5. mars 2013

Oppskrift: Kyllingnuggets

Hei,

Resultatet av middagen var heilt konge! Det var ikkje vanskelig å lage, og krevde ikkje store kjøkkenkunnskaper for å klare å lage. Einaste er at du er nødt til å vere forsiktig med oljen når du steike den. Det er trossalt mykje varm olje, og det kan fort skje ulykker! OBS!

Dette er nok til tre svolte kara, eller ein middag til fire, det kjem også ann på kor mykje tilbehør du har til.
Til meg og Tore var det nok med ein halv kyllingkjøttdeig.

Du treng:

1 pakke kyllingkjøttdeig
1/2 ts salt
1/2 ts pepper
1-2 dl kveitemjøl
1-2 egg
1-2 dl griljermjøl (strøkavring)
5 dl olje (solsikke eller raps er best) evt. frytyrkoker, om du har det


Bland kjøttdeig, salt og pepper.
Mål opp mjøl og griljermjøl og ha i to skåler.
Visp sammen eggene
Rull kjøttdeigen til små baller, dypp i mjøl, så i egg og til slutt i strøkavringen.

Alt er klart, mangler berre å rulle ferdig kjøttboller og steike dei.

 Varm oljen, og pass på å ikkje ha oppi kjøttbollane før oljen er varm. Du kan gjerne varme den opp, og senke temperaturen litt på omnen, på denne måten er det litt lettare å holde kontroll på at dei ikkje blir brente.

Det som er fint med dette, er at dei går veldig fort å steike. Tok meg vel 5 minutter å steike alle. Så det er mulig å rulle dei litt før, også steike dei like før alt er klart.

Server med potetbåter/pommes frittes, salat av eget ønske.

Ingen kommentarer: