Viser innlegg med etiketten Ekstremsport. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ekstremsport. Vis alle innlegg

20. november 2014

Nykverna kaffe og fersk croissant

Når eg og Tore skulle på ferie i sommar bestemte vi oss for å heller bruke penger på opplevelsar, i staden for reise og opphald. Sjølvsagt, alt kostar, men det går ann å gjere det billig. Vi tok med oss telt, liggeunderlag og soveposar og la ut på tur. Svigers var så hyggelige å låne oss bilen i ei veke, så vi hadde kjempegod plass. Det var utrulig deilig å ikkje måtte bekymre seg over om vi fekk plass til alt!


Telt, bil og ein heller ufrivillig model som fikk streng beskjed om "Smil! Eg skal ta bilde". Om han protesterte veit eg ikkje, trur eg leid av midlertidig "selektiv hørsel" i det øyeblikket.
Presenningen på bildet blei i løp av natta blåst laus, så høyrtes ut som om nokon stod utanfor teltet og slo på bølgeblekk med hammer. Tore gjekk (som helten han er!) ut og henta inn presenningen, sånn at frostpinnen i tjukkast sovepose ikkje måtte bli kald.


Vi spiste frokost på Lom Bakeri, nydelig nybakt brød og croissant og blåbærmuffins. Litt luksus som ein kan unne seg, sidan ein bur så utrulig billig (og upraktisk) på tur!


Medan vi var der gjekk vi rundt i sentrum å såg på severdigheitar og var skikkelege turistar. Vi var på bergmuseet, gjekk rundt stavkyrkja og inn i eit stort gammalt stabbur. Så såg vi Zip-Line'en som Aktiv Lom drifter, og bestemte oss for å utsette avreisen til etter vi hadde fått prøvd dette. Sidan vi var to på tur var det vanskelig å få bilete av nokon som rutsja ned, men kjekt var det uansett.
Siglande ned, over ein svær brusande foss. Eg fekk meg ein god, våt dusj av denne, sidan eg kom over stryket på akkurat riktig tidspunkt, akkurat då den ville sprute, slik som berre eg kan.

 Toppen

 Bunnen


Siste stykket

15. oktober 2012

Eg burde sove lenka til senga

For ei natt det har vore!
Standar rutine for meg på kvelden er å gå på badet, stelle meg, fylle ei flaske med varmevann for så å legge den under dyna, på med pysj og varme sokker og under dyna. Så må eg ligge ei stund for å klare å varme opp senga og dyna, så da leser eg som regel bok. Dette gjorde eg også i går, i tillegg til at eg las litt blogg. Greia var at eg las gravid-blogg/mamma-blogg. Så dette resulterte i ei natt full av rare draumar.
Det heile byrja med at eg vart gravid, litt fram og tilbake, og plutselig skulle eg føde, og før eg hadde fått sukk for meg, voldt eg babyen i handa. Mamma måtte komme springande med håndklær og saks, for å pakke inn babyen og klippe navlestrengen. Mamma trudde ikkje det kom til å gå så fort, men i drømmen tok det 30 min fra eg kjendte noko til babyen var ute. Skummelt.
Så skulle eg sove, og babyen måtte ligge i samme seng som meg. Eg var livredd for å legge meg opp på babyen, så eg dreiv å vokna på ekte for å "passe babyen".
Så gjekk denne drømmen over, og neste gang eg våkna, våkna eg av at eg smeller haudet inn i veggen. Lurt, ikkje sant? Så nå går eg rundt med DEN Donald-kulen i panna.


26. juli 2012

Innbruddstyv, romvesen eller vinden?

I går kveld når eg låg i senga og las bok, ante eg fred og ingen fare. Det var så varmt at eg hadde satt opp vindet for å få litt friskare og "klad" luft, så hører eg plutselig en rar lyd. Den gjentar seg ofte og eg tenker "Så rart?" Plutseleg hører eg det smelle i ei dør, eller eg trur vertfall det, så høyre eg same lyden igjen, og tenker det høyres nesten ut som skjer i noko. Nettingen, kanskje?
Eg lister meg stille og forsiktig bort til vinduet, snubler litt i haugane med skitten tøy eg skal vakse, ferdig sortert. Drar gardinene fra så vidt, akkurat nok til å kikke ut. Eg ser ingenting, men ser at Susanne har høyrt det same, sidan det er lys i vindauget hennar, og eg ser skuggen bevege seg. Så da fant eg ut at da kan eg gå og sjekke, sånn at dersom eg blir .. det var mange tanker i hodet mitt. Eg er så veldig husredd, at der og da slo tanken om romvesen meg. Heh, litt trøtt, varm og redd.
Så går vi ned, slår på lys inne og ute, og nei. Absolutt ingen ting. Susanne henter lykter og vi lyser rundt på plenen, men nei. Det er like tomt som på dag-tid, det einaste som er å legge merke til er kor utruleg varmt det er, greit nok at det er sommar, men det er da vel grenser? Det var jo like varmt som når det er ein fin dag heime med litt vind!
Sidan vi ikkje fann noko var det berre å tusle tilbake til senga. Eg kunne ikkje fatte og begrip kva det var, men noko var det, vi høyrte jo det begge to.

Militæret ass.

TENK å møte han i døra da? Skummelt!

24. juli 2012

Strikkhopp

Vemork brua, 84 meter fra brua til elva
Lørdag 14 juni var eg så vidt komen heim, før eg og Tore snudde nesa mot Telemark og Rjukan. Planen var nemlig at nå skal vi hoppe i strikk. Det var en lang tur, og vi kjørte på relativt dårlige vegar, men det var lite/ingen trafikk så det gjekk litt opp i opp. Vi kjørte til Lærdal, ned til Geilo og endeleg var vi i Telemark. Eg kjente på det at i Tyskland har vi ikkje svinger, tuneller, smale vegar og vertfall ikkje ein god kombinasjon av desse. Det var skikkelig skummelt berre å køyre igjennom Lotetunnelen, så nedover måtte Tore køyre Lærdalstunnelen, eg nekta.
Det hadde regna litt i løp av dagen, og når vi kom fram, begynte det å regne igjen, så det å sove i telt og vakne kald og våt, var ikkje så utruleg fristande, så vi tok inn på hotell.
Vi såg litt TV og sov relativt lenge.
Hotellfrokosten var ikkje den aller beste eg har ete, men det var godt med mat. Sjølv åt eg ikkje så mykje, sidan eg var redd for kva følgje det fekk når ein hoppa i strikk. Ingen hadde fortalt meg noko, så eg fann ut at det var best å vere på den sikkre sida.
Vi kjørte opp/ned til stedet. Vi var begge sikkre på at vi skulle oppover fjellet, men nei. Vi skulle ned i eit juv. Vi kom fram, gjekk bort på brua og såg, og det begynte å kile så smått i magen.
Vi meldte oss på, og da var det berre å vente.
Vi var 22 og 23, og dei var på nr. 10, så  det var ca. ein time å vente. Difor gjekk vi i bilen og satt der å venta, når vi kom ned, var dei på nr. 19, så det var plutsleg ikkje så lenge igjen. Dei hoppa og hoppa, og så var det vår tur å få på oss selane. Tore skulle hoppe først, så medan han hoppa, måtte eg dessverre stå å gjere meg klar. Han hadde eit fint hopp, sa mannen, og eg fekk beskjed om å stige over til den "kassa" som hang på utsida av brua.
Da kom Tore opp igjen, og han såg ut som om han hadde hatt det kjempe gøy! Eg fekk festa strikken, klatra opp på podiet og stod i ein slags "Hands up" stilling. Så hoppa eg, eller du legg deg fram over og hopper når du er i slutten av fallet, og du kan ikkje gjere anna enn og hoppe. 3-2-1 og du faller.
"Hands up"
Og GUD for ein følelse. Det var akkurat samme følelsen eg hadde når eg hoppa ut av flyet, dei alle første sekundene av fritt fall, men den varte mykje lenger, sidan eg nå hadde litt meir høgebegrep enn det eg hadde på 4000 meter.
Sjølvsagt, som alle og ein kvar som kjenner meg hadde forutsett, hylte eg. Eg hylte skikkelig høgt, lyst og lenge. Fritt fall følelsen er så ekkel, på ein god måte altså, at det å ikkje hyle er heilt umogleg for meg.
Endeleg kjente eg strikken ta, og eg spratt litt hit og dit følte eg, sjølv om det ikkje kan kalles sprette heller, sidan det går så lang tid mellom kvar "sprett".
Så kom den "Heise-deg-opp"-tauet, som du skulle ta tak i og feste i beltet. Det var faktisk vanskligare enn eg hadde trudd. For det første så måtte man dra opp tauet som kom ned. Og berre det var litt vanskelig å koble. Så var det å få festa karabinkroken og ha henda i "Eg er klar"-possisjon. Så kjende eg at det begynte å trekke i tauet, egvar på veg opp. Vel oppe fekk eg beskjed om at det var eit fint hopp, og fikk eit "Gratulerer" sjølv om eg ikkje forstod heilt kvifor, der og da.
Så var det over. Like fort som det var begynt. Det var meir eller mindre rett tilbake i bilen å begynne på den lange turen heim. Vi stoppa på Geilo og spiste pizza på peppes og så var det berre å køyre heile vegen heim. Fra Sogndal til Breim sov eg meir eller mindre, noko som var skikkelig digg. Det var veldig langt å køyre for ein (s)liten kropp.

Høgt ned, sa du?


Ingen av bileta er mine, sidan vi ikkje hadde tid til å ta bilete av kvarandre, og ingen av oss hadde kamera.

14. mai 2012

Fallskjermjeger! .. nesten da.

Endelig kan eg skrive eit innlegg som er fylt med fart, spenning og utallige følelser følt på kort tid. Nemlig om det å hoppe i fallskjerm. Det er det kulaste, eklaste, mest ubehagelige og mest fantastiske eg nokon gong har opplevd. Berre for å forklare, så er "mannen min" han som eg hoppa sammen med.
Det heile byrja med at vi sto ved Gaten og venta på fallskjermhopparane.
Kl. 10 møtte vi ei dame som skulle guide oss til stedet. Vi kjørte rundt flystripa, og alle i bilen satt og gira kvarandre opp. Så var vi framme, og da var det berre å vente til det var vår tur til å få på seg drakta for så å klatre inn i verdens minste fly, med tanke på kor mange som var inni det.
Så kom første overraskelse. "Mannen min" hadde ikkje flygerdrakt. Eg hoppa virkelig i dongeribokse, sneakers og (heldigvis) den vindtette skogstad-jakka mi med ein ullforté under. klokka var plutselig 11, og det var like før vi skulle inn i flyet.
Eg fekk på meg en svær sele, og fekk instruksjon på korleis eg skulle holde hender, bein, hode og andre løse kropsdeler under flyturen. Eg og Amalie hoppa ilag. Det var supert å ha ei eg kjendte i flyet, som moralsk støtte på ein måte. "Mannen min" spurte fleire gongar om eg var OK, noko eg trur var fordi eg skalv så inderlig. Eg var nervøs, livredd og iskald, men eg sa sjølvsagt "jaja!"
Eg ser på klokka, og den er 11.30, mannen seie 5 minutter igjen. Etter ein uutholdelig (innbildt lang) flytur, begynte den røde lampen å lyse, den som betyr "Døra er open". Etter eit lita stund lyste grøn lampe, som betyr "HOPP!" Det vil seie vi "endelig" var på 13 000 fot, 4000m, 4km over bakken.
Døra gjekk opp, og første mann var ute av flyet. Eg kjente virkelig at tårene presse på og angeren begynte å komme snikande. Så aka vi oss fram til opninga som nest siste hopperpar. Vinden susa rundt beina mine, og det einaste eg klarer å tenke er "Nå skal eg kaste meg ut av eit fly, eg kjem til å dø."
Tre - to - ein, vi falt. Dei første sekundene var det akkurat som i drømmane når du faller, og du kan virkelig ikkje gjere noko for å stoppe det. Eg hyler. Eg kjenner på den samme følelsen eg har hatt i drømmer, og hyler. Virkelig hyler, eg var heilt seriøst på gråten og liveredd. Heile kroppen seie "NEI! Dette er ikkje riktig". Vi faller og faller.
Det er vanskelig å puste, og eg får panikk. "Pust rolig, sakte og forsiktig!", "Sjå rett fram å konsentrer deg om og puste," var det som foregikk i hode mitt. Det ordnet seg litt, det var ikkje så ille når eg pusta rolig og konsentrerte meg.
Vinden susa rundt øra, litt samme lyden som når du kjører fort og har nede vinduet i bilen, igrun. Du fryser litt, og mannen dunket meg på skuldra, noko som betydde "Fly" med henda. Og eg tenkte berre "Er du gal? Her må man holde seg fast til det lille man har, nemlig selen!!" også dunka han enda ein gong, litt hardare og fleire ganger. Så, OK da, eg skal gjøre som du vil, så eg flydde, svømte og "turna litt" i lufta i mange killometer i timen.
Etter ei stund ser eg ned. Eg ser berre skyer, og begynner å lure på korleis fungerer det egentlig med pusting inne i skya? Er det mulig og drukne? Det er jo i teorien regn, og eg skal falle gjennom der. I mange killometer i timen. Hmm.
Vi for inn i skya, og eg fekk panikk igjen. Virkelig. Det var det eklaste eg har vore med på. Eg såg ingenting, eg begynte egentlig å lure på om eg var aleine eller om eg fortsatt hang fast i "mannen min". Trykket i øra begynte å bli ganske uutholdelig og eg prøver å gjespe for å få det vekk, men eg klarte det ikkje fordi det kom så mykje luft og kjakane mine begynte å flagre, akkurat som på film.

Vi kom ut av skya, og eg ser mange, store, firkanta åkere, og plutselig blir alt stille - fallskjermen er opnet. "Mannen min" tar av meg brillene, som for øvrig er fulle av tårer. om det er på grunn av vinden eller redsel, veit eg ikkje. Eg blåste ut det meste av trykket i øra, og begynner og innsjå kvifor folk ønsker å hoppe i fallskjerm. Det var nydelig.
Når du ser ned, ser du bakken i miniatyr og dine egne bein hengane i frie lufta, som gjør at dei ser ut som kjempe-bein i forhald til dei modellflyene som står på bakken.
Han gav meg "styre-trådane" og kobla fra hoftene våre, og eg hadde full kontroll over situasjonen igjen.
Så tok han i dei sammen med meg, og vi svinga. Korketrekker. DØDSKULT. Var litt sånn "woho, karrusell!"-stemning oppe på himmelen da! Så segla vi - nei cruisa litt rundt oppe på himmelen, hylte litt og svinga hit og dit, og berre nytte livet. Så var det landing og det gjekk fortare enn det ser ut i fra på bakken. Plutselig sto eg med begge beina planta på bakken, full av adrenalin, og klokka er 11.45 - ferdig!



Illustrasjonsbilete