20. oktober 2015

Når du klør... Der...

Du veit den eine plassen på kroppen. Den edle fine plassen der sola sjeldent skinner (i alle fall på denne åratida) og hendene sjeldent vanker? Til tider så bestemmer kroppen seg for at du skal klø... Akkurat der. Problemet er berre at det er litt vrient å klø seg der, uten at befolkningen rundt deg anten ser litt rart på deg, eller trekker gjenkjennande på smilebandet. Det er heller ikkje det at hendene ikkje får lov til å ta på denne plassen, det er berre det at evolusjonen gløymte av ein vesentlig egenskap under utviklinga. Om ein er to, er det som regel ikkje eit problem. Dersom du har eit nært nok forhold til denne personen, kan ein faktisk spørre om du kan få hjelp til å nå denne plassen. 

.. Men om du spør ein framand, ville nok du fått eit rart blikk og inga hjelp. *sukk*

 
Eg snakkar sjølvsagt om ryggen (kva tenkte du?), og ikkje berre kvar som helst. Nei, mellom skulderbladene. Kva har det seg at vi ikkje har mulighet til å ivareta våre eigne behov? Eg har fleire gangar opplevd å sjå ut som ein desperat blekksprut som plutselig fikk for stive armar. 


 Forresten! Håret mitt er blitt så langt at det (med nød og neppe) går opp i hårstrikk! Då eg klipte meg kort, hadde eg ikkje sjans, og det er berre to veke sidan eller noko. Håret veks fort! 

#ProsjektVekkMedEttervekstHeiNaturligHårfarge

Ingen kommentarer: