19. oktober 2015

Logikk søkes

For en morgen... Eg vakna i dag kl. 07.00 lys våken med en følelse av at noko var galt. Eg hadde i løp av natta hatt nokre milde mareritt, så følelsen blei nok forsterka av dette. For å forsikre meg om at det berre var hjerna mi som jobba overtid, sendte eg melding til Tore for å sjekke om han var OK. Eg fikk ikkje svar. Eg bestemte meg for å gi det nokre minutt før eg ringe, for å "gi han en sjanse til å,svare". Så eg venta dei 6 minuttene eg hadde tenkt å vente. Han svarte og flira litt av meg, berre godhjertet latter altså 😅 


På veg inn på badet fikk eg ikkje igjen døra, og fikk jo då lettare panikk. Den var umulig å få igjen uten å ta i, så i min fremdeles mareritt "redd for at noko har skjedd" prega tankegang trudde eg at nokon stod å holdt igjen døra. Litt febrilsk leita eg etter årsaka, og trudde i ein augneblink Tore fremdeles var heime og hadde gjemt seg bak døra og holdt den igjen. Eg forventa i eit lite sekund at han skulle kikke fram fra bak døra og flire av min panikk. Heldigvis var det berre eine armen på sokke-karusellen som hadde kilt seg mellom døra og dørkarmen.


Det neste som skjedde var nok fremdeles prega av treig tankegang og litt dårlig morgen. Eg skulle vaske over lokket på termosen min, og skjønte virkelig ikkje kvifor vatnet ikkje blei varmt. Etter ein god del tenking, fundering og frustrasjon, kom eg fram til at eg må ha skrudd på vasken på iskaldt vatn, ikkje varmt som eg trudde. 


For ein morgen. Eg trur eg la igjen logikken i stova når eg gjekk å la meg i går, for eg kunne virkelig ikkje finne den i dag tidlig.. 

 


Ingen kommentarer: