17. mars 2013

Bilen min er borte!?

Hei,

I går var eg ut sammen med nokon av jentene i klassa. Det var ein kjekk kveld, med litt spenning. Vi tok taxi heim rundt 01.45, og når eg kom heim og gjekk ut av taxien begynte eg å stusse litt. Det var nemlig bilspor i fra nedsida av huset, der bilen min står. Eg skjønte jo ingenting. Kven skulle ha køyrt der? Husverten er vekke (trur eg. Evt. veeeldig stille heile helga?), og Tore er ikkje her, så det første som slår meg var at bilen MÅ jo vere stjelt! Eg kjenner hjartet begynner å pumpe litt ekstra, og eg tusla rundt hjørnet, og får sjå at bilen min er vekk. Oh no!
Det som er greia, er at i eit par sekunder innbiller eg meg at den var ståle. Eg hadde jo køyrt bilen til vors! Den står trygt parkert opp med Linn og Beathe. Men skal sei eg fekk panikk. Var like før eg ringte Tore altså!

1. 2. 3. 



Ingen kommentarer: