30. november 2011

Ei hjelpande hand

Nå når det i grunn er vinter (sjølv om det er skikkelig haust-vær ute) er det viktig for oss som har meir enn nok, å tenkte på dei som ikkje har så mykje. Da tenker eg i grunn på kler. Denne årstida er kald og det er utrulig mange mennesker i mange land som ikkje har nok kle til å halde seg varme nok. Det er i fattige land, der det er høgt skille mellom rik og fattig dette i hovudsak skjer.
Akkurat nå holder eg på å rydde i kleskapet mitt. Ikkje rydde som i å legge alt skikkelig, men rydde som i ta vekk ABSOLUTT alt eg ikkje bruker/vil ha lenger. Målet mitt er å gi vekk mest mogleg til eit veldedig formål. Problemet mitt er at eg vil at kledene skal gå direkte til dei som treng det, ikkje til Fretex eller anna, der kledene blir solgt. Nokon som veit om verdige/trengande organisasjoner som kunne trenge ein god del poser med klede, i alle farger, former og størrelser?

Denne sangen handler ikkje akkurat om kler, men om det er noko som er livsviktig, er det vatn.
Dersom du føler for å hjelpe 4H, i sammarbeid med PLAN, sitt arbeid i Sierra Lone, som er eit av verdas fattigaste land med å bygge 44 brønner, slik at dei slepp å gå heile dagen for å hente ein liten balje med vatn, gi ein liten sum til dette kontonummeret, 9365.17.76560.

28. november 2011

God 1. søndag i advendt!

Da er 1. søndag i advent 2011 over. Skal drage ein standar, men gud som tida går!
Advendtsstakane er oppe, adventsstjerna er hengt opp, julegardinene er straks ferdig strøkne, det første stearinlyset i adventsstaken er tent medan vi sang og på toppen av det heile, snødde det i dag. Flott dag!
Nyt denne sangen fra GLEE, som får meg i før-julsstemning iallefall!

25. november 2011

Om det å miste nokon - uventa

Har du nokon gong mista nokon, heilt uventa? Sjølv har eg mista ein god venn, som valgte sjølv at han ikkje ville meir. Det har skjedd mykje rundt meg, der folk har gått bort, uten at nokon skjønna kva som skjedde eller kvifor det skjedde slik. Så mange ganger, har eg vore bort i at nokon eg kjenner har mista ein dei var glad i.
Det er stygt å seie det, men alle dei gongane det ikkje har vore eg som kjende dei, har eg vore utrulig takknemlig for at det ikkje er meg som er i den posisjonen. Eg føler sjølvsagt med dei, og synes det er fælt, men eg er så utrulig glad for at det ikkje er ein av mine fine som har gått bort.
I slike stunder er det viktig å stå sammen - vere hos kvarandre. Ikkje nødvendigvis fysisk, men også psykisk. Fortell personen at du tenke er på han/ho. Det hjelper litt, og er en fattig trøst - men bedre enn ingenting.

Om du har mista ein du var glad i, som valgte sjølv, er dette ein av dei finaste sangane eg veit om.

Rascal Flatts - Why

I desse tunge stundene er det viktig å hugse på ein ting, du betyr noko, ting betyr noko, alle betyr noko!
Josh Groban - You are loved

Liten metafor i desse lysa her. Dersom du ser etter, står det eit lys aleine heilt framme, klart og tydelig. Srer du etter, er det nokon lyst i bakgrunnen der også. Desse er vennane dine, slik du kanskje føler det i ein sin situasjon. Sanninga er at dei eigentlig står så nær deg, at lyset i teorien burde brenne fortare. Slik som sorg oftast er god å ha litt aleine, men best å prossesere saman med andre.

Du er aldri aleine, husk det!

24. november 2011

Bivirkninger...

For rundt to veker siden fekk eg satt inn ein p-stav (nexplanon). I etterkant har eg fått ein veldig hodepine, starta forge veke med berre hodepine når eg sto opp, men denne veka har den vart ut heile dagen. Derfor ingen blogginnlegg, sidan eg for det meste har ligget i senga og sove, av og til har eg vore på dataen. Eg veit det ikkje er bra. Men kva skal ein "stakkar" gjere på når ein ligg i senga heile dagen?
Så etter legebesøk i dag, har eg fått vite at i løp av en måned skal det vere vekk. Enn så lenge får eg knaske paracet. Det andre alternativet er å fjerne den, og det vil eg ikkje. Da er det 1 500 kr på prevansjon som blir kasta rett i søpla - lite aktuelt!
Slik ser innplantatet ut
Har du nokon erfaring med p-stav?

18. november 2011

OBS! Pass på kvarandre!

Det å trykke nokon ned er utrulig lett, men det som oftast er tilfellet er at vi trykker oss sjølv ned. Det byrjar ofte med ein nedlatande kommentar frå ein annan eller ein hendelse som gjer at sjølkjensla di får ein knekk.
Sjølv har eg nylig krasja i ein bil. Med meg gjekk det ganske bra, fekk berre blåmerker etter bilbelte, men bilen vart bra skadd. (For å sjå bilete av bilen, trykk her). Etter det var eg så utrulig usikker på alt som hadde med bil og fart å gjere at første gangen eg kjørte bil etter på, skalv heile meg, sidan det var andre i bilen (når eg kjørte etter ulykka altså! Var aleine i krasjet) klarte eg å samle meg. Første gangen eg var aleine i bilen der imot. Ågud. Tårene trilla som en foss. Det var altså noko av det skumlaste eg har vore med på nokon gong.

I sånne stunder er det fint med gode venner som kan hjelpe deg igjennom vanskelige tider. Det er også fint med Disney. Her er eit sitat i fra Ole Brumm, der Christoffer Robin seier til Brumm:
"Promis me you'll always remember: You're braver than you believe, and stronger than you seem, and smarter than you think."

Ole Brumm er en fin fyr som lærer deg å sette pris på mat!

14. november 2011

Musikk for ei kvar sinnsstemning

Har du ein artist som du kan høyre på uansett sinnsstemning, uansett kva fase du går igjennom i livet, sånn egentlig når som helst, uansett kva som skjer? Det er som om teksten på ein måte beskriver akkurat korleis du kjenner det inni deg akkurat der. 
Det er nesten som ein skulle tru at låtskriveren tok inspirasjon ut i fra ditt liv..?
Det har eg. Ho er eit stort idol for meg, og eg beundrar ho virkelig. Taylor Swift er eit heilt utrulig menneske. 
Få er så naturlig pene som Taylor
Ho har oppnådd utrulig mykje den korte tida ho har vore i bransjen, lenger ned på sida er der nokon små fakta om Taylor. Det er to kvinnelige songarar eg gjerne skulle ha møtt og lært noko av, Taylor Swift og Sissel Kyrkjebø. Begge er to store idol for meg. Eg ser også mykje opp til Josh Groban, men det er ei anna histore.
Ho har deltatt på talkshowet "Ellen", og der kan du sjå for ein herlig person Taylor er. Mot andre stjerner, medmennesker og dei som er super-fan av ho. Det er skikkelig hjertevarmande å sjå på Taylor møte nokon av dei som er veldig stor fan av ho. Ho er veldig ydmyk og det virker som om ho virkelig elska det ho gjere.
Ein annan ting eg er veldig glad for er at ho ikkje har vore innblanda i dei "standard" Hollywood-skandalene som veldig mange artister har. Ho er eit godt forbilde, har fin og naturlig sminke, det er liksom aldri for mykje, og nydelig hår. Ho er alltid stilfull når ho er på den røde løperen, og er aldri vågal eller utfordande som mange artistar er. Dette er nokon av mange kvalitetar eg synes er fantastisk med Taylor. Dersom ho kjem til Noreg nokon gong, skal eg ikkje vere sein med å bestille billettar! Det er eg sikker på at blir ein konsert ein seint kjem til å gløyme!


Facts:

Eg berre ELSKAR håret hennar!
  • Født: Pennsylvania Desember 1989
  • Som 11-åring gjekk ho innom plateselskap med en demo og håpet på platekontrakt, fekk kontrakt som 15-åring
  • Debut : 2006
  • Priser: 62 (!), AMA, CMT, MTV, Grammy 
  • Nåverande lokasjon: Nashville 

Kjende songar (tilfeldig rekkefølge):
Mine favorittar (tilfeldig rekkefølge):
Må sjølvsagt ha med underskrifta til flinke jenta!

13. november 2011

Must . resist . bying . Christmas . stuff!

Åh, herlig helg. Har meir eller mindre berre slakka... Uten om det, så har min lille søster vore så herlig at ho ville spele meg ein liten "trudelutt" på klokkespillet sitt (korps). Eg datt litt i bakken, det var altså så fint! Julemusikk på klokkespill er berre heilt nydelig!

Altså, jenta er 11 år, og har spilt klokkespill i under 6 måneder. Give her some cred!


Apropos jul, eg har en tilståelse å komme med. Eg har drukke julebrus, spist julemanna, pepperkake og pinnekjøtt. *Shame on me*.
For meg er det eit stort problem at dei absolutt skal  komme med jule-ting i oktober. Eg har ikkje viljestyrke nok til å holde meg til desember, som er så heldig å vere den store julemåneden.
INGENTING seier jul som Coca Cola lastebilen.. !

10. november 2011

Plutseleg er alt stille....

Det er ein ting eg har tenkt på. Tanken traff meg etter eg hadde sett dei 10 første episodene i serien "Switched at birth". Denne handlar meir eller mindre om to jenter som blei bytta om rett etter dei var født. Sjå trailer her.

Tenk deg korleis det må vere å miste ein av sansene sine.. Ein dag våkner du om morgonen, utan å kunne snakke/høyre/sjå. Eg meiner det er to veldig forskjellige ting å vere døv frå fødsel av og å bli det når du skjønna kva lyd er osv.

Korleis kjennes det ut, å vere 20 år, plutselig ein dag når du vakna, høyrer du ingenting. Din verden er plutselig satt på "mute", og det er få ting du kan gjere for å endre dette.
Eller at du vaknar og du ikkje klarar å formidle det du vil, like enkelt som før, eller kanskje du vaknar, men det er ikkje lyst rundt deg. Totalt svart, eller berre små skimmer av noko som kan ligne på blind?
Eg kan ikkje tenke meg for ein omstillingsprosess det må vere for å meir eller mindre totalt legge om livet sitt.

Sjølv kjenner eg ingen med den typen "handicap" men veit om ein som er døv. Eg hadde ikkje hatt noko i mot å møte/bli kjend med ein som var døv/blind/stum.

Tenk deg da...
Nå skal det berre seiast at dette er ikkje eit innlegg der eg utrykker at eg synes synd i dei som er døve, stumme eller blinde! Fordi det er det ikkje, det er meir eit innlegg der eg utrykker min fasinasjon av kor sterke desse menneskene er, og kor utrulig viktig det er å huske på dei som har handikap som ein ikkje oppdagar så lett.

Det er viktig å dobbelsjekke!

Til vanlig begynner eg på jobb kl. 7. Så eg sto opp (kl. 6), laga meg niste, og var ferdig i god tid. Så begynte eg å tenke. At på jobblista, der sto eit 9 tall på ein av dagane. Det var ikkje tirsdag eller onsdag, så da måtte det vere i dag. Så derfor seier eg god natt igjen, fordi sjefen kunne fortelle meg at eeg begynner ikkje før 9.30!

Zzzzzzz

9. november 2011

Ooh ooh ooh oohooooo! Brother, brother!

Sangen BROTHER av EYE EMMA JEDI (hihi, ordspill!)




Produced and written by EYE EMMA JEDI
Mixed by Chris Zane ( http://chris-zane.com/ )
Mastered by George Marino ( http://albumcredits.com/Profile/Sterling/101870 )
Engineer: Jonathan Gilmore
Assistant Engineer: Cameron Gower Poole
Artwork by Vegar Heimsæter and Alexander Pavelich
Recorded at The Motor Museums (Liverpool) and Gymmen Studio (Nordfjordeid)
Strings by Oddhild Nyberg, Agnes Pavelich, Kari Pavelich & Miriam Bergset
Trombones by Unn Elin Carlsen & Andreas Rotevatn
Backing Vocals by Fredrik Bjørlo, Vegar Heimsæter, Karl-Erik Aarsheim, Fredrik Rye Hansen, Sondre Leivdal, Hege Anita Vereide, Johanne Ilje & Nina Erviksæter

Digitally released on iTunes, Spotify and everywhere else on Monday 21st November, 2011.


Masse "kjedelig" greier, men sjekk siste navnet der. HOHO!

8. november 2011

Jobb! Eh, nei...

Trur eg har fått en basill(e?) av eit slag. Skulle på jobb idag, og etter neste tre timar på jobb reiste eg heim. Så dagen i dag har meir eller mindre gått med på å ikkje gjere noko som helst fornuftig, unntagen at eg har sove og sett på fiskane mine "danse" til musikk. Fordi fiskane mine er meir aktive når radioen ved siden av dei står på og det blir spelt musikk. Ganske fasinerande i grunn!
Dei er så aktive at eg knapt klarte å få dei med, dette er beste bildet med flest fisk, og eg  har  10(++?) fiska i akvariumet mitt!

7. november 2011

Skal eg gidde å ... Nei.

Du veit sånne dager, der du virkelig ikkje orka noken ting? Sånn har eg hatt det i går og idag. Sånn " Eg vil heller berre ligge i senga/sitte i stolen og ha dårlig samvittighet fordi eg ikkje gjer noke, enn å faktisk gjere noke, og sikkert føle meg veldig bra etter på.
Dessuten har eg kjempelyst på julebrus, men med min (mmm, mange m'a, haha) holdning til dagen, kjem ikkje det til å skje, med mindre mamma kjøper med julebrus til meg og kommer inn i stua med den. Noko eg ikkje trur skjer. Eg høyre mamma alt nå, før eg ringer "Du kan jo berre gå ned på Hydro å kjøpe den brusa om du har så grådig lyst på!"
Sjååå på herlighetane da! 
Eg har ingenting imot at jula kommer i slutten av oktober, julestemning får eg ikkje før snøven kjem, uansett så!

3. november 2011

I den spede begynnelse..

I kveld skal eg på Zumba. For dokke som ikkje veit kva det er, sjekk det ut her:


Det er meir eller mindre latina-aerobic, så det er fantastisk..!
Grugleda meg litt, siden det er første gangen min, og eg føler at alle som er der er super dyktige erfarne folk som aldri har gjordt noko anna enn å dansa Zumba... Veit det ikkje er sant, men fortsatt...

Wish me luck!

1. november 2011

Starten på noko stort..

Eg har endelig fått kara meg til å begynne å trene til eg skal i militæret. Det har berre blitt til at eg har tenkt "Lenge igjen..", "Neste veke..." og ting i den duren, og derfor har eg klart å utsette det.

Krava for kvinner er "enklare" enn menn sitt krav, men det er fortsatt hardt om ein skal få ein god karrakter. Ein på ha karakter 2 eller meir for å stå. Nederst i innlegget har eg limt inn tabellane med karakter og kva du må gjere for å få desse karakterane.

I dag var det "kjerring-trim" i Kjølsdalen, og i morga blir det AktivEid for å sjekke kondisen, siden eg skal sjekke kor lang tid eg brukar på å springe akkurat 3000 meter, er det greit å gjere det på mølle, siden eg ikkje har noko eksakt mål på lengde her omkring. (Om nokon har, tar eg gjerne i mot tips, som for eksempel bana rundt stadion?)


​ ​ ​3000 meter løp*
​KarakterMenn​Kvinner​
​6,0​09:30​10:45
​5,5​10:00​11:20
​5,0​10:40​11:55
​4,5​11:15​12:30
​4,0​12:00​13:05
​3,5​12:30​13:30
​3,0​13:00​14:00
​2,5​13:30​14:30
2,014:0015:00
​1,5​15:30​16:30
​1,0​MerMer​


​ ​ ​ ​ ​ ​Styrketest

Kroppsheving*​ ​Pushups ​Situps
​Karakter​MennKvinner​Menn​Kvinner​Menn/kvinner​
​6,0​14​20​45​26​70
​5,5​13​18​42​24​64
​5,0​12​16​39​22​58
​4,5​11​14​36​20​52
​4,0​9​12​32​18​46
​3,5​7​10​28​16​40
​3,0​6​8​24​14​34
​2,5​5​6​20​12​27
​2,0​4​5​16​1020
​1,5​3​4​12​8​15
​1,0​2​3​9​6​10
​0,5​1​2​6​4​5
​0,00​0​0​0​0​