15. oktober 2015

Oppskrift: Heimelaga Granola

Tenkte det var på tide å dele min favoritt frokost og "etter-trening-kjapt-måltid", nemlig granola!

Granola er i grunn ein form for müsli, berre at denne er steikt slik at den er litt crisp og har fått litt ekstra smak. Det fine med å lage det sjølv, er at man bestemmer innhold, smak og sukkermengden sjølv!

"Grunnoppskrift"

  • Havre
  • Bygg
  • Rug
  • Hvete

Her styrer du mengden sjølv. Eg kjøpte ein ferdigblandet müsli på butikken som inneheld 1/4 av kvar enkelt ingrediens fordelt på ca. 750g. Ha dette i en bolle (evt. halvparten, for en mindre porsjon), og tilsett til dømens frø, nøtter eller anna etter ønske. Dersom du ønsker tørka frukt i, til dømes rosiner eller aprikos, må du vente med dette til etter steiketid. Nokre forslag her er:

  • Solsikkekjerne
  • Sesamfrø
  • Linfrø
  • Mandel
  • Hasselnøtt
  • Valnøtt

Dette er bare forslag, det er mange ulike ingrediensar ein kan ha i, bruk fantasien. Mengde styrer ein sjølv, men om du lager så stor porsjon som eg gjorde med den ferdige pakken, kan du godt ha 1-2 dl med kvar type frø og ein pakke (250g) med mandler osv. Nøttene kan det vere lurt å hakke i mindre biter, for at de skal trekke til seg smaken og at bitane ikkje er så store.



Så er det smaken ein skal tilsette. Her er mange alternativ også, men min favoritt er:

  • Eplejuice (3-4 dl)
  • Sukker  (1 dl) Kan sløyfast
  • Honning (2 ss)
  • Kanel (1/2-1 ts) Kan sløyfast

Ha eplejuice, sukker, honning og kanel i ein liten kaserolle. Varm eplejuicen, ikkje kok, til sukker og honning har smelta sammen med juicen. Hell så over granolaen. Bland dette til all müsli har fått fukt på seg. Ønsker du ikkje sukker og honning, kan du bruke t.d. rapsolje og eplejuice.

Fordel på ei plate kledd med bakepapir. Laget bør ikkje vere tjukkare enn 1-1,5 cm, dersom du skal få jevn steiking.
Steikast i ovnen på ca. 125 grader i ein time. Kvart 10-15 minutt bør du ta ut plata og vende blandinga godt, slik at den blir jevnt steikt. Avkjøl og ha over i boks/krukke når det er kaldt.

Ingen kommentarer: