30. november 2012

Besøk på TH

Hei,

Da har eg fått storfint besøk på Trollhaugen. Ein liten del av min store familie er her! Mamma og Amanda er på besøk. Dei kom med fly i går, og eg blei møtt av ei slapp Amanda (meget uvanlig, og sikkert tegn på at noko er galt.) vesle jenta hadde nemlig feber og var så absolutt ikkje i form. Derfor har eg og mamma vore rundt å fiksa litt diverse som ikkje er så interresant, slik at resten av turen berre blir hygge!

I morgon skal vi kjøre inn i tre ulike land, vi skal på julemarked og vi skal kose oss mykje, dersom Amanda er betre. Kjedelig å vere på reisefot når ein er sjuk!
Ellers er det 1. Desember i morgon, så eg gleda meg mykje til å opne adventskalenderen min!
Mamma var nemlig ein engel å tok med seg ned over! Hurra 😀




24. november 2012

Planane fram over

Hei,

Nå har eg vore borte frå bloggen ei stund. Det er rett og slett fordi det ikkje har skjedd så mykje i det siste. - Litt har det jo, ellers ville det jo ikkje kommet noko på bloggen!

Det aller største eg har å meddele er det at eg har tatt avgjerda om kva eg skal gjere etter eg er ferdig i militæret. Etter litt klaging (over det å måtte bestemme meg for kva eg skal bestemme meg for..) og litt syting (over prinsippet at eg hater å bestemme meg) så har eg kommet fra til det at eg skal studere. Så alle puslespillbrikkene er klare, mangler berre å pusle dei saman.
Så i januar skal eg altså flytte ut i den store verda, aleine (...nesten) for å begynne på bachelor i Sykepleier i Førde. Det blir berre eit steg i riktig retning, for å kunne nå ambulanse, som har vore draumen i eit par år nå.
- som du kanskje har tenkt deg til, skal eg flytte inn hos min kjære Tore, sidan han har lærlingetida si i Førde, føles det berre naturlig å flytte sammen. Skummelt, men på samme tid gleda eg meg veldig!

Ellers er "nye meg" kommet, altså personen som skal overta stillinga mi når eg reiser her frå i Januar. Så til helga blir det hela i taket og tenna i tapeten, for å feire eit års tjeneste til det norske Forsvaret, det blir bra!

På bilete ser du litt av rommet mitt, klar til insp! Ryddig og fint.



13. november 2012

I'm back!

Hei,

Da er eg kommet tilbake til Trollhaugen igjen!
Turen har vore ein heilt fantastisk opplevelse, og eg gjer det gladlig igjen. Faktisk drømte eg i natt at eg reiste tilbake. Dei siste to nettene har drømmane mine vore heilt utrulig fantasifulle. Dette er fordi eg har blitt sjuk, sidan vi i løp av safarien rakk å bli kalde, og vi siste to nettene i SA sov med aircondition, så blei eg ganske forkjøla.
Siden eg kom heim har eg stort sett bare sovet. Nå er endelig formen på veg opp!
I morgon skal vi ha skytedag / utedag, så da blir det bare å kle på seg mest mulig og håpe det går fint!
Fallskjermhoppet i Plett!

9. november 2012

Sør-Afrika update!

Da er vi endelig tilbake til Internett! Når vi var i Plettenberg hadde vi ikkje Internett, og vi gadd ikkje bruke tid på Internettkafé, så derfor ingen innlegg.
I løp av siste veka har vi gjort så sjukt mykje! Torsdag kjørte vi til Plettenberg, spiste middag når vi kom fram og spv lenge. Fredag gjekk vi tur på stranda, satt ute i sola og las bok og bare slappa av, med en liten tur ut på fredag, der vi blei kjendt med en gjeng folk som vi hang litt med resten av uka.
Lørdag reiste vi til Bleukrat(?) Bridge, som er verdens høgaste strikkhoppbru, (216 meter) kor vi hoppa i strikk to ganger, en forlengs og en baklengs. Baklengs var så utrulig mykje uklare enn forlengs!
Så var det tilbake til Plett, kor vi spiste og etterpå reiste ut til samme plassen , og møtte folka.
Søndag var en rolig dag, vi reiste på besøk til en venn av ho vi bodde hos, kor vi spiste god mat og lå ved bassengkanten heile dagen.
Mandag skulle vi egentlig hoppe i fallskjerm, men siden det var for skyet måtte vi endre planer. Vi reiste derfor heller til Elephant Sanctuary for å hilse på elefantene der. Vi "leia" på tur, og rei dei.
Tirsdag fekk vi endelig hoppa, og det var utrulig digg! Når eg kjem heim og i orden, skal eg få lagt ut filmen av både strikkhopp og fallskjerm så dykk får sjå!
Seinare på dagen reiste vi på stranda og der bestemte oss for å reise på havkayak-tur. Det såg vi kval og delfin veldig nært!
Onsdag brukte vi på å vandre rundt Robberg, der såg vi mange ulike smådyr i tillegg til sel, delfin og kval. Denne dagen blei eg sånn relativt passe solbrent.
Torsdag reiste vi til Sanbona som er eit "wildlife reserve". Dette vil sei at dei ikkje mater dyrene, dei berre overvåker. Alle dyrene som er der, er ville og må overleve på egne kår.
Vi bodde på 5(!) stjerners hotell og nytte livet relativt godt😉
I løp av dei to safarirundene vi hadde, fekk vi sett klippspringer, Kudo, springbok, sebra, skilpadde, kvit og gyllen løve, esel, elefant, neshorn, giraff, slange, gekko, edderkopp og andre insekt og fugler.
Dette ble veldig fort oppsummert, men det er eit godt samandrag av kva vi har gjorde på, og det er mulig eg har gløymt noko..

Til din info, flyet mitt går lørdag kveld og lander søndag morgen, rundt 10.
Så er sikkert heime på TH rundt 13-ish.

På bildet ser du kor solbrent eg blei. Heh, BRUK SOLKREM, folkens. Det fungerer..

2. november 2012

Kva blogger les eg?

Hei!
Dette innlegget er planlagt, det vil eg skriv det nå og velger når det skal publiseres. Dette er berre for at i tilfelle alle ods skal vere mot oss, og vi ikkje kommer til å få tak i internett så lett, så har dokke litt lesestoff inn i blandt. Så dersom det kjem innlegg som virker som dei kjem litt ut av det blå, så er det berre fordi eg har skrivet desse tidlegare.

Her har dokke eit lite utvalg av blogger eg likar å kikke innom i blandt. Så er været ekstra ille og kaldt, lag deg ein god kopp med noko varmt å drikke å bla deg igjennom desse bloggane.

Eg får vel begynne med dei "store".
Emilie "Voe" Nereng er ei jente som er flink å skrive og er ei aktiv og glad jente:
www.voeblogg.no

Anna Rasmussen blei gfravid som14 åring og mamma som 15 åring. Ho bloggar om tilværelsen som mamma til lille Michelle.
www.mammatilmichelle.blogg.no

Hanne Sigbjørnsen. Flink å tegne, lettare nevrotisk og litt "alt-for-glad" i taco.
www.tegnehanne.no
Isabelle Brobakke møtte eg første gong gjennom 4H, under volleyball-turnering på bryggja. Etter det har eg møtt ho litt her og der. Men bestefar og barndomsheimen til Isabelle ligg like ved kvarandre, så når vi var mindre brukte vi å leike litt sammen. Nå har Isabelle blitt mamma til nydelige Theo Sebastian, og skriv sjølvsagt om livet som nybakt mamma.
www.isabellebroba.blogg.no

Katinka Brodal flytta til vakre Nordfjord for nokon år sidan, nå blogger ho om livet fra utkant Noreg. Ho er gravid og ventar si førstefødte om ikkje lenge, saman med sin kjære Inge bru. Lykke til på ferden!
www.lifeofkatinka.blogg.no

Hege-Anita Nesbø
www.hegenita.blogg.no

1. november 2012

Dag 4 - Sør-Afrika

Hei,

Dagens begivenhet har vore å kjøre på feil side av vegen. Det var smålig uvant, men man kom fort inn i det, sjølv om eg stussa kjapt første gongen eg skulle kjøre inn i ei rundkjøring.
Idag gjekk turen ut av Cape Town og til Cape Point.
Vi kjørte "scenic rout" (eller korleis det skrivast, om du virkelig vil vite, google det) ut fra hout Bay, som hadde nydelig natur og idylliske postkort motiv så langt øye kunne se.
På vegen stoppa vi å spiste frokost på café penguino, som hadde nydelig ciabatta med ost og skinke, og kjempegod croisant med nydelig syltetøy. Vi gjekk vidare ned vegen for å sjå på pingvinene, som gjekk rundt å tussa på stranda der.
Så gjekk turen vidare, og vi kom endelig fram til Cape Point. Det var ekstremt mykje vind (men kva kan du forvente?) og håret for kjapt opp i hårstrikk, sidan det ellers var umogleg å sjå noko. Vi gjekk på litt forskjellige stiar, og Amalie gjekk amok med kameraet sitt!
På tilbakevegen kjørte vi ei litt anna rute, og på vegen stoppa vi i Muizenberg (?) for å spise en (veldig) sein lunch. Det var utrulig god mat der!
Ellers har vi slappa av, stoppet der vi ville, og nytt friheten;)
Akkurat nå har vi nettopp kommet tilbake fra en liten tur ut på byen for å undersøke korleis utelivet her er, og det imponerte stort!
I morgon reiser vi til Plettenberg Bay, og veit ikkje heilt korleis Internett-mulighetene er der, men stay tunet, så kanskje du finner det ut!

So long, good bye!