27. januar 2012

Litt bilder ...

Siden vi ikkje har lov å ha på oss mobil i tjenste, er det lite bilde som blir tatt... Her er dei som eg har på telefonen for augenblinken.
Trommeøving

Ikkje alle er gode i Othello, eller kva, Strøm? Haha!
Våpenreglar, som heng på do (til pugging)
Distinksjonar, som heng på do (Til pugging)
Distinksjoner, som heng på do (til pugging)
Barbering av Berret, ikkje så veldig kjekt, men med sukker til går det bra
Ikkje alle er gode i gramatikk, nei..
To be continued ...

23. januar 2012

Slitsomt, men kjekt!

Militæret er ikkje så hardt som eg trudde det ville vere. Ja, det er hardt, men ikkje så hardt. Eg har jo sjølvsagt (allerede) kasta opp under 3000 meteren. Vi fekk streng beskjed om å ikkje stoppe, og at dersom vi måtte spy, var det berre å spy ut til sida mens du sprang. Dette førte til at jakka mi, den skal vaskes, fort som fy, for å seie det på en minst mulig ekkel måte.
Eg har også grått etter trning fordi eg rett og slett var så sliten.

Nå i helga var det førte permhelg. Det var merkelig å sjå at verden uten for gjerdet gjekk sin vandte gang. Fredag var det middag hos onkelen (Øyind ) og Cesilie. En kveld som gjekk med på middag, sjå TV og berre slappe av, og nyte livet uten for "muren".
Lørdag, sov eg lenge! Heilt til 10, noko som var heilt fantastisk. Så dreiv vi litt dank i Stavanger sentrum, og berre slappa av, for så å reise tilbake, spise taco(!) til middag og ut på by'n en "liten" tur. I mellomtida var eg en tur til søskenbarnet Eva, med god lasagne middag.
Søndagen gjekk med til klesvask, stryking og skap-rydding.

Idag var det styrketest og kondisjonstest. Det går ut på å springe 3000 meteren, sit-ups, push-ups og kroppsheving. Denne "vesle" jenta her, klarte 3000 meteren på 18 minutt (Forkjøla, så det var litt surt...), 18 sit-us (Hadde gangsperre, så ikkje maksimalt), 7 push-up (som er en bedring på den eine eg klarte veka før) g 6 hang-ups, om og er en bering, på den ene eg klarte for ei veke sida!

Livet i Madlaleiren er flott, med en fin tropp og flotte befaler.


To be continued....

14. januar 2012

Stress, kaos og rot

Dei første dagane i rekrutten, er travle dager. Stress nivået er på topp heile tida. Hvertfall hos rekruttane. Nå har eg vore her i tre dager, og det føles eigentlig ut som over ei veke. På denne tida har vi rukket å få tilsnakk for å vere treige, dårlig bretting, dårlig vask av gulv, dårlig bikke-strekk (senga), ikkje ha uniform riktig. Og det er etter tre dager, der befalet har gitt oss "slakk". Korleis skal dette gå?
Vi har også fått alt av utstyr, og det er ikkje reint lite. Har ein vanvittig gangsperre i skuldrane etter å ha bært feltsekken og to stappfulle sjøbagger. Vi har klippa guttane, bretta klede til vi er grønne i tryne, for så å brette dei på nytt. Vi har shavet "bereten" (den blå hua som heng litt på snei.)
Eg har tatt meg sjølv i å tenke "kva er det eg gjer her?!" Eg har egentlig ikkje heilt forstått at eg er her enno, sjølv om det sikkert synker fort inn etter en tilsnakk eller to.
Har forresten havna i 5. kompani, tropp 1 (musikktroppen), lag 6, køye 06. Så mitt nummer er "516,06".  Eg bur på 10 mannsrom sammen med 9 kjekke jenter. Vi var ti, men ein blei dessverre dimmitert etter legebesøk.
Dagen min på Madla rekruttskule (KNM Harald Haarfagre begynner 05.00. som er uhorveleg tidleg, spør du meg. Men nå er det leggetid for ein sliten soldat.

Over og ut, for denne gong.


11. januar 2012

Pakket og klar!

Nå er det ikkje lenge igjen til avreise. Kl. 11.05 går flyet mitt frå Anda flyplass. Da blir det gjort armygirl av meg.  Bagen er pakket og eg er klar for å få utdelt uniform! Det kjem sikkert til å komme eit bilete i løp av dei første dagane med Nina i grønne klede frå topp til tå. Nå skal eg ned til vegen og hente "søskenbarnet" (vi har felles søskenbarn, Lisa) mitt, Linn. Så kjøre mamma oss inn på flyplassen! Så i løp av dagen er det Madla og utdeling av rom og seng og heile visa.

Oppstilling på Madla. Luft og sjøforsvaret.

10. januar 2012

Nå er det like før!

Eg har oppdatert utforminga på bloggen berre til "ære" for rekrutten og militærtjenesta mi. Så fram til det virkelig blir Gakk-gakk av meg ( til eg kjem meg på båt ) så blir det vel i den kjente militærgrønne-stilen. Så da skjønner du sikkert at eg har tenkt å oppdatere "dokke der heime" og alle andre som snubla innom, om livet på Madla Rekruttleir og vegen etterpå. Kor ofte eg får tid til å fortelle, vil variere. Enn så lenge veit eg eigentleg ingenting om kva fritid vi kjem til å ha osv, men følg med på facebook og twitter eller sving innom her iblant, så får du nok vite litt om livet som jente i militæret!

Før det kom opp i den lille bagen min. Den er stappfull. Eg lova.