20. april 2013

Uh, eg er litt svimmel *kræsj*

Hei,

I går var det ein dag! Klarte å følge med i timen og alt var topp.. Så var agen over, og eg skulle gå ut, så eg klatra over benken, siden det var så få på min rad som hadde pakka. Eg satt dessuten på 2. Rad, så det var ikkje noke hokkus pokkus. Her går det galt. Eg klarte nemlig på eit eller annet vis å smelle kneskåla inn i benken, noko som resulterte i ein smerte som eg ikkje merka sidan eg var opptatt med å vere skikkelig svimmel. Neste eg merka er at eg ligger. Heime i senga. Så våkner eg, og ser Tom, foreleseren ståande over meg og prate med meg, og eg skjønte ingenting. Så merka eg at eg ikkje låg i senga, men på gulvet. Himmel og hav så forvirra eg var der eg låg..
Til dei som ikkje skjønte det, så besvimte eg!


Ingen kommentarer: