25. oktober 2012

Å fly fra redet før ein er klar.

Hei,

Dette blir vel det mest personlege innlegget eg har postet så langt medan eg har vore i forsvaret. Eg tenkte egentlig eg skulle fortelle om korleis det egentlig føltes å flytte frå dei trygge omgivelsane heime på Stårheim og Erviksætra til Stavanger og til slutt ut i den store verda, til Tyskland.

Når eg var i Stavanger visste eg ikkje om så mange av tilbuda. Eg skulle jo i saniteten på Sessvoll og vidare på skip. Så hadde vi infodag, og eg ønska plutselig at eg kunne gå førstegangstjenesten minst tre gongar for å kunne gjer alt eg ville. Eg hadde lyst på NATO, kongeskipet, kystvakt og litt anna i tillegg til saniteten nå. Det var vanskelig å bestemme seg, sidan vi hadde relativt kort tid å tenke seg om på, men eg fann ut at det var best å søke på alt, og heller kunne takke nei.
Når vi fekk utdelt stillinger, hadde eg mest lyst på NATO, men fekk kongeskipet, og blei utruleg fornøgd med dette. Så opna NATO stillinga vart opna, og igjen måtte eg velge. Det store utland, eller tjeneste på båt. Eg ville jo så gjerne begge deler! Men pila halla mot NATO. Slike moglegheiter er ikkje ofte du kjem bort i, så eg fann ut at det fekk bære eller briste.

Eg fekk berre ei helg heime. Eg landa fredag 21.30 og tok av fra Sandane igjen mandag ettermiddag.
På den tida fekk eg sett dei viktigaste, sagt hei og ha det igjen og pakka ut det eg ikkje trengte meir.
Det var vanskelig å ha vore vekke frå alt kjendt i 2 månder, og berre få ei lita helg heime. Vertfall når det var første gongen eg nokon gong var vekk fra mamma og pappa så lenge. Tidligare hadde eg vore vekke i litt over tre veke, men det var ikkje det samme.
Dei to første helgane var på relativt "harde" fester, om du skjønner kva eg meiner. Eg sleit virkelig med heimlengsel. Stakkars Tore vart vekt midt på natta av ei litt beduggen Nina som gråt. - og det hjalp ikkje på det at alle som var der heile tida snakka om kor få ganger dei var heime, at det var null problem å vere her, så eg gjorde som eg alltid gjer, eg skjulte følelsane mine, heilt til vi kom på fest, og begynte å drikke, og eg tilslutt ikkje klarte å skjule det. Nå må dokke ikkje misforstå her, eg drakk ikkje fordi eg følte meg fæl! Eg klarte meg fint, heilt til alkoholen kom å øydela min kontroll. Så da blei det lite festing (for min del vertfall, og eg lærte å kontrollere inntaket mitt når eg er ute blandt folk mykje betre.) Det har blitt mange ferre dager med "dagen der på", berre fordi eg ikkje har drukke så mykje- Og eg er stolt over den erfaringa.

Det å flytte heiman frå var ei viktig erfaring, og eg vokste mykje på det. Sjølv om det var hardt, og det lenge føltes som om eg ikkje var klar for det, viste det seg at eg var meir enn klar nok.

Denne songen er fin, når det kjem til det temaet.

Ingen kommentarer: