26. oktober 2015

"Dritten i midten"

Eg har lenge måttet følt på både fordelane og ulempene med å vere den midterste ungen i flokken, men mindre og mindre nå som eg har flytta ut og kun er heime i helgane, og gjerne ikkje like ofte som før. Det er ikkje eit fenomen du kjenner deg igjen i, med mindre du sjølv har vokst opp som den så kalla "dritten i midten".


I sommar klarte eg å dra meg med Tore, under påskudd av at Jørgen André og Helene hadde tenkt seg, sjølv om det var eg som overtalte dei til å bli med. SÅ KJEKT DET VAR! Eg kosa meg glugg, og følte meg berre litt rar som gjekk på dette som voksen uten unger.. Men berre litt!

Det er klart at foreldrene ikkje tenker over det, men under oppveksten (i alle fall min) blir ein som midterste barn pinlig opptatt av materialistiske ting og veldig nøye på rettferd eller at det i alle fall går i din favør. Som barn nummer to er det ingen problem med å arve. Misforstå meg rett, eg er for gjenbruk, men når da minstemann kjem til verden, då er jo alt utslitt, fordi kleda du brukte vart jo heilt utslitt av å sitte på golvet å leke med barbie og dukker! Sjølv om kleda som eldstemann sprang rundt i skogen og rein hull i var heilt klar for ei ny epoke i din kommode. Det var nok ikkje sånn det eigentleg var, men mitt 8-9-10-årige meg klarte ikkje sjå anna, så ein kan vel påstå at eg var sjalu.


Er her andre som har vokst opp som "the middle child" som kjenner seg igjen i det eg skriv her heller? Eg er sikker på at det ikkje er ein dans på roser å vere eldst, midterste, yngst eller enebarn, men eg kan med handa på hjerte seie at å vere i midten kjem med utfordringer! 

Ingen kommentarer: