var forseinka fra Oslo, så det gjekk 15.20-ish. Landa i 16.15 tida. Noko som passa meg ekstremt dårlig, sidan flyet til Düsseldorf skulle ta av 16.15. Så eg løp da gate 3 til 47A. Eg har funnet på eit nytt løp. Gardermoen på langs. Fy det er slitsomt, sidan ein er så stressa!
  • Check (x2) - Løpe som på film for å rekke flyet



Søte Amanda mi!

Vårin og Amanda med Photo Boot på iPad

Lille live og Besten kviler middag