21. juni 2012

Milepæl

I helga var det velkomsfest/dimmefest for dei nye/som reiser. Det var utrulig kjekt! Vors med billiard, god stemning og mykje liv, så en tur på byen der vi kom inn på VIP området på ein bar, og siden vi klarte det, var der resten av "natta".. Taxi heim og det var det. Einaste (ut over det vanlige) spennande den kvelden var at vi plutselig mangla folk. Vi skulle heim, og det var to (++) som mangla. Eg reiste heim, medan Anette leika at ho var maraton løpar. Maratonet "Brüssel på kryss og tvers".
Det var skikkelig kult å fø møtt dei nye, som var fantastiske på alle måtar. Ein annan ting som skjedde søndag, var å seie ha det. Altså, adjø for kanskje (?) godt!
I dag, er det tre veker til eg ikkje kjem til å få sjå Anette på daglig basis meir. Og det er trist.
Skjønnar ikkje folk som er i militæret og synes det å dimme er fantastisk. Eg gruar meg skikkelig til alle her, meg sjølv inkludert skal dimme.
Sjølvsagt er det ulike tenester vi bedriver, men er ikkje det ein kul opplevelse da? Eg synes det å bu tett sammen med andre du ellers ikkje ville ha budd med er ei super utfordring. Og da spessielt i rekrutten, der du bur i samme hus som 200 andre, går tett sammen med 20-40 (kjem ann på troppen) kvar dag og bur "opp på" 6-10 andre. Det er det kjekkaste eg har vore med på, og eg angra virkelig ikkje på at eg reiste til Madla. Eg har (meir eller mindre, satt litt på spissen) hatt det så fantastisk, og lært ein del om meg sjølv.

Forresten! Eg nådde ein milepæl i går! Eg reiste på joggetur, berre fordi eg hadde lyst, uten motiv eller falsk motivasjon. Det var ein merkeleg oppleving for meg. Så gangsperren eg har i dag, er hjerteleg velkommen!

Nabo-skogen eg vanlegvis spring i, Teveren Heide

Ingen kommentarer: