12. oktober 2012

Fram og tilbake, er ikkje like langt!

Dei siste dagane har vore utruleg innholdsrike. Fredag reiste eg heim, og som alltid når eg er ute å reiser, så må det alltid skje noko spennande. Denne gangen var toget mitt forseinka. Så mykje, at når eg kom fram til gate, var boarding begynt.
Flyet var meir eller mindre i tide til Oslo, så eg hadde god tid igjennom toll og innsjekk. Så begynte eg å bli sulten, men Gardermoen er så grådig dyrt! Så det ble til at eg venta til eg kom heim. Når eg var heime fekk eg mamma sin heimelaga pizza! Hurra!
Etter en lang dag med reisint, var det natta-tid og "tidlig" opp, sidan eg og Tore skulle møte Renate på kafé før ho reiste til Oslo og vidare til Tyrkia (Heldig!).
Vi var også inn i operahuset for å hilse på opera-folka. Så bar det heim for å lage heimelaga wok. Alt untatt sausen, det var godaste toro som laga. Himmel så godt det var. Friske grønnsaker, nudla og bearnesaus. NAM!
Ellers så var søndag en dag der vi spiste mykje. Lunch hos pappa, te/kaffe hos Mons og Bente og fårikål   med mamma.
Til en forrandring var det Tore som reiste fra meg denne gangen, siden han ikkje hadde fri mandagen. Det var litt tungt å sei ha det, sidan eg ikkje får sett han skikkelig på nesten 3 månder. (Bare 67 dager igjen nå!)
Så kom mandagen, der eg sov lenge, fekk pakka og slappa av. Så gjekk turen på kafé med Hanne, Johanne og Hege.
Hanne var ein engel og køyrte meg til Florø, der flyet mitt skulle gå ifra. Turen var fantastisk! Vi sang til Madonna/Glee og prata om laust og fast heile vegen, Hanne rakk å forelske seg i bilen min som forresten har hatt EU-kontroll og hadde 0 feil. Flott!
Så gjekk turen til Madla. Vart henta av onkel og Cesilie på flyplassen, og fekk ta turen til Mosterøy for å sjå korleis huset dei har kjøpt seg ser ut. Dei har kjøpt seg eit oppussingsprosjekt, men dei var kommet langt, og det var blitt fint det som var gjordt. Gleda meg til å sjå når det er heilt ferdig!
Det å gå inn porten på Madla igjen var veldig rart. Vi budde i b-blokka, sammen med Vakt og sikring og MP. Veldig hyggelige folk, det lille vi snakka med dei.
Foredraga gjekk greit. Det ble litt på sparket, men det klarte vi. Eigentleg var det berre eg og Amalie som skulle opp, men når eg kom til Madla, sa Amalie at Honar også er her, så det var kos.

Eg er glad for at vi var så mange, sidan vi hadde meir enn nok å gjere på stand. Himmel altså. Følte eg prata hull i hodet på alle som var der, men hei, dei spurte!
Det var mange som var interesserte og ein god del gode kandidatar. Så kan trygt seie eg er nyskjerrig på kven som kjem nedover! - SPENT.
Hei! Vil du ta over jobben min? 

Ingen kommentarer: