28. februar 2013

Hallo Kitty!

Hei,

Da er eg ferdig på skulen, valgte å ikkje sitte igjen idag. Motivasjonen har truffet litt bunnen. Skal begynne på oppgavene om hormonene straks, men tenkte eg skulle vise dokke progresjonen på hua eg har strikka!
Har fått sydd på øyre og sløyfe, så nå mangler ansiktet og den er klar. Det er eit prøve-prosjekt, og eg trur nok eg må strikke ei til for å få den så pen som eg vil ha den, men kjekt å ha noko anna å tenke på enn kroppen og korleis den fungerer, og kvifor.

Hello Kitty!

27. februar 2013

Go' stolen og kakao

Hei,

Da har eg dumpa ned i go' stolen min (Stolen nærmast ovnen, treng varme for å tine dei istappane som sitt fast på foten min...) med ein kopp kakao. Det er noko av det beste med heile dagen - utenom middag. Middag er dages høgdepunkt!
Nå skal eg strikke og sjå serie. Det gledes. Eg var nemlig på sparkjøp idag og kjøpte meg tråd, slik at eg skal få begynt på den Hello Kitty hua eg snakka om igår. Har aldri strikka med dobbel tråd før, så det blir kjekt å prøve, ikkje at eg trur det er grusom vanskelig..

Ellers har vi fått lampen vi bestilte! Du ser den over haudet mitt (det skreiv eg med Julekveldsvisa melodien surrande i bakgrunnen!). Veldig fornøgd. Lyser bra, og er fint å få litt arbeidslys på strikket på kveldstid.


26. februar 2013

16 dager til eksamen!

Hei,

Sidan eg blei ferdig med prøveprosjektet mitt, mariuspannebånd, og hadde litt feil tråd osv, så går eg over på noko anna. Nå har eg to prosjekt. Eg skal strikke ein hals i Tynn Alpakka, frå Du Store Alpakka, og ei hue til eit lite søskenbarn som er forelska i Kitty. Satsar berre på at eg blir ferdig i tide. Oppskrifta på denne herlige hua, finn du her. Det er ei utrulig søt hue, så satsar på at det blir ei veldig glad jente som opner gave i April!

Ellers er det snart eksamen, og eg kjenner eg begynner å tenke litt på det. 16 dager igjen, og vi er ikkje ferdig med pensum ein gong. Grøsser litt med tanke på det. Skal prøve å jobbe mest mulig med oppgaver denne veka, slik at eg kan bruke neste veke på å pugge å lese meg opp. Anatomi er vanskelig, synes eg. Ikkje nødvendigvis vanskelig å forstå det meste (noko er sjølvsagt vanskelig, eg har ikkje superhjerne...), men det er så sinnsjukt utrulig mykje ein skal hugse på! 

Ellers sakna eg den flotte blå uniformen min!



25. februar 2013

Marit på besøk!

Hei,

I natt hadde eg mareritt, eller marit som mamma kaller det. GUD det var grusomt. Bråvåkna like før vekkerklokka til Tore ringte, så eg krølla meg inn til han. Det hjalp. Så eg låg i armane hans å gråt litt - så redd var eg.
Haha, litt latterlig igrunn. Eg drøymte at eg var skikkelig drita, og skulle køyre (noko eg aldri ville ha gjort i virklegheita. Fyllekøyring er FY). Så kræsja eg med ein annan bil, men min bil var i grei stand til å køyre, så eg kunne køyre heim. Støtfangeren (trur det var det. Greia framme som kan falle av?) falt av, og blei liggande igjen. Så eg køyrte heim og vekte mamma. Mamma ba meg gå å legge meg, og late som ingenting, sidan vi var i USA og køyring i fylla, uten lappen med kræsj ville mest sannsynlig vere nok til livstid i fengsel. FY det var grusomt.
Ellers idag har eg sett meg opp på Glee, endelig er eg kommet "up-to-speed" på to av mine favorittseriar. Falt heilt bak etter Sør-Afrika. Har sett ferdig Gossip Girl, og så langt dei har sendt i Glee og Pretty Little Liars. Så mangler berre Switched at Birth, Big Bang Theory og the Lying Game! Gleda meg.
Det er eit supert avbrekk fra studiene og sjå ei episode med serie. Drøyme seg bort til ein framad verda, der det skjer uvirkelige, skumle, flotte, triste og romantiske ting heile tida.

XOXO - You know you love me!


21. februar 2013

Pannekaketorsdag

God morgen,

Nå sitter eg og Amanda og nyter ei rolig morgenstund. Ho sitter på Netflix og eg surfa på nettet.
Idag skal vi lage pannekaker og oreokuler. Pannekakene er sjølvsagt til middag, sidan Tore har ønska det til middag i over ei veke. Det er egentlig veldig greit. - Å få middagsønsker altså.
Det er så kjedelig å gjennomsøke butikkane etter middgstips. Det å klare å variere middag er virkelig vanskeligare enn eg trudde. Hittil har eg klart meg med glans!

Trollet har poppa opp av eska!

20. februar 2013

Ny utforming!

Åh, det var deilig. Har hatt samme utforminga i nesten eit halvt år! Kva synes du om designet?

Orangutang

Hei,

Nå sitter eg og ser på ostesmørbrøda mine som ligg i ovnen for å bli varme og sprø.
Idag skal eg jobbe med Anatomi til eg krepera, fram til eg må hoppe i dusjen og køyre til sentrum for å plukke opp Amanda, som kjem for å besøke oss. Kos!

Ein av fem om dagen!

19. februar 2013

Flinke studenter

Nå sitt vi hos Ina og jobber masse med Anatomi og mikrobiologi!

Flinke Ina og Stine

Eg rula kula!

(Awesome innleggstittel, sant?!)
Hei,

Eg må ærlig innrømme at det er litt kjedelig å ha mykje fri. Sjølvsagt, eg treng tida til å jobbe med oppgavene, men det er begrensa kor lenge ein klare å jobbe i løp av ein dag før haudet streika. Har fleire ganger gitt opp fordi eg kjenne haudeverken snike seg innpå meg. UKULT. Anyway! I går tok eg med meg Tore ut for å ete. Eg fant ut at det gjorde seg å komme seg ut fra leiligheta å puste litt anna luft. Vi gjekk på Bambus å åt middag, så gjekk vi å tusla litt rundt på senteret.
Ein av Tore sine venner var i Førde med jobben, så vi møtte han og hans kollega og spilte nokon runder med Bowling. Det var kjekt, og eg var faktisk mykje betre enn eg trudde! 1. runde var uavgjort mellom meg og Tore 2. runde var eg tre poeng bak, og 3. runde kom eg vel 20-30 poeng bak. Der kan eg skylde på at kulene mine slutta å komme tilbake, så eg enda opp med å kaste kuler som hadde for store hull og var litt i tyngste laget. Men ingen dårlig taper altså!

Idag skal eg, Ajantha og Stine til Ina å jobbe med oppgaver og lage god mat. Tore stakkar jobber litt overtid og skal lage middag sjølv! Store gutten min <3 nbsp="" p="">
På tide å børste håret?!


Ha ein strålande dag da!

17. februar 2013

Fin helg !

Hei,

Nå sitter eg i leiligheta å kosa meg glugg ihjel og nyte siste minutta av "heime-aleine"-helga mi. Det har vore deilig å slappe av, og ete akkurat det eg vil til middag! Tore har vore heime i Nordfjord å møtt gutta. Skikkelig hendelsesrik helg med kino, ski og bowling!
Helga mi har vore veldig fin. På fredag hadde eg besøk av to fra klassa, Ina og Ajantha. Vi såg film og spiste taco og litt godis. Kjempekjekt å gjere noke litt avslappande, ikkje berre studier og fyll (heh). Laurdag var eg ned i sentrum for å rekke polet og vaske bil. Bilen min er endelig blitt raud igjen! Ikkje brun som den såg ut med all skitten på! Så gjekk eg Ina og Stine på Bambus, kinarestauranten her i Førde. Eg kjøte Kylling Chop Suey, so forøvrig var godt, men litt for søtt. Neste gang eg skal dit vil eg prøve stekte nudler, som også virka utrulig digg!
Vi pynta oss hos Ina og vorsa der, før vi tusla bort på hotellet for å få med oss konsterten som var. Plumbo spelte. Vi digga musikk og kosa oss mykje. Så forsvant Ina, så eg og Stine gjekk på leiting. Etter litt leiting var det på tide med nattmat, så vi gjekk på Best og fekk i oss litt pølse og drikke.
Etter ei stund ringte Ina, og da var det egentlig berre å ta kvelden.

Nå er det vinterferie, eller "studieveke" som lærerane påstår at det er. Så wooooop, ei heil veke med sove lenge, studere og kos med besøk og mykje kjekt!
Dagens grimase!

12. februar 2013

Laaaang helg.

Hei,

Nå har eg sittet i sofaen her i leiligheta å studert, sett tv, fyrt i ovnen, spelt spel og slappe av. Det verste er at eg har fri i morga og. Så har eg fri heile neste veke også. Og plutselig er det eksamen!
Det er skummelt å tenke på at vi har gått igjennom litt over halve pensum, og det er under ein måned til eksamen. Himmel. Vi blir ferdig med pensum berre ei veke før eksamen og det er sjukt. Men det er høgskule!
Sitter i sofaen og kosa med i OnePice!

6. februar 2013

Anatomi!

Da har eg endelig kommet på plass i leiligheta sammen med Tore. Studie går fint og eg har oppdaga at Førde er ikkje så ille som eg kanskje skulle ha hatt det til tidlegare. Vi har kommet godt igang med innkjøpa, og har for tida nok å sysle med når det kjem til studier og leilighet.
Vi har nå snart hatt ein måned med forelesning. Nå har vi om anatomi, fysologi og mikrobiologi. Det er mykje som er logisk og mykje anna som er vanskelig.
Ellers har eg sidan sist klippa lugg!