18. februar 2012

Feltveke, krig og kongeskipet

Da var vi kommet tilbake fra feltveke. Himmel for eit opplegg. Sjølv om det vart meir søvn og mat enn eg trudde, var det likevel slitsomt. Når eg våkna i dag tidleg føltes det ut som eg var skikkelig fyllesjuk. Det var ikkje så kult.
Vi reiste ut til Evje på mandag, og satt på buss i ca. 4 timer. Endelig framme, så var det å drasse alt av utstyr opp på teigen vår. Det var mykje kortare enn eg hadde trudd det skulle vere, siden eg hadde sett for meg at vi skulle gå og bere på sekken i fleire Roma. Det skjedde heldigvis ikkje. Vi kom fram, fekk utlevert teltplass og kom igang med oppsetting av telt, plassering av BC og latrine, og fyrt opp i multifuelen. Så var det litt leksjon i lyd og lysdisiplin. Det var egentlig overraskande å sjå kor mykje lyd og lys kunne avsløre deg og kor godt det egentlig hørtes.
Tirsdag var det mykje leksjon. I tillegg fekk vi vite neste tjenestested. Og Menig Erviksæter skal tjenestegjøre på Kongeskipet Norge! Linn fekk sitt ønske om fregatt og er overlykkelig siden ho får ha våpen i tjenesten. onsdag begynte alvoret. Da var det litt leksjon, før feltgudstjenesta var kl . 18.00 og det var krig. Etter feltgudstjenesta fekk alle ein kopp saft og ei 200 grams sjokoladeplate. Det var virkelig ei fantastisk overrasking. Alle var overlykkelig på grunn av den sjokoladeplata. Heile onsdagsnatt og torsdag gjekk med på å observere Fi(fienden) og sitte på vaktpost. Torsdagskvelden vart det action. Vi gjekk fra grøn beredskap, (1 fyringsvakt, 1 mann på vaktpost) til gul beredskap (1 fyringsvakt 1 på vaktpost og 2 KTS( klar til strid) i telt, ganske ofte. Så blei det rød beredskap. Det vil seie 50% på stilling ( vaktpost) og 50% KTS i telt. Medan det pågikk, var lag Alfa ( mitt lag) på VKP (veikontrollpost) og det var da Fi angreip. Det var rød fis over alt, heliosane fløy over alt og det var totalt kaos. Det er det gøyaste eg har vore med på, på lenge. Det var nesten akkurat som da vi var små og leika "piom piom" i skogen. Etter set, fekk dei som ville vere med å angripe Fi med eit ildhåndgrep. Tøffaste jentene på troppen, meg og Linn var jo sjølvsagt med på dette. Det var artig å snike seg fram, prøve å ikkje lage en lyd samtidig som vi måtte bevege oss fort fram. Plutselig høre eg "piiiiiiiiiiiiip" og ser eit rødt lys som fyker opp. Vi hadde gått på en snublebluss. Alle 24 ned på bakken og nå fauk kulene. Det sa pang over alt, befalet skaut med flerskudd og vi stakkars rekruttene på enkeltskudd med ladegrep mellom kvart einaste skudd.
Etter dette, var det tre timer søvn, nedpakking av leir og buss tilbake og så var det oppskver. Pussing av multifuel, primus, vask av liggeunderlag og alt anna som vart brukt.
Det var ei kjekk, slitsom, skitten og våt veke, men alt i alt, en fantastisk tur, der du var godt kjent med alle sammen.

1 kommentar:

Unknown sa...

Kjekt at du skriv, Nina.
Har fått litt interesse for KNM dei siste par åra (kvifor det, skal tru?), og likar å følgje med på korleis det går med marinejentene frå bygda. :)