12. juni 2014

Når bestevenner blir venner og bekjente

Hei kjære bloggen. Anar ikkje om nokon er innom her, men har eit ønske om å lufte tankar, sjølv om ingen les. Er du her, sett eg pris på å høyre dine erfaringar rundt temaet, om du har nokon. 

Dette er noko eg antar eg ikkje er aleine om å ha opplevd. Folk flytter, forandrer seg eller ønsker kanskje rett og slett ikkje kontakt lenger. Uansett grunn, gjer det like vondt. Det er vondt å sjå nokon du ein gong delte alt med, dele alt med andre, og du får ikkje vite noko. 

Eg har sjølv opplevd, fleire gongar, å "bli bytta ut". Det er sårt. Ein tenkjer ofte tilbake på det ein har opplevd, og lurer vel litt på om den andre parten har gløymt det? Denne fasen er vond, og ein er litt ekstra sårbar. Det går heldigvis over, og dersom du har opplevd dette, har du kanskje lært det eg har lært. Slike mennesker blir skuggar i minnet ditt. 
Du hugsar dei var med, kanskje, eller du hugsar noko dykk gjorde saman. Det første eg hugsar når eg tenker på desse personane, er først og frems følelsen dei gav meg. Følelsen av å bli satt til side, utan åpenbar grunn. Ikkje god nok eller for sjølvgod? For fjern eller klenget? Lite morosam eller aldri seriøs? ... Spør du meg, spør eg deg. Eg er ikkje blitt klokare av å fundere på det.



Eg er sjølvsagt litt skuld i dette sjølv. Eg kan vere flinkare å halde kontakten med mine venner. Prioritere annerledes. Men i nokon tilfeller går det berre ikkje. Nokon ting kan ein ikkje prioritere vekk, og det er vanskelig å halde kontakten oppe. Når ein prøver å finne på noko eller starte ein samtale og den andre ikkje gir eller har entusiasme, er det ikkje lett. Ein kan gi og gi, men så lenge man ikkje får noko tilbake, vil man til slutt gå tom. Tauet har to endar, og begge må dra og gi for å klare å halde tauet stramt.

Nokon vennskap fasinerande meg. Sjølv om begge partar ikkje snakkar saman på lenge, gjer det ingen ting. Så av og til kan det faktisk haldast stramt, sjølv om man ikkje følger med. Slike vennskap klarer å takle det meste. Eg er heldig, og har nokre slike. Kva med dei som har ingen, og kanskje ikkje klarar å få nokon heller? Det må vere einsamt. Eg føler meg av og til einsam. Eg har mange vener, men få på innsida av haudet, som får vete alt som går for seg i tankane mine ein roleg kveld når ein er litt ekstra nedfor og sårbar.


Mykje surr, men tankane måtte ut.