27. februar 2013

Go' stolen og kakao

Hei,

Da har eg dumpa ned i go' stolen min (Stolen nærmast ovnen, treng varme for å tine dei istappane som sitt fast på foten min...) med ein kopp kakao. Det er noko av det beste med heile dagen - utenom middag. Middag er dages høgdepunkt!
Nå skal eg strikke og sjå serie. Det gledes. Eg var nemlig på sparkjøp idag og kjøpte meg tråd, slik at eg skal få begynt på den Hello Kitty hua eg snakka om igår. Har aldri strikka med dobbel tråd før, så det blir kjekt å prøve, ikkje at eg trur det er grusom vanskelig..

Ellers har vi fått lampen vi bestilte! Du ser den over haudet mitt (det skreiv eg med Julekveldsvisa melodien surrande i bakgrunnen!). Veldig fornøgd. Lyser bra, og er fint å få litt arbeidslys på strikket på kveldstid.


Ingen kommentarer: