12. februar 2012

Eg trur eg dør. Men det er gøy!

Dersom noken hadde sagt til meg at eg skulle springe ei heil mil sammenhengande ein gong haddeveg ledd og sagt "yeah, right." Men på tirsdag så sprang vi HH-løpet. Det var noke av det verste eg har vore med på! Vi sprang tropp-vis, og 5.1 var først ut. Vi sprang og sprang og det virka som om det aldri slutta å komme nye svinger rundt det jævlig store vatnet. Det var fleire ganger ned den bakken at eg tenkte "dersom eg sklir her, da brekke eg beinet. Det hørtes fint ut!" Det tok heile 66 minutt å springe rundt. Og siste 4 km gjekk det på pur vilje. Å springe dei siste 100 meterane er det tyngste eg har gjort i heile mitt liv. Petter (han som pusha meg nesten heile vegen) meir eller mindre drog meg over apell-plassen. Når vi kom i mål var eg så sliten at eg berre lo og grein om kvarandre. Den lille koppen med saft-greier var det beste eg hadde smakt på lenge, og det seier litt..!
Vi har forberett oss en del på øvelsen vi skal ha neste veke. Mykje telt-bretting, multi-fuel pussing og pakking av sekk.
Vi har også vore på skytebana. Eg hadde aldri trudd skyting skulle vere gøy, men det var det faktisk! Eg fekk ikkje til liggande, men kneståande og ståande gjekk faltisk veldig bra. Noke som var kjekt siden nesten alle andre fekk liggande mykje bedre til.
Alle på troppen fekk også oppleve at vi har en ulykkesfugl på troppen. Ho heiter jo da Rekrutt Selstad. Ho tok av seg vernebrillene, og akkurat da flaug det ei varm patron forbi, som landa på siden av auget hennar. Så ho fekk brannsår på siden av auget og krutt inn på auget. Så ho gjekk rundt med ein svær bandasje på haudet og såg ut som om ho hadde kløyvd haudet i to og prøvd å lappa det sammen, om du setter det litt på spissen..
Vi har også hatt retest av styrke og 3000 meter. Eg sprang ikkje, siden eg har fått strekk.
Men eg gjorde det bedre på alle styrketestane. 10 hangups, 10 pushups pg 21 situps ! Meget fornøgd.
To be continued...

2 kommentarer:

Kristina Kvåle sa...

så flink du er, ninnimin! <3 savna deg her heime, når kjem du heim på perm??

Anonym sa...

Artig å lese bloggen din :) Du e jammen tøffe <3 Pass godt på deg sjølv no då :)
-May Iren