7. januar 2011

Russerevyen luksusfella

Russerevyen Luksusfellen, laga av revysjefane og spelt av Eidarussen 2011 har premiere 14. januar. Der er mange russ på scena, og det kjem til å bli eit vanvittig show!
Dårleg bilete, eg veit.
TRAILER

4. januar 2011

Nytt år betyr nytt utsende

Det er ikkje store forandringa, men litt friskare enn det gamle. Håper alle får eit flott 2011!

FØR

ETTER

Kjensler er ein merkeleg ting

Eg fekk så lyst å skrive om kjensler. Akkurat no kjenner eg sjølv på kjenslene glede, lykke, forelsking, tryggleik, spenning, forventning, hugleik, men eg kjenner også på sakn, lengsel, frykt, usikkerheit, stress, sjalusi, sinne, bitterheit, misnøye, skadefryd (det verkar som om eg ikkje lika noko eller nokon.. Huff!) og mykje anna. Det er rart det der. Vi føler så mykje på same tid. Dersom ein tenker seg om, kan ein kjenne på utruleg mange kjensler på same tid.
Er det berre eg som har det slik at når eg er glad, så er eg glad. Er eg trist så er eg trist, også går det ei lita stund, etter litt tenking kan føle minst 10 følelsar på same tid.
Kjensler er så merkelege på denne måten. Tar oss opp og ned på denne måten, og der er så mange ulike kombinasjonar! Berre sjå på illustrasjonen nedan for. Det er nesten som matte. Positiv (+) og positiv (+) er lik positiv (+). Negativ (-) og negativ (-) er lik negativ(-), positiv (+) og negativ (-) er lik negativ (-).
Nokon som klarer gjette kvifor eg valde dei formene eg gjorde?
At kjenslene våre styrer kva vi gjer, er heilt åpenbart. Det som eg synes er så rart, er kor lett kjenslene "tek over" hjerna og kroppen din, og du gjer ting du aldri kunne tenke deg å gjer. Ta til dømes sinne. Har du vore bort i at du får "superkrefter" eller "krefter du ikkje ante kvar kom frå"? Eg veit at det er adrenalinet som gjer det. Uansett er det eit utruleg kult fenomen at følelsane våre styrer kroppen så kraftig som dei gjer.
Tenk over det, kva for nokre kjensle kjenner du på, akkurat nå?