3. mars 2013

Musikal og barnebursdag!

Hei,

For ei helg det har vore. Fredag kjørte vi heim like etter Tore kom heim fra jobb, slik at vi rakk ein kjapp middag før eg og Amanda måtte springe ut døra igjen, sidan vi skulle på musikal. Musikalen vi såg var Eid VGS sin oppstting av Hairspray, og eg har berre ein ting å sei, himmel for eit show! Så mange på scena og så mange utrulig dyktige sangarar, dansarar og skodespelarar. Det er utrulig kva dei får til, med Michael Pavelich i tet.

Så kjørte vi ned igjen på laurdag sidan, eg skulle i bursdagsfest til fine Dina. Det vart ein tur ned "memory lane", sidan vi fekk bursdagshatter, godteposer, kopper med navn på og sang bursdagssang. Vi avslutta kvelden med ein fin kveld på træsken. Kjeekt!

Litt smådårlig.

Ingen kommentarer: