Om bloggen

Mitt mål er å ikkje vere ein vanleg jente-bloggar. Eg har ikkje lyst til å bli ein som bloggar berre om sminke og hår og slik, sjølv om dette er noko eg interesserar meg veldig for, er det meir ein nok av dei alt. Derfor kjem eg til å skrive om ting som opptar meg. Tankar eg har, som eg føler må ut, saker som opprøre meg og innlegg i den duren.
Du kan seie at det blir på ein måte ein form for moral og etikk, i en god blanding.

I tillegg til dei meir "seriøse" innleggene kjem det kvardagslige innlegg, oppskrifter og anna eg tar meg til med. Litt fordi dei heime skal kunne følge med på kva som skjer i livet mitt i Førde, men og får at du som ikkje kjenner meg, men les bloggen, skal kunne sjå kva eg gjere på.