21. januar 2010

Høgskule - Bachelor- og Mastergrad

Eid vidaregåande skule hadde i dag besøk av diverse høgskular rundt om i landet. Det var eigentleg for 3. klasse på ST og 2. klasse på YF (stiduespessialiserande og yrkesfag) men eg sneik meg til en time med informasjon. Kan aldri få for mykje informasjon veit du. Mitt problem er vel eigentleg at eg bare har sånn halveis peiling på kva eg vil bli. Eg har eigentlig bestemt meg for kva eg vil bli, ambulanse personell, men så er det, det der med å ha noko i bakhand om det skjer noko som gjer at eg ikkje kan halde på med den jobben eg har.


Kan du sjå for deg meg som Bachelor eller Master i noko? Det kan ikkje eg!

Ingen kommentarer: