21. oktober 2015

Er eg ikkje vis lenger nå, sidan eg ikkje har visdomstenner?

Dette er faktisk innlegg nr. 200 på denne bloggen! :)

Hei du! 

I dag har eg vore hos tannlegen. Det har seg nemlig sånn at visdomstann nr. 2 har brutt igjennom, og den gir klart signal om at den ikkje har lyst å vere i min munn. Sist eg trakk tann fekk eg beskjed av tannlegen i Førde som hadde tid, fordi eg måtte faktisk ringe til 13 ulike tannlegar for å finne tak i nokon som hadde akuttime til nokon som ikkje var deira pasient, at når neste tann kom igjennom, var det berre å ta kontakt, så skulle han trekke den også.

Er mønsterpasient og kjem med gullande rein munn!


Mi første visdomstann tok eg i jaunar. Så det tok eigentleg ikkje lang tid før nestemann i rekka var klar. Heldigvis har eg berre to visdomstenner. Eg fekk nemlig tannlegen til å ta røntgen heilt bak før eg vart 18 (det var jo framleis gratis) slik at  eg kunne vere forberedt på det som skulle komme. Ho kom jo med ein gledelig nyhet. Eg har høyrt om personer som har dobblet sett med visdomstenner - altså 8 tenner, så eg er fryktelig fornøgd med å "berre" ha to.

Litt småpjusk, da det var begynt å bli vondt i såret og ekkelt å bite på tupferen. Dette var i Januar.
Eg vart ganske paff då, i januar. Eg kom, satt meg ned, medan tannlegen trekte opp medkamenter og tannpleier tok røngtenbilde av tanna. Han satt bedøvelse og fortsatte å lage til, og 15 minutter etter at eg satt meg i stolen, var eg ei tann fattigare og ferdig. Det gjekk så fort! Eg såg for meg "dikkedaring" med å lirke og kløyve og alt i hop, men den kom ut neste av eiga fri vilje, virka det som. Flink tannlege!

Bedøvelsen er satt og tanna kan nesten ikkje vente med å komme ut. Eg er meir tilbakeholden i det heile og tenker mest på vondten som kjem etter på, når bedøvelsen ikkje er der lenger og tanna har forlatt sin hule.


Denne gangen var det samme gangen i det, berre vi tok ikkje røntgen, så det tok vel ti minutter fra eg satt meg i stolen, han såg på tanna, bedøvde, og trakk ut tanna til eg var ferdig. Eg tok en snapp i det bedøvelsen virkelig var begynt å virke, og når eg var komen heim igjen (fra sentrum til Vie) var det 14 minutter siden. Det seie vel sitt. Effektiv og flink tannlege, som ikkje var så veldig dyr, det lika vi! Tanna valgte eg forresten å "donere" til tannlegekontoret, slik at studentane kan studere tanna. Be my guest, seie nå berre eg. Spesiell interesse, tenner, altså. 

 

Korleis har du opplevd å fjerne visdomstenner? Eg vil gjerne høyre om det, så legg igjen ein kommentar, så kan eg kose meg med tannlegehistorier ut over kvelden!

Ingen kommentarer: