5. desember 2015

Pustepause

Oj. Blei ei lang pause dette her. Etter å ha levert oppgåva blei det totalt avslapping og fokus på å bli frisk. Så når eg var blitt frisk starta eg med eit prosjekt; maling av kjøkkenbord. Tidligare har eg kun mala veggar, så dette er veldig lærerikt. Nå har alle flater fått seg en og fleire omgangar med grunning. Bein og toppflater har fått seg to og tre strøk med maling, så nå må det tørke til brukstørt så eg får snudd dei og mala undersida. Etter eg begynte fekk eg vete at det burde ha ei veke til å herde på før det får hard belastning. - Hadde eg visst det litt før, hadde eg nok venta litt slik at det fikk herde over juleferien, men nå er det berre å male ferdig slik at vi får tilbake stovegulvet vårt.

Det er kanskje vanskelig å sjå, men det er ein lys-lys-lys kald gråfarge.


Levert bachelor blei feira med vafler og adventslys.

Adventsbasar i Bygstad - vant som vanlig ingenting

Ingen kommentarer: