21. november 2015

Stress. Stress. Stress.

Hei!

Lenge sidan nå, men bacheloren tek opp meir og meir av tida mi. Nå er det under ei veke igjen, og eg kjenner det er begynt å bli ganske skummelt. Eg føler meg ferdig, men har litt ferre ord enn eg skal ha, og fikk beskjed med veileder om at det er tid for å begynne å "prike" på formuleringer og lignende. Fare med det, er berre det at når ein ser på formuleringer vil det begynne å falle frå endå fleire ord. Så eg er litt stressa på innsida for tida. I tillegg til Bachelor, har eg ei oppgåve til Ambulansen som må gjerast ferdig. Har heldigvis fått utsat fris på denne, men det er ei ganske omfattande oppgåve denne gongen, så eg stressar litt med denne også. Oj, mykje stress her nå!


Dei fleste som har holdt på slik som meg nå, med oppgåveskriving eller lesing til eksamen kjenner seg veld igjen i kva eg skal snakke om nå. Prokastinering. SÅ kjekt å vaske leilighet i steden for å skrive oppgåve! I år har mi prokastinering gått veldig ut over strikkinga mi og julegåveplanlegging. Så eg har strikka mykje og er ferdig med nesten alle julegåvene for i år. Spørs om ikkje dei fleste er klar til 1. desember? Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko ;)


Er du i mål med årets julegåver?

Ingen kommentarer: