23. oktober 2015

Rosebuketten som spirer?

Hei!


Eg veit ikkje heilt korleis eg har fått det til, men eg trur eg har fått grønne fingre på eit vis. Eller, kanskje ikkje alle fingrane mine er grønne, sidan fredsliljenen mine ikkje blir anna enn grønne (dei har ikkje hatt blomster på fleire månedar). Men rosene mine derimot. Dei vekse. Alttså, ikkje i høgda, og (enn så lenge) har det ikkje kome fleire blomtra, men bladene kjeme lysegrønne, nye og friske.


Desse bilda er då altså tekne med ti dagers mellomrom, og dei har begynt å vokse! Sidan vi skjeldan kjøper bukettar, er dette noko som er heilt nytt for meg. Er dette vanlig? Er det vanlig at skuddene begynner å vokse? Kjem eg nå til å ville få blomsterkopper?


Om nokon andre vil følge opp suksessen ved å gå i mine fotspor, så skiftar eg vatn ca. annankvar dag, har en ts sukker og ei ts sitronsaft per halvliter med vatn. Kan også vere lurt å ha nokre dråpar klorin i etter kvart, då dette drep bakteriane som likar seg i vatnet og startar nedbrytingsprosessen, eller noko sånn. Oppskrifta fann eg på det O' store internett og eg hugsar ikkje kven som hadde lagt det ut, men eg sprer meir enn gjerne kunnskapen.

Ingen kommentarer: