23. november 2015

Bachelorfølelser

Heia bloggen!

FOR en dag. Før helga følte eg Bacheloroppgåva var oppoverbakke med en topp som var like høg som Mount Everest. Så mykje som skulle ordnast og skrivast og fiksast og skrivast og .. HJELP! Etter dagen i dag, derimot har eg fått meir oversikt, fått fiksa mykje og er faktisk begynt å rettskrive oppgåva. Kjempegreier. Fristen er i skrivande stund faktisk berre tre døgn og 15 timar unna. Eg trur eg aldri har hatt lignande potpuri av følelser. Spenning, redsel, nervøs, lei, motivert, umotivert, stressa, glede, angst, vemod og heilt sikkert mange andre som eg ikkje kjem på for øyeblikket.



I tillegg har eg sprunget ei heil MIL i dag. Eller jogga da. Og gått. Fekk av ein eller annen grunn veldig høg puls fryktelig fort. Snodig. Good night ppl!

Ingen kommentarer: