28. oktober 2015

Skremt av sin egen skugge






Hei!

Du veit når du er liten og har lagt deg i senga, og lyset framleis er på? Da blir kreativiteten testa, for oppfinnsomme måtar å skru av lyset på uten å forlate senga. Det er eigentlig fasinerande. Eg trur nemlig at ein bruka meir energi på å komme på metoder og faktisk utføre dei, enn ein ville brukt dersom ein røyste seg, trykte på brytaren og gjekk og la seg igjen.


Det er ikkje fordi eg gløymte å skru av lyset at dette skjedde, men fryktsenteret i hjerna mi køyrte på høggir i går, då eg avslutta kvelden med å sjå på en småspennande og litt skummel serie rett før leggetid. Eg veit ikkje kvifor, men sjølv i ein alder av 23 år klarer eg ikkje kontrollere den urealistiske frykten når eg er aleine. Hadde T vore her, hadde det ikkje vore noko problem, då hadde eg ikkje tenkt på det ein gong.

Så under påskudd av at det var latskap kasta eg (nesten) alle putene eg hadde tilgjengelig på brytaren før eg måtte gi opp, stå med en fot i senga, andre på gulvet for å rekke langt nok, og skru av lyset. For så å sprette tilbake i senga og under dyna (som forøvrig er en trygg plass). Hjerna mi er snodig på det viset.


Ingen kommentarer: